Handelsmann Olav Sognefest
Forfatter: Gunnar Sognefest/Olaug Sognefest
Publiseringsdato: 27.09.2004
Utanom dei busette i Sygnefestkrinsen, hadde vi kundar
frå Dingja, Losna, Brosvik og Rutle. Av og til også frå
Solund, og så var det sjølvsagt ein del trafikk med båtar
som stogga, for å fylla olje og handla andre ting.
Kundar frå dei andre krinsane kom til vanleg roande.
To eller fleire grannar slo seg saman og tok ut på handel i ein færing.
Kundar frå Losna sette gjerne segl når det var fin havgula
om sommaren. Vinterstid og i ruskeversperiodar vart det oftast sendt varer
med rutebåten.
Frå v. Olaug, Hildur, Ragnhild, Inger, Jostein
og Olav Sognefest.
I bakgrunnen det nye huset som vart oppført i
1975. Sagbruk er sett opp der gamlehuset stod.
Eg minnest med glede desse trauste kundane som kom roande
slik. Dei hadde alltid ei liste over det dei ville kjøpa. Denne
lista fekk du på disken, og medan vi laga til varene, tok dei det
med ro og hadde seg ein god prat med oss. Det var liksom noko trygt og
stødig som fylgde med dei.
Det var vel heller smått med pengar mellom folk
den gongen, så innkjøpet gjekk om det som ein vil kalla "naudturft
og næring til lekam og liv". Og vareutvalet rakk vel heller ikkje
til noko meir.
På ein slik handletur skulle det gjerne kjøpast
forsyningar for eit par veker eller meir. Så handlelistene var nok
vel gjennomtenkte.
Ein må lura på kor langt planlegginga rekk
i våre dagar, når det er krav om opne butikkar natt og dag
i sju vekedagar, endå vi har fryseboksar og kjøleskåp.
Kundane omkring Sygnefest, det vil seia frå gardane
Vatne, Risa, Riseskora, Fallebø, la gjerne handleturen til ei tid
då det var rutebåt. På den måten fekk dei også
med seg post og kanskje eitt eller anna som dei venta med rutebåten.
Parti frå Sygnefest i 1910.
Sognejakta på bilete tilhøyrde Ingebrigt
Sognefest.
Det blir sagt at den var ein skarpseglar til sognejakt
å vera.
Elles var tysdag den store handledagen. Hovudproduktet
frå gardsdrifta var smør. Ein gong i veka tok vi mot smør
frå gardane.
Desse smørstykka vart vegne, pakka og sende til
ein smøreldingssentral i Eivindvik. Tysdagen heitte kort og godt
smørdag. Og då vart det sjølvsagt handla varer samstundes,
og grannar møttest til ein prat.
Frå Sygnefest gjekk det ut ei landpostbod-rute innover
til Brosvik-Rutledal. Han som var postbod, Bertel Brosvik, hadde som oftast
kundar med seg når han kom roande.
Desse kundane frå Brosvik rekna vi med som om dei
høyrde til krinsen, for dei såg vi oftare enn dei frå
Dingja og Losna.
Butikken hadde korkje opnings- eller stengjetider. Det
var berre spørsmål om det var kundar eller ikkje. Ofte stengde
vi midt på dagen. Bønder hadde ikkje tid til å handla
då. I staden vart det gjerne halde ope utover kvelden, særleg
dersom det var rutebåt på kveldstid. Dette var tida då
ungdomane samlast.
Var rutebåten for sein, var ventetida kjærkommen
til eit slag kort. Etterpå vart posten sortert,og dei fekk med seg
aviser og det dei måtte ha handla.
I det heile måtte butikkarbeidet falla inn i ein
rytme som høvde med alt det andre vi dreiv med i Sygnefest.
Såleis vart det ikkje mange stille stunder for oss
i Sygnefest desse åra. Det var travelt, ofte slitsamt, men likevel
interessant. Det avvekslande arbeidet og kontakten med så mykje folk
gav mykje tilbake.
Johan og Ingeborg Sognefest med sine born:
Frå v. Gunnar, Ingvald, Olav, Solveig, Gunhild
og Kari som sit ved sida av mor si.
Drifta var heller ikkje rasjonelt opplagd. Frå dampskipskaien
og inn til butikken var det eit heilt stykke der varene laut fraktast med
ei handkjerre. Tyngre varer, så som formjøl, vart levert direkte
frå lagerskuret på kaien. Andre tunge varer kunne vi og føra
med båt frå kai til butikk, men alle daglege småvarer
laut vi dra på handkjerra.
Oljetanken var også plassert ved dampskipskaien,
så det vart ein ekstra tur dit for å selja solarolje til båtar.
Krigsåra vart ei utriveleg tid i Sygnefest. Vi vart
ein del av Hitler sin Atlanterhavsvoll, med festningsverk.
Familiar vart jaga frå heimane sine, og hjå
oss tok tyskarane halve huset. No var det eit ganske stort hus, så
vi hadde att to stover, kjøkken, postkontor og tre soverom.
Og bortsett frå mykje uro, vart vi ikkje direkte
plaga av dei nye leigebuarane. Det galdt berre å halda grei avstand.
På butikken og andre tenester hadde vi ingen ting med dei å
gjera, dei styrte med sitt eige på alle vis.
Olav
Sognefest med handvogna som ein køyrde varer med.
Men for butkkarbeidet kom problema. Varer kunne ofte
ikkje skaffast, sjølv rasjonerte varer som smør, sukker,
tobakk stod vi utan når kundane kom med rasjoneringskorta sine og
ville kjøpa. Då vart det sjølvsagt misnøye og
lite kjekt.
Med anleggsarbeidet på festninga kom det mange arbeidarar
frå andre stader. Dei skulle også handla det dei trong, og
varetilbodet vart endå knappare til alle. I tillegg til uhygge, redsle
for krigen i det heile, vart liksom all glede ved arbeidet og menneskekontakten
borte.
Sygnefest fekk vegsamband i 1968.
Olav Sognefest døydde i 1970. Då overtok
Gunnhild Eikefjord, søster til Olav, drifta i Sygnefest.
Rutebåtane slutta å stoppe i Sygnefest i 1972
og postopneriet var lagd ned på same tid. |