Oppdalsøyra - der folket i fjorden møtast
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.02.2004 19:30
Mikal Wesetvik var fødd i Vesetvik i 1900. Faren
var fiskar, hadde eige notbruk og var blant dei mest kjende i samband med
sildefiske i Byrknesøyane og ute i Solund. Mikal valde bort sjøen,
gjekk handelsskule med tanke på å skaffe seg eiga forretning.
Mange bygder i kommunen hadde ikkje fått sin handelsmann
på den tid, så der var håp om å få til noko.
Han var trulova med Ida Opdal, fødd i 1900 på Oppdalsøyra,
og då far hennar kom med tilbod om å få overta passande
forretningstomt på fleire mål nede på øyra-området,
var det berre å slå til. Eit høveleg forretningsbygg
kom opp, og snart var kundane på plass og handelen i gang.
Oppdalsøyra og gardane Opdal. Butikkar og bensinstasjon
nærast sjøen.
På same tid fekk Ingvald Austgulen, fødd
og oppvaksen i Austgulfjorden, innreidd butikk i bustadhuset til Hans Opdal,
naboen til Ivar Opdal.
Dermed var der alt frå 1925 to butikkar på
Oppdalsøyra., der folket rundt fjorden tidlegare hadde måtta
reise til Nyborg (Guløy) eller Eivindvik for å handle forbruksvarene
og elles det dei måtte ha bruk for.
Austgulen måtte ganske snart vurdere flytting av
butikken ned på ”flatlandet” for å bli konkurransedyktig.
På den måten kom det opp to ”småmagasin”
godt oppfylte med litt av kvart, - og noko attåt fanst også
på sjøbuene deira.
Handelsmenn var gjerne ”stå-på”-typar, optimistiske
av legning, og når dei begge hadde filialdrift – Wesetvik på
Nyhamar og Austgulen på Furenes der dei var busett – blei det jamnast
eit godt tillitsforhold dei to imellom. Heilt fram til 1953 var begge forretningane
på Oppdalsøyra i drift.
Kjøpekrafta hos folk i Austgulfjorden var god;
der var dyktige bønder som leverte førsteklasses produkt
både til smørlaget og meieriet, som seinare vart etablert
i bygda på slutten av 50-talet. Ein kunne spesielt registrere at
der var sterk konkurranse om å ha dei beste mjølkekyrne og
dei sprekaste hestane.
Mellom 1950 og -53 blei forretninga til Austgulen leigd
bort til Thor Eide frå Eidsbotn, og i lag med systra si, Ingebjørg,
dreiv han handel parallelt med lastebilkjøring i fjorden. Så
– i 1953 ville Eide ta seg ein periode på Svalbard. På same
tid vart helsa til Austgulen svekka, og han fann at vidare drift på
Oppdalsøyra ikkje var realistisk. Mikal Wesetvik fekk difor tilbod
om å overta forretningsbygg med butikken og tomta som høyrde
til. Overdraginga gjekk greit, og Wesetvik kjøpte samstundes lastebilen
til Eide.
Det vart nå eit langt betre kundegrunnlag for handel
i bygda, noko som passa til utviklinga i tida. Større innkjøp
gav betre driftsvilkår til beste for kundane og den forretningsdrivande.
Etter nokre år fann Wesetvik grunn til å satse på større
butikklokale, som ville gi kundane eit langt rikare varetilbod. I 1965
sette han opp eit tidsmessig forretningsbygg godt plassert nær hovudvegen.
Forretningsbygget til Magne Wesetvik.
Magne Wesetvik, sonen - fødd 1938, hadde på
den tid stilling nær Oslo. Han fekk nå eit vanskeleg val; skulle
han dra attende til Oppdalsøyra og halde oppe familiebedrifta ?
Faren trong og ønskte avløysing.
Kommunen var på den tid inne i ei rik utvikling;
bygda fekk vegutløysing i 1964, bilar kom på vegane m.m.
Alt var så mykje enklare enn då Magne voks
opp og var med i butikkarbeidet i unge år.
Han valde å dra attende til heimkommunen i 1970,
moderniserte butikken og fekk seinare bensinstasjon til staden. Han var
gift med Gerd Gundersen (f.1939).
Ved sida av forretningsdrifta på Oppdalsøyra
tok Magne Wesetvik imot tilbod frå John Kjellevold på Dalsøyra
om leige og drift av butikken der, etter at Oddmund Sandnes, som hadde
drive butikken, fall frå i 1975.
Magne satsa i stor grad på sjølvbetening,
noko som slo godt an, men etter fire år fann han og kona ut at det
blei for travelt med to forretningar. Å drive butikk i den tida gjekk
mykje på å bringe varene heim til kundane, og ikkje lite av
dette arbeidet måtte gjerast etter ordinær arbeidstid. Forretningsdrifta
på Dalsøyra blei overtatt av to kvinner der ifrå, og
Wesetvik satsa for fullt vidare med forretninga på Oppdalsøyra.
Ved sida av butikkarbeidet kom Wesetvik med i kommunepolitikken
og møtte fast for Høgre i fleire periodar. Gerd, kona hans,
har i alle år vore hans faste og beste medarbeidar i forretninga,
eit samarbeid som har lagt grunnlag for at forretninga framleis blomstrar. |