Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
OPPEDAL HANDEL
Forfatter: Torleiv Sognnes
Publiseringsdato: 07.02.2004

Mons. J. Oppedal (f.1888) starta i ung alder – truleg like etter 1905 - med litt småhandel i ei gamal stove på heimegarden. Det var også rundt århundreskifte at FSF (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) la Oppedal inn som stoppestad på ruta. 

Ekspedisjonen vart første åra driven med far til Mons som ekspeditør. På denne tida vart det òg oppretta post, og telefonstasjonen kom i 1914, som resultat av at det vart bygd telefonline (koparline) lang fjorden frå Dalsøyra til Vik. Stasjonen vart lagt til den nye eigedomen Nesttun ved sjøen. 


Oppedal sett frå Sognefjorden.

I 1911 fekk Mons utskilt tomt frå heimebruket bnr. 1, og så oppretta bnr. 10 ved sjøen. Bruket fekk namnet Nesttun, samstundes tok han sjølv dette som namn. 

Etter at han kom frå militæret om hausten, byrja dei straks å leggja til rette for bygging. Våren 1912 fekk dei levert ei båtlast med høvla og pløgd plank frå Skjerjehamn til nytt hus. Halve kjellaren vart innreidd til butikk, og i denne handla familien Nesttun daglegvarer fram til mars 1958. 

Dette året tok Magna Sognnes, kona mi (yngste dotter til Mons) og eg over drifta av forretninga. På Oppedal hadde ein ikkje kai, slik at ein måtte ha ein litt større båt for bording av rutebåtane. Dette var eit hardt arbeid med mykje slit i all slag vér - gjerne nattetider med venting og sjørokk. 

Ei kai av tre var bygd, men så verhardt som det var, vart det mykje reparasjonar. I 1954 fekk ein den kjende kaibyggaren Elling Haveland til å bygge betongkai. Det var ein stor kostnad, då ein måtte langt ut frå land. Det gjekk mykje jern og sement til dette anlegget. 

Det bør nemnast at naboane ytte god dugnadshjelp. Dei sytte for å få støypesanden på plass - alt saman vart lessa for hand på den tida. Bilvegen mellom Ytre og Indre Oppedal vart påbegynt i 1936 - men vart ikkje ferdig før først i 1950 åra. 


Kaia på Ytre Oppedal kring 1950. Ytst ligg "Bjørghild" i mjølkerute på Høyanger. 
Dei sjøgåande mjølkerutene var ein sentral del av den lokale samferdsla i mange bygder, før trafikken gjekk over på vegane. Foto utlånt frå Torbjørn Sognnes.

Frå august 1958 vart eg tilsett som postopnar og postbod for ruta til Indre Oppedal, og same året reiste eg til Bergen og kjøpte ein Morris varebil modell 1947. 

Dette var den første småbilen på Oppedal. Frå før var det ein lastebil på Indre Oppedal - den vart mykje godt brukt til å kjøra grus, ved og andre tyngre varer. Bilen min var i mange år ein trufast tenar til vare- og anna småkjøring mellom gardane på Oppedal. Elles bør ein kunna sei at vareutvalet var enkelt, for ein satsa på varer kundane hadde bruk for. 

Etter at vi bygde nytt og større hus, vart underetasjen innreidd til postkontor og butikk på 66 kvadratmeter. Dette vart teke i bruk i 1965. 

Butikken vart driven fram til 1980-talet, då tida for småbutikkane var byrja renna ut. Postruta vart nå utvida til Ikjefjord og Bjordal, slik at det vart lite tid til butikkdrift. 

Med den sjøgåande mjølkeruta ”Bjørghild” i nesten dagleg rute til Høyanger fekk folk dekka sine behov for andre varer. 

Jordbruket har i alle dagar stått sterkt på Oppedal - difor vart det i 1984 bygd lager på kaia for driftsmidlar slik at brukarane kunne henta det dei hadde bruk for til ei kvar tid. 

Nokre historier frå Oppedal 

"Ein dag sende eg ein kjøpelapp med ein mann som skulle til Høyanger. Han gjekk på varehuset, men skrifta på lappen var uleselig, vart det sagt. Mannen visste råd, og tok turen på apoteket for å prøve dei på skrifttydinga. Dei fann ut at det måtte vera dyrlegen si reseptskrift, og han fekk med seg ei flaske sprit. 

Regjeringa vedtok eit år at bøndene skulle få ein hundre kilos sekk med kunstgjødsel for å fremja avlinga (Eg minnast at eg brukte ein slik stor gjødselsekk til segl på ein liten båt eg hadde.) Utpå hausten vart det diskusjon om noko syntes etter bruken av kunstgjødsel. Ein spurde bonden Ola, - Kva gjorde du med sekken som du fekk? – Eg sette den bort på eit berg. Der står den enno, svara han. – Men kvifor det? ville dei andre veta. – Berre gift alt saman. Eg fylte to nevar med innhald og la oppi ei maurtue. Dei døydde alle i hop, så dette svineriet skal ikkje koma på min bø, svara han. Og den lovnaden heldt han. Han heldt med andre ord fram med å dyrka økologisk før ordet var kome i alminneleg bruk.” 

Ein novemberkveld i 60-åra var tobakken tema. Alle var samde om at røyk, snus og skrå var noko svineri ein burde slutta med. Eg meinte at nyttårsskifte var eit passande tidspunkt for dei som ville slutta. Ansvaret vart dermed lagt på meg. Skulle dette lukkast, måtte butikken slutta å føra tobakk. Det var nok dei som i det stille håpa at vi ikkje kunne unnvera dette salet, og tape denne fortenesta. Eg sa klårt frå om at nyttårsafta ville det vera slutt. Dette skulle ikkje skapa noko problem for oss samanlikna med den store nytten det kunne gjera, særleg for dei unge. 

Dette var før ferja si tid, så det var ikkje så enkelt å få noko frå andre butikkar. Men i romjula kom dei enkeltvis og bad for si "sjuke mor". Først ein skrå- og snusbrukar, som hevda at det var røyken som var farleg, ikkje det andre. Ein annan dag kom to røykarar for å kjøpa restbehaldninga, for dette ville dei ikkje klara. Med eit smil om munnen la eg så heile ansvaret over på dei for at det geniale opplegget vårt fall i grus. Oppedalingane var såleis ute med sin frivillige røykstopp-forsøk over 40 år før Høybråten sine strenge pålegg kom". 

Etter at Oppedal i 1990 vekk riksveg (E39) og ferje til bygda, vart det slutt på rutebåtane. Seinare har berre ein og annan fraktebåt lagt til kaien, med gjødsel, kraftfôr og tyngre gods. 

På same tid starta sonen vår Torbjørn Sognnes opp med utvida kioskhandel på ferjekaia. Slik har også tredje generasjon tilpassa seg dagens handel. 


Oppedal ferjekai. Foto: Scandion.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal