E. Sellevåg på Ånneland
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.04.2004
Den første handelsmannen på Ånneland
var Elias Sellevåg fødd i 1902 på Sæternes. Han
var gift med Olufine Malene Merkesdal fødd i 1909 på Fivelsdal.
Sellevåg såg at det var stort behov for ei forretning på
Ånneland, der mor hans kom ifrå.
Han fekk støtte for dette av ein onkel, Gjert Jensson
Unneland, og det vart snart ordna med ein passande tomt til butikk og bustad
for familien Sellevåg.
Eit bygg kom opp, og det vart flytta inn i 1925. I første
høgda var det då butikk, mens familien flytta inn oppe. Folket
på Ånneland sette stor pris på tiltaket – dei var høveleg
leie av å ro til Skjejehamn for å skaffe seg alle forbruksvarer
og andre ting dei hadde bruk for. Motor i båtane sine fekk folk først
montert seinare – først i 30-åra.
Ånneland sett frå sjøen. Foto: Sverre
Unneland.
Fylkesbaatane hadde sine faste ruter gjennom Ånnelandssundet
– og Ånneland vart teke opp med stopp for bording med båt ute
i sundet.
Bygda hadde for så vidt lenge hatt stopp ved at
båten vart borda ute i sundet. Ekspeditør var Johan Unneland,
og han stod for denne tenesta i svært mange år ( 1920 – 1942)
og gjorde ein fantastisk jobb .
Det var mykje nattruter som skulle bordast til og frå
Bergen, og det var sjeldan at rutebåten var presis etter oppsette
ruter.”Gula” og ”Framnes” var dei mest kjende og brukte båtane i
denne ruta, men etter kvart kom båtane ”Nesøy” og ”Værøy”
m.fl. inn i denne farten.
Handelsmann Sellevåg fann å måtte byggje
eiga bryggje for å kunne få andre frakte- og rutebåtar
til å stoppe på Ånneland. Det vart for slitsamt å
ta varene med bordingsbåten og vidare opp til forretninga. Ei ”tjuarute”
slik folk kalla henne, vart kontakta, og snart hadde Ånneland stopp
av båtane ”Rapid” og ”Åfjord” – båtar som alt hadde mange
småstader å frakte varer til nordover og innover i fylket.
Etter dette vart det så mykje lettare å drive handelen på
Ånneland.
Likevel måtte det leggjast opp for ei utvikling
med større butikklokale, og Sellevåg var heldig og fekk kjøpe
eit område på Rovdegjerdet, der det tidlegare hadde vorte tørka
fisk på dei store berga. Plassen passa godt til kaibygg for større
båtar, sameleis tomt for større forretningsbygg.
I 1942 var rutebåtkaia bygd, og Fylkesbaatane la
til med Sellevåg som ekspeditør. Året etter stod eit
prektig bygg ferdig på kai-området. Bygget var i tre etasjar,
i tredje høgda vart det innreidd rom for utleige, passande for ferierande,
byfolk bl.a.
Butikken var naturlegvis i første etasje med lett
tilgang frå kaia.
Båtekspeditør Johan Unneland brukte sjøhuset
til post- og vareutdeling.
Ånneland vart i nokre år nytta som stoppestad
for ekspress-ruta til Solund, og her frå var det lagt inn korrespondanse
med lokalruter til andre stader i Gulen. Dette var før brusambandet
utover i øyande blei ein realitet. Etter det vart Mjømna
staden der båt- og busskorrespondanse føregjekk. Etter at
ferjeleiet i Skipavik kom med på ruta Sløvåg – Leirvåg,
har øysamfunna i Gulen fått daglege bil-og bussruter.
Den nye vegen frå sandebygda og nordover Sandøy
ga handelstaden på Ånneland eit langt større kundegrunnlag.
Dotter til Elias Sellevåg, Laila, overtok drifta
etter ei tid. Ho er gift med Harald Haufe frå Tyskland. Ved sida
av forretningsdrifta etablerte han seg med drosje og skulerutekøyring
på Sandøy. Denne køyringa er seinare utvida til også
å omfatte Mjømna og Byrknesøy.
Forretninga på Ånneland er lagt ned. Lokala
er bygde om , og blir nå brukte til utleige for feriefolk. Dei fleste
som ferierar her, kjem frå Tyskland, og dei har naturleg nok funne
området både vakkert og attraktivt, ikkje minst med tanke på
alle dei gode fiskeplassane i og rundt Ånnelandssundet.
ÅNNELAND...eit triveleg grendesamfunn på
Sandøy
|