Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

      
Nyhamar - sentral samlingsplass på Hisarøy
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 13.07.2004

På Nyhamar var det i mange år to forretningar, begge låg ganske nær kvarandre i Nyhamarvågen. Fredrik Nyhammer var fødd i 1896, og overtok rundt 1927/28 varelageret til Marie Grimstad, som hadde drive butikk i første høgda hos Anton Nyhammer. Han fann betre plass i sjøbua si og innreidde nye butikklokaler der. 

Fredrik Nyhammer var gift med Borghild Jensdotter Brekke, fødd i 1896 i Tjuvik. Butikken i sjøbua låg slik plassert at ein frå bustadhusa kunnne sjå når det kom kundar for å handle. Faste opningstider var det ikkje snakk om på den tid. Det var heller ikkje vegar på Hisarøy då, så mest all samferdsle måtte føregå sjøvegen. 


Nyhamarvågen. Forretninga til M. Wesetvik, kvitt hus lengst til venstre. 
F. Nyhammer, sjøbu midt på bilete. Foto: Bjarne Nyhammer. 

 
Dotter til Fredrik Nyhammer, Oddlaug Sævareid – som bur i Tysse – fortell vidare : 

”Det var få som hadde motorbåtar den første tida vi dreiv butikken; dei fleste kom roande for å handle. Det var for det meste folk frå Hisarøy, Mjånes, Navdal og Tjuvik som handla hos oss, men det hende og at det kom folk frå Sula (Solund) og øyane vestom Hisarøy. Hadde dei lang veg, hende det ikkje sjeldan at dei var oppom hos oss og fekk ein kopp kaffi. 
Det var på butikken folk treftes før i tida, og då hadde folk tid til å prate og frette nytt. 

Det var ikkje så flust med pengar heller den gongen, så folk måtte gjerne kjøpe på ”krita”. Dei var forsiktige med pengane, og sløsa ikkje på noko vis. Det vart fortalt om ein eldre mann som skulle handle ymse ting til hushaldet, blant anna skulle han kjøpe sirup. Då han høyrde at me tok 10 øre meir for kiloet enn dei gjorde hos Sandal i Eivindvik, rodde han til Eivindvik og kjøpte sirupen der. ”Pengar spart er pengar tent”, tenkte mannen, og fekk ein rotur ekstra kvar veg for å spare desse øra. 

Far var ein ivrig fiskar, og var mykje vekke på sildefiske om vinteren. Då var det mor og vi borna som måtte styre butikken. Når storsildfisket byrja om vinteren, skulle notlaga utrustast med reiskap og proviant, så vi leverte ein god del av dette til dei. I 1952 fekk far sitt første hjerneslag og blei ufør. Då var det Jostain, bror min, som tok seg av butikken. Men far døydde etter eit nytt slag i 1955, og så vart butikken lagt ned året etter”. 

------------------------------------------------------------ 


Nyhamarlandet sett frå Stevnebøfjellet med Solundfjella, Lihesten og Sognefjorden i bakgrunnen. Nyhamarvågen midt i bilete. Foto: Bjarne Nyhammer. 

Mikael Wesetvik 

Mikael Wesetvik f. 1900 kom frå Vesetvik i Gulen. Han dreiv handel på Oppdalsøyra og hadde busett seg der saman med Ida Opdal f. 1900 som var dotter til gardbrukar Ivar Opdal som hadde tildelt forretningstomt til dei nygifte. 

I slutten av tjue-åra starta han opp med filial-handel på Nyhamar, - og vart verande i butikken i mange, mange år på Nyhamar. Anton Nyhammer stilte butikklokaler til rådighet for Wesetvik - i første høgda i bustadhuset. 

Mikal Wesetvik hadde motorbåt - og kom regelmessig til Nyhamar for å sjekke drifta, rekneskapsoppgåver m.m. - noko som var pålagt dei som hadde filialdrift. 

Til Nyhamar kom det kundar også frå gardane på austsida av Nyhamarsundet, noko som talde godt med når det var to forretningar på Nyhamar som skulle få nok omsetning. I alle fall så held drifta av desse to forretningane fram til ut i femtiåra. 

Wesetvik la ned drifta omkring 1954, - det året han overtok drifta av den andre butikken som var på Oppdalsøyra (I. Austgulen). Der fekk han då alle som budde i Austgulfjorden som kundar, - og slapp å ofre seg for filialdrifta på Nyhamar. I butikken til Wesetvik på Nyhamar var det, etter at Olga Vesetvik slutta, fleire unge damer som styrde butikken. Innslag frå kundar på Hisarøy nevner spesielt Edel Bjølseth frå Bergen, og Solveig, dotter til Wesetvik. Godt likte begge to. 

-------------------------------------------------- 


Vårpuss på gavlbåten med Konrad Stendal på dekk. 

STRAUME.....over sjø og land 

Konrad Stendal fortel : 

”Då eg var unggut, var det to som dreiv landhandel på Nyhamar. Det var Mikal Wesetvik frå Oppdalsøyra som hadde filial i kjellaren til Anton Nyhammer, og Fredrik Nyhammer som dreiv butikk i sjøbua si, og der var det forretningsdrift fram til 1956. 

På grunn av Hjartås-vågen som nesten deler Hisarøy i to, vart det alltid brukt båt når ein skulle handle. 

Men me rodde ikkje heile vegen; me rodde over Hjartås-vågen, og så gjekk me til Nyhamar. Heimatt bar vi varene i kipe på ryggen. Eg hugsar det var ein gong eg hadde fått 10 øre, mens ei byjente hadde også 10 øre. Me gjekk rundt vågen – ca 7 km – og kjøpte kvar vår pose med drops. I 1939 var 10 øre pengar. 

Under krigen var det ei byjente som stod i butikken til Mikal Wesetvik. Ho heitte Edel Bjørseth, og elles trur eg at dotter til Wesetvik, Solveig, var på butikken til faren på Nyhamar ei tid. Me unge likte veldig godt desse to. 

Etter krigen fekk me motorbåt på Straume. Då vart det lettare, og me som var ungdommar, reiste alltid til Nyhamar laurdagskveldane når rutebåtane ”Værøy” eller ”Nesøy” kom frå Bergen. Og då hjelpte me til med å bere varene til butikken. Vi henta også posten. 

Eg hugsar godt Petter Nyhammer, son til Karl Nyhammer. Han var ein stor kar - 2,05 m høg - som var fødd i 1925. Han kunne ta brødkassen full i brød på skuldra og bere han til butikken ca 70 – 80 m. Ein slik brødkasse var ikkje lett ! 

Det var fint med dei gamle butikkane. Det var inga stengetid; vi fekk kjøpe varer enten det var seint eller tidleg, hugsar eg. Det var ikkje lett å drive handel i den tida. Barneflokkane var ofte store, og det var knapt om pengar hos dei fleste. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal