Thoralf Westervik
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 12.09.2004
På Steine, Eide og Halsvik-området, var der
ingen forretning til å dekke folket sine daglege behov før
utpå 1930-talet. Folk måtte dra til Dalsøyra for å
kjøpe det dei trong.
På Steine hadde det ei kort tid vore forretning
med Lundeland som eigar. Han døydde brått, og dermed blei
butikken lagt ned.
Dei som var busette i Halsvik og hadde båt, drog
like gjerne over fjorden til Fonnes eller nord i Brandangersundet til landhandelen
i Furenes.
Bustad og forretningsbygget til Thoralf Westervik. Foto:
Ingolf Austgulen.
Så - i 1934 - kjem det ein driftig ungdom til bygda,
Thoralf Westervik, fødd i Westervik i 1910 og gift med Marta Marie
Isaksdtr. Breivik frå Dalsøyra. Dei kjøper seg tomt
på Eide og set opp eit passande forretningsbygg der. Forretninga
gjekk strykande, og ei utviding vart etter ei tid nødvendig.
I året 1949 bygger Thoralf og Marta kombinert bustad
og forretning nær hovudvegen, til stor glede for bygdefolket og alle
som sokna til bygda og gardane utover i Eidsfjorden.
Med handelen på Eidsbotn kom det snart rutebåtstopp.
FSF la opp sine lokalruter til Eidsbotn, og når Halsvik nesten dagleg
hadde rutestopp av BNT-båtar, hadde ein ikkje grunn til å klage
på kommunikasjonen i dette området.
Westervik hadde skaffa seg bil til varetransporten; dessutan
hadde han eigen båt til bruk nordover i Eidsfjorden.
Thoralf Westervik dreiv handel på Eidsbotn fram
til 1961. Då starta han som handelsreisande for ulike Bergens-firma,
hovudsakleg for F. Beyer A.S.
Det blei mange reiser med den prektige agentbåten
"Havfuglen" langs kysten på Vestlandet. Hans gode handelstalent gjorde
seg ypparleg på desse reisene, og han oppretta mange kontakter. |