Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

     
Skjerjehamn .. ei historisk perle
Forfatter: Bjarne Hesvik
Publiseringsdato: 08.09.2004

Minst eit dusin gulingar fann sine ektefeller på Skjerjehamn i dei åra det var stor aktivitet der. AMOR - kjærleikens gud - svevde nok både lågt og ofte over den idylliske holmen. 

Eit knutepunkt i Gulen gjennom generasjonar har vore Skjerjehamn. Det finst mange skrivemåtar på stadnamnet som ikkje er brukt til gardsnamn nokon andre stader i Noreg. Uttalen er Skjærjehamn. I 1665 var skrivemåten Schierjehafen, i 1723 skreiv dei Scherjehafn. Det kjem av det gamalnorske Skjerjahofn, som tyder skjeret utanfor hamnen. 


Gjestgjevarstaden i bakgrunnen. 
   

Eit teikn på at det har budd folk på dette knutepunktet frå eldgamal tid finn vi på Blidensol. I 1923 fann A. Nummedal to steinalderbuplassar der. 

Det er sannsynleg at Skjerjehamn har hatt fastbuande sidan slutten av 1500-talet. Den gode hamna har truleg vore brukt så lenge folk i Gulen har ferdast på sjøen. 

I 1641 skreiv "ærlege og mandhaftige Georg Reichwein, oberstløytnant her i lenet" eit brev om ymse forsvarstiltak i Bergen. 

Brevet var datert "Schierhav 8. februar 1641". Av dette kan ein då gå ut fra at det har vore ein form for gjestgjeveri der. 

Vi veit sikkert at Skjerjehamn har vore kremarleie frå gamalt av. Bergenskjøpmenn oppretta slike langs kysten, der det vart bygd hus og skapt handelsverksemd. Det vart handla med øl, brennevin, tobakk, salt, jern, korn og ein del andre varer. 

Det har lukkast å finne prov på at Jon Dirch har drive kremarleie i Skjerjehamn på 1640-talet. Han kom til staden truleg før 1640, og han starta også kremarleie i Selevåg. Truleg fekk han ikkje driva handel særleg lenge, for i 1664 vart han saksøkt for å ha vore i slagsmål på tinget. Han vart dømd til "stevnetold på 1 Rdl." 

Ein Gabriel Andreas Jæger, som dreiv gjestgjevarstaden frå 1753, kom og på kant med lova. Han hadde drive ulovleg sal av øl og brennevin på søn- og helligdagar ved kyrkja i Eivindvik. Tvisten enda med at Jæger vart dømd til å betale bøter til staten. 


Skjerjehamn i Gulen var i si tid ein svært sentral stad i ferdsla mellom Bergen og Sogn, noko som skulle gå fram av dette biletet frå hundreårsskiftet. (Utlånt av Sogn Folkemuseum ved Fylkesarkivet). 

 
I lang tid var Skjerjehamn tingstad. Kor lenge er uvisst, men første gong ein med visse kan seia det var ting der var i 1697. 

På tinget i 1774 vart det lagt ned forbod for folk på landsbygda om å "ta tiggerstaven fatt" utan løyve frå Stiftamtmannen. 

Dei stakkarane som i si armod vart tekne i tigging, vart sende til Fredrikshamn. Mennene til Citadellet der, kvinnene til spinnehuset i Bergen. 

I 1780 var det i alt 19 saker om "legdemål". Alle hadde vore for tidleg til sengs med konene sine. 

I slike saker passa både presten og futen godt på, for dei fekk sin del av pengane som kom inn i bøter for slike "brotsverk". 

Det var mange som prøvde seg med gjestgjevari på Skjerjehamn fram gjennom tidene. Einskilde dreiv i fleire år, andre kortare tid. I 1801 er Lars Helland nemd som gjestgjevar, og tidlegare gjestgjevar Gabriel Jæger budde på plassen Blidensol. 

Øllegaard og Otto Schreuder 
I 1868 heitte landhandlaren Wilhelm Schreuder, og etter han dreiv sonen Otto Schreuder frå 1901. Otto Schreuder dreiv Skjerjehamn fram til 1918, då flytte han og huslyden til Bergen. Otto Schreuder var stortingsmann for Høyre og møtte på tinget 1903-06, og han fekk 7. juni-medaljen i 1906. 

Otto Schreuder fekk Skjerjehamn til å bløma. I hans tid kom postopneri, telegrafstasjon og rikstelefon. Han bygde kai, og han sette opp den store hovudbygningen som står der enno. I 1869 sette han opp eit stort trelastlager. Landhandelen auka sterkt. Skjerjehamn vart omlastingsplass for fleire båtruter. 

På Skjerjehamn vart det kjøpt opp alle slags varer, og spesielt produkter som havet hadde å tilby. Laks, kveite, hummer og ål var ettertrakta varer på den tida som nå, og kjøpmann Schrauder var storeksportør av desse produkta til England. 

Ja, så kjent og så god forretning var det at ein engelskmann etablerte seg på Skjerjehamn, på sin eigen holme vis a vis kaianlegget. 

Der bygde han ei prektig sjøbu, for oppkjøp, pakking og vidaresending. Han dreiv 7-8 år, men Schrauder var for sterk i konkurransen, og engelskmannen pakka saman og drog over Nordsjøen og heim. 


Flyfoto av gjestgjevarstaden Skjerjehamn som også har vore tingstad. 
Fotografi: L. Trædal. Han var lækjar i Gulen 1925 - 1939 og prøvde med fly frå 1934. 
Men flybråket "skremde folk frå sans og samling første vendene" skriv Ivar Kleiva i 
"Gulen i gammal og ny tid". 

 
Schrauder på Skjerjehamn vart vide kjend for sitt initiativ og popularitet, og broren Hans, som då var reisande på fjordane, hjelpte godt til. 

Men stundom kunne den kjære broren gå litt over streken, som til dømes då han var i Indre Sogn - og fjorden var full av maneter. Til sogningane sa han: - "Send kassar til bror min på Skjerjehamn, han kjøper og finn omsetnad for alt". 

Indre-sogningane beit på, og rutebåten i Sogndal lasta om bord maneter for Skjerjehamn. 

Då Schreuder fekk sjå kassane med maneter i vinsjen på veg til kaien, kom det klårt og tydeleg: "Å.... der har min broder, Hans, vært ute og gått igjen". 

Mange historier kan forteljast om hendingar på og ved Skjerjehamn. Om skip som forliste, grunnstøytte i det ureine farvatnet i ytre Sognefjorden og ved byrknesøyane. 

Båtane vart på ymse vis buksert til Skjerjehamn for slipping og reparasjon. Ellers forliste både D/S "Firda" og "Gula" ved Skjerjehamn. "Firda" vart overlasta med materialer (dekkslast) frå trelastlageret, og krenka kort og godt etter å ha lagt frå kaien. "Gula sleit fortøyningane ei stormnatt og la seg på skjæra utanfor kaien. Ingen menneskeliv gjekk tapt ved desse dramatiske hendingane. 


Skjerjehamn omkring 1900. 
  

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane starta ruter på Skjerjehamn då selskapet kom i drift i 1858. Då vart det skikkeleg fart i ruteferdsla mellom Bergen og Sogn. Men alt i 1839 hadde dampbåten "Bjørgvin" rute mellom Stavanger - Bergen - Lærdal. 

Då hende det og at båten var oppom Skjerjehamn. I 1843 vart "Constitusjonen" sett inn i same ruta. Men folk var redde for å reisa med dampbåten den første tida. Dei motige fekk namnet sitt på prent. 

Etter 1858 vart Skjerjehamn eit sentrum for ruteferdsla på Sogn og Fjordane. 

I "Skillingsmagasinet" for 1870 står det skrive om "Handelssenteret Skjerjehamn beliggende ved fjordens munning". Staden var ein sterk kontrast til det nakne landskapet ytst i Sognefjorden. 

 
Med dei kvitmåla og velstelte husa, med små grønne flekker og nokre få trer, var staden "et venlig skue". Skjerjehamn var første anløpstaden nord for Bergen for handelsskipa som skulle nordover, skriv "Skillingsmagasinet" for vel 130 år sidan. 

Livet på denne staden i Ytre Sognefjorden har bydd på strev og arbeid for dei som slo seg til der. Og gamle kjeldeskrifter gjev oss bilete på at folk ikkje alltid var så lette å ha med å gjera. I rettsprotokollar og i skrifteprotokollar finn vi små setningar som fortel mykje. Stridbar natur og stridbare folk kan vi freistas til å tenkja. 

Truleg var brennevinshandelen årsak til at mange rauk opp i krangel. I alle høve vart prost Dahl så lei heile brennevinet at han kjøpte eigedomen Skjerjehamn i 1840 for å få slutt på handelen av denne vara. Men han var kanskje ikkje den rette til å driva handelsstaden, han let den tidlegare eigaren Nathanael Ross få kjøpa staden att i 1847. 

Handelsmann og postopnar Johannes Steine 
Skjerjehamn var ein livleg handelstad og det største kommunikasjonssenter i Ytre Sogn i mange år. 

I 1918 tok svigerson til Otto Schreuder, Johannes Steine over drifta. Han utvikla staden vidare, bygde større trelastlager, ny butikk, kontor og venterom. Starta opp med notbarkeri, nothenge, slipp og mekanisk verkstad. 

Dei produserte til og med sin eigen motor FØNIX - gjerne kalla Skjerjehams-motor. Mange fiske- og turbåtar i nærområdet fekk montert FØNIX - i den tida. 

Nedgangstida i tretti-åra gjorde at Steine selde nothenga, bakeriet og eigedomen med slippen og verkstaden. Den nye eigaren Sigurd Rognsvåg, saman med sine to søner, dreiv verksemda ei tid på Skjerjehamn. 

Johannes Steine døde i 1945. 


Julepynting i butikken på Skjerjehamn. 
   

Ingolf Troland, saman med si kone Arny frå Austevoll, kjøpte Skjerjehamn i 1946, og fortsette drifta med handel, post, telefon, hotell og dampskipsekspedisjon. I 1954 flytte Troland frå Skjerjehamn, og etablerte seg med forretning i Fana. 

Franz Hesvik frå Ulvik og kona Sigrid Strømmen frå Solund overtok så drifta på Skjerjehamn. 

Dei rusta opp eigedomen, moderniserte fleire bygg bl.a. hotellet. Det fine hotellet, med mange rom vart som tidlegare utleigd for gjester fram til 1976. 

Ved pensjonsalderen reiste Hesvik og kona Sigrid til Bergen, - og drifta på Skjerjehamn vart lagd ned. Borna Arne, Bjarne og Målfrid har i alle år etter flyttinga til Bergen helde eigedomen i god stand, og brukar staden som landstad. Ein rosverdig innsats frå desse tre, har førd til at Skjerjehamn framleis er ein idyllisk stad. Dei siste åra er hotellet blitt opna for leige til feriegjestar - noko som har slått godt an. 


Bernhard Hesvik med telefonekspedisjonen. 
 

På Skjerjehamn - butikken, postkontoret, telefonsentralen og hotellet kom der stadig nye trivelege jenter for å jobbe. Og når verkstaden, slippen og trelastlageret var i drift så var det også ein del unge gutar som vanka på denne holmen. 

Det var mange som forelska seg i desse åra då der var stor aktivitet på Skjerjehamn. Ein pensjonert guling fortel at han og mange av hans kjende laga seg svært ofte ærend til Skjerjehamn, - ikkje minst for å sjå og få prate med dei kjekke butikk- og postdamene. 


Sigrid og Bernhard Hesvik med to av borna Bjarne, Målfrid og hunden Bella.
  

Kundane som vanka rundt hadde god tid - og då var det lett å kome fram til - få dei smila og gode blikk som varma så inderleg godt innerst inne. 

Tok ein turen til Skjerjehamn på kvelden når rutebåten kom, - så vart det gjerne ein lett omfavnelse med ein "russisk" og eit "jordbærkyss" i ly av nordavinden. 

Så var det å starta "sabben" og køyre velnøgd heim for å fortøye båten. Butikkdama som eg vart forelska i, - valde ein annan guling diverre, sukka han med sorg i stemma. 

Minst eit dusin gulingar fann sine ektefeller på Skjerjehamn i dei åra det var stor aktivitet der. AMOR - kjærleikens gud - svevde nok både lågt og ofte over den idylliske holmen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal