STRAUME ...over sjø og land
Forfatter: Konrad Stendal
Publiseringsdato: 15.09.2004
- Då eg var unggut, var det to som dreiv landhandel
på Nyhamar. Det var Mikal Wesetvik frå Oppdalsøyra som
hadde filial i kjellaren til Anton Nyhammer, og Fredrik Nyhammer som dreiv
butikk i sjøbua si. I denne sjøbua var det forretningsdrift
fram til 1956.
Vårpuss på gavlbåten med Konrad Stendal
på dekk.
På grunn av Hjartås-vågen som nesten deler
Hisarøy i to, vart det alltid brukt båt når ein skulle
handle. Men me rodde ikkje heile vegen: me rodde over Hjartås-vågen,
og så gjekk me til Nyhamar. Heimatt bar vi varene i kipe på
ryggen.
Eg hugsar det var ein gong eg hadde fått 10 øre,
mens ei byjente hadde også 10 øre. Me gjekk rundt vågen,
ca 7 km, og kjøpte kvar vår pose med drops. I 1939 var 10
øre pengar.
Under krigen var det ei byjente som stod i butikken til
Mikal Wesetvik. Ho heitte Edel Bjørseth og elles trur eg at dotter
til Wesetvik, Solveig, var på butikken til faren på Nyhamar
ei tid. Me unge likte veldig godt desse to.
Etter krigen fekk me motorbåt på Straume.
Då vart det lettare, og me som var ungdommar, reiste alltid til Nyhamar
laurdagskveldane når rutebåtane "Værøy" eller
"Nesøy" kom frå Bergen. Og då hjelpte me til med å
bere varene til butikken. Vi henta også posten.
Eg hugsar godt Peder Nyhammer, son til Karl Nyhammer.
Han var ein stor kar, 2,05 m høg, som var fødd i 1925. Han
kunne ta brødkassen full av brød på skuldra og bere
han til butikken ca 70 - 80 m. Ein slik brødkasse var ikkje lett
!
Det var fint med dei gamle butikkane. Det var inga stengetid;
vi fekk kjøpe varer enten det var seint eller tidleg, hugsar eg.
Det var ikkje lett å drive handel i den tida. Barneflokkane var ofte
store, og det var knapt om pengar hos dei fleste. |