Det var på "Øyra" det skjedde
Forfatter: Edith Virkesdal Åsmul
Publiseringsdato: 23.04.2004
Edith Åsmul Virkesdal frå Dalsbygda minnest
korleis det var å gå til Dalsøyra for å handle
i sin barndom, og spesielt i dei fem krigsåra som fall saman med
hennar viktige ungdomstid. År som hemma framtidsplanar og delvis
stengde for utdanning.
Nerdal, Halland, Slengesol, Dale og Virkesdal i framgrunnen.
Foto: Erling Virkesdal fotosamling.
I 1912 vart det bygt dampskipskai på Dalsøyra.
Rutebåt og dampskipskai med alt det som knytte seg til dette: butikk,
post, og meieri var viktig i utviklinga av gardane omkring, og for Dalsbygda,
3 km opp i dalen, til øvre og nedrebygda, Halland, Nordal, Slengesol,
Nerdal, Dale og Virkesdal; 20 tun.
Me var langt på veg sjølvhjelpne med matvarer
av eigen produksjon på garden. Mjølkeproduksjonen var viktigaste
inntektskjelda; sal av kjøt, poteter og grønsaker
og litt ved innimellom gav god attåtnæring.
Om hausten hadde me borna ei heilt lita privat inntekt;
me plukka blåbær og selde på ”Ellingsbutikkjen”, - og
var dei heilt fri for rusk, fekk me 10 øre kiloet.
MEIERIET
Meieriet låg som nemnd på Dalsøyra,
nær kai, for vidaresending med båt til Bergen, og mjølka
vart levert til meieriet kvar dag.
Mjølkekøyraren var viktig bindeledd mellom
Dalsbygda og Øyra; ikkje berre for mjølkelevering, men i
travle tider og for å få med varer frå butikken. Då
skreiv vi lapp og sende med mjølkekøyraren, men kunne me
gnåle oss til å få ”sitte på” til Dalsøyra,
var det svært gildt. Det var trangt i kjerra mellom 50 – literspanna
og eitt og anna ”kårspann” for dei som leverte ”kårmjølk”,
men fekk me lov heime, fann saktens kusken ein plass mellom spanna eller
på fanget.
Mjølkekøyraren hjelpte meierska med innveginga
av mjølka og tømming over i andre spann for kjøling
og sending til Bergen. Dette var nok to-mannsjobb. I 1930 var mjølkeprisen
11 øre. Seinare vart det oppgjør etter fettprosent, feitaste
mjølka var best betalt.
Edith
Virkesdal Åsmul
EIN TUR PÅ BUTIKKEN
Med huskelappen og kanskje nokre varme ører i
handa bar det på butikken. Ein disk delte lokalet og laga eit klårt
skilje mellom kunde og betjening.
Framsida på disken var glatt, men baksida var utstyrt
med skuffer der varer av ymse slag var plassert. Rosiner, svisker, gryn,
mjøl og kaffi, - ei lita skuffe til snus, røyketobakk, skråtobakk,
store og små rullar som inneheldt lange og tjukke trådar, fint
oppkveila til ein firkanta rull. Skråtobakken vart og selt i smått,
så og så mange cm. for 10 øre!
Så var det godterihylla då! Kandis, lakrisrullar
med drops i midten, fargerike drops i krukker! Me fekk ein full ”kremmarhuspose”
kandis for fem øre.
Sinkbøtter, kloggar, tresko, kostar, potte, verkty
og krusety, og syltetykrukker med øyrer. Martensbrød i kassar,
skillingsbollar og tebrød frå byen.
Vekta stod på disken og var flittig brukt; det var
vel berre margarinen som var ferdigpakka; mest alle varer var i ”laus vekt.”
Sirupsfata var store eike- eller bøkefat som vog
opptil 300 kg. Karsverk å få på plass, oversikteleg og
sentralt plassert. Sirup var det vanlegaste pålegget og vart tappa
i spann me hadde med oss.
Kjappe Torbjørg tok seg av lappen. Rask, smilande
og vennleg som ho alltid var, var det triveleg å handle på
”Kjellevoldsbutikken”
Elegant, kjapt og pratande vog ho opp; kaffibaunenen,
sukkeret eller kva det var som stod på lappen; blikket vekslande
mellom vekta og sirupsfatet; trist om sirupen rann over. Varene vart notert
på bok og betalt når mjølkeoppgjeret kom frå meieriet.
Det var ein benk innanfor døra for kundane i ventetida.
Der gjekk praten livleg, - kanskje var det ein observasjonsbenk, - ein
plass å slå seg ned, kikke på folket, frette nytt.
Julehandelen var eit eventyr, handlelista lang og innhaldsrik.
Han far sjølv spente for kjerre eller slede; det hende at hesten
hadde bjølle på dersom det var sledeføre. Appelsiner,
nøtter, rosiner, svisker, julemenner, varer som elles i året
ikkje var i vanleg hushald.
Me ungane fekk nokre kroner til å kljøpa
julegåve for, -- eggeglas til far og mor, blyant med viskelær
i enden, valet var vanskeleg og ørene få, og så skulle
gåva vera hemmeleg. Då kom det vel med hjelp frå ei hyggeleg
butikkgjente.
Fòrvarer og mjøl til hushaldet vart kjøpt
i sekker, så det var det bonden sjølv som stod for. Havregryn
var og forbruksvarer, og kom gjerne frå Gjølanger Mølle.
Fisk og sild kom gjerne som bytevarer for poteter frå
Solund.
ALT FOR EIN SKILLINGSBOLLE
Eg minnast skillingsbollen som noko fantastisk godt.
Var vi så ”heldige” at det var tomt for brød når mange
munnar var morgonmetta før skulegang, (ja, det hende vel at me åt
i meste laget for at det nettopp skulle bli tomt!); ja, då fekk me
ein femøring til skillingsbolle. Storefriminuttet rakk til det,
å springa ned på butikkjen. Saktens kunne dessse bollane vera
nokre dagar gamle, men gooode var dei. Springande og etande på skillingsbollen
nådde me skulestova i rett tid.
Skulle me senda kjære husdyr til slakt, ja, så
måtte me leie dyret dei 3 km; gjerne på hålke- føre,
ned til dampen. Dyret likte slett ikkje å bli teken i sele og heist
om bord i båten med vinsjen og plasserte i lasterommet.
Venta me grisungar, så kom dei og med båten;
frå Vik, -og gjerne fleire i slengen. Dei vart fordelte på
Dalsøyra til mottakarane. Og til gards kom dei, lyseraude og grylande
i ein striesekk med høyrusk i, på ryggen til far. Desse yndige
små fekk godt stell og vart til julemat.
Storbrullaup på Dalsøyra. Krunebrur Edith
Virkesdal og brudgom Jostein Åsmul klar for ombordstigning på
veg til Gulen kyrkje.
” DET VAR PÅ ØYRA DET SKJEDDE”
Det ”å gå på Dalsøyra” var ein
kjærkomen avveksling i kvardagen; det var liksom der det skjedde.
Der møttest folket, mjølkekøyraren,
dei som skulle handle, dei som var budsende til rikstelefon, dei som skulle
vera med ”Rappen” til Eivindvik til doktor, lensmann, skreddar eller prest;
konfirmantane til konfirmasjonsførebuing; dei som skulle hente posten,
og han som skulle henta jordmora.
Om laurdagskvelden var det vanleg ”å gå til
dampen”, båt frå byn`. Kven kom frå byn`, kven reiste?
Kom nokon heim med
kjæresten sin?
Soleis møttest ungdomen, ”slettingane” og ”bygdingane”.
Båten for si leid; butikkane vart opna kort tid
slik at nokon fekk kjøpt seg ferskt brød. Posten vart råsortert;
kanskje kom det eit kjærastebrev.Det var rusling og flørting,
og så vart det som regel ei råd med ein svingom på kaia. |