Sæternes Landhandel
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 16.08.2004
Handelen på Sæternes starta i 1927 - og vart
avvikla i 1943. Det var svært viktig for Torkjel Sellevåg f.
1873 å få rutebåt til å stoppe på Sæternes
der han budde.
Torkjel Sellevåg var verksmeister i Bergen Treskofabrikk
i Sellevåg - og eit av dei beste markeda for tresko var i eige fylke
nordover kysten og i Sogn.
Rutebåten "LÆRDAL" ved Sæternes kai.
I slutten av 20-åra fekk han eigarane av fraktebåten
"LEONARD" - på folkemunne kalla "ODLA" til å ta Sæternes
med i sine ruter. Det var brørne Oscar og Harald Leirvåg frå
Austrheim som dreiv denne ruta i Sognefylket. Båten hadde også
avtale om å stogge på Lid når det melde seg last der
- frå eller til.
Etter nokre år investerte brørne Leirvåg
i ein ny båt "SANDØY", langt større og prektig båt
for last og passasjerar. Dei kom så i forhandlingar med Fylkesbaatane
- som fann tida inne til å kjøpe båten og gå i
samarbeid om rutefarten.
Båtane "SANDØY" og "LÆRDAL" til F.S.F.
utførde etter dette ruta på Sæternes.
Oline Sæternes (dotter til Torkjel) styrde forretninga
på Sæternes - til ho etter nokre år gifte seg og flytta
til Søre Aukra.
Rutebåten "SANDØY".
Joachim Sellevåg (son til Torkjel) overtok leiinga
av treskofabrikken i Sellevåg og bygde seg bustadhus der.
Båtruta til Sæternes vart lagd ned. Sendingane
av tresko vart frå den tid utførd med eigen motorbåt
til Skjerjehamn og Furenes for vidare sending. Produksjonen av tresko tok
slutt i 1960-åra.
På Furenes var det Bergen Nordhordland Trafikklag
som traffikerte, og området Nordhordland til Bergen vart på
den måten dekka. |