Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

       
Rutledal Handelshus 
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 20.09.2004

Brynjulf Rutledal var fødd i Bergen, der far hans hadde høg stilling i politietaten. Brynjulf starta landhandel i bygda under firmanamnet Rutledal Handelshus. Forretninga starta litt før krigen braut ut og vart avslutta i 1986. 


Butikken på kaia i Rutledal. 
 

Brynjulf var ein fargerik handelsmann, som meinte litt om mangt og mykje - og vegra seg ikkje med å seie kva han meinte. Ikkje alltid fann han seg i at kunden skulle ha rett, så det hende iblant at han sa tydeleg ifrå "kor landet låg". 

Mange sjøfarande kom innom for å bunkre, men óg for å få ein passiar med den i dobbel forstand trivelege handelsmannen - som var kjend langt utanfor sin eigen kundekrets. 

Rutledal Handelshus heldt eit variert vareutval og butikken låg lagleg til ved sjøen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal