Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

          
Handelsmann Trygve Nordgulen
Forfatter: Ingolf Austgulen
 Publiseringsdato: 19.09.2004

Rundt 1960 tok Trygve Nordgulen over som postopnar på Haveland etter far sin. Han sette seg opp hus ved Sjoarléet, og flytta postopneriet dit frå det leigde kontoret i butikkhuset til Henrik E. Haveland. 


Utsikt mot vågen og kaiområdet. 
Post og butikken til Trygve Nordgulen i bygget midt på bildet. 
Foto: Ingolf Austgulen. 
  

Alle gardbrukarane i bygda leverte på den tid mjølk til Nordgulfjorden Meieri, som hadde eigen bygning på kaia. Dit kom 25 leverandørar kvar kveld og morgon med mjølka si. Så handla dei det dei trong på butikkane før dei gjekk innom Posten for å hente aviser, brev og annan post - og betalte rekningar eller sende brev. 

Utover på 60-talet tok det slutt på forretningsdrifta ved kaia, og Trygve Nordgulen opna butikk i huset sitt vet Sjoarléet. Denne dreiv han, delvis med innleigd hjelp, fram til byrjinga av 70-talet. 

Han var ein godt likt handelsmann; kjende folk i heile kommunen og trivdest med å ha det travelt. Men då han tok over drifta på odelsgarden i Nordgulen, ofra han all si kraft der. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal