Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

      
Handelsmann Sigvard Rutledal 
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 26.09.2004

Sigvard Rutledal, fødd 15. april 1901, starta med handel i Rutledal i 1924. Han var gift med Aslaug Hanstveit, fødd 1903 i Hosanger. I tillegg til rolla som husmor og butikkdame vart Aslaug tilsett som styrar av Rutledal brevhus då det blei oppretta. Butikken blei innreidd i vestre del av bustadhuset deira. 

Fylkesbaatane hadde teke opp Rutledal som rutestopp i 1921, og Sigvard var d/s-ekspeditør. Det blei mange tunge tak og ditto ventetimar i denne jobben, for båtane var sjeldan i rute. Ikkje minst strevsamt var det å få varene opp til butikken. 
 


Sigvard Rutledal på trappa til butikkavdelinga i bustadhuset i Rutledal. 
  

Men der var kone og familien elles hjelpsame med å stable i hyller eller plassere andre stader. Likevel blei det sjeldan nokon åtte-timarsdag. Langt lettare blei mykje av arbeidet etter at det kom bil til bygda, og vegane generelt var utbetra. 

Sigvard dreiv også farsgarden i lag med familien, og her må ein nemne at han fekk bygt ei 1500 m lang taubane oppover i fjellsida, og planta rundt 20.000 grantre. 

Sigvard slutta å drive forretning i 1964. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal