Vassbruksmiljø Takle
Forfatter: Bjarne Dåe
Publiseringsdato: 01.05.2002
Foto: Scandion
Midt-Taklevatnet, eller Stølsvatnet som taklingane
seier, har frå gamal tid gjeve grunnlag for regulering og nytte av
vassmengda i Takleelva. Like nedanfor det nyleg restaurerte kvernhuset
nær brua på Midt-Takle, er det no attreist ei fullt operativ
stampe. den einaste i mils omkrets. Ho vart truleg bygd kring 1880 av Bård
Eivindson Takle og var truleg i bruk heilt fram til 1945.
Nær brua på Midttakle står såleis
enno eit kvernhus som i 1996/97 er restaurert med ny kledning, torvtak.
kvernkall og slok. Kvernhuset må vere eitt av dei eldste på
lang lei, for i ein tømmerstokk er innrissa årstalet 1785.
På dei tider var desse brukarar på Midttakle:
Endre Rognaldson (1737-1796) på bnr. 1 og 2; Ola Bårdson (1743-1822)
på bnr. 3; Jon Johannesson (1744-1818) på bnr. 4. Det er grunn
til å tru at dei har vore i lag om kverna frå fyrste stund.
Like nedanfor kvernhuset står no (i 1997) berre
murane att etter ei stampe som vart bygt av Bård Eivindson Takle,
1856-1953. Han dreiv gnr. 63, lp.nr. 7 (no 133/3) frå1886 til 1930,
og var ein driftig bonde som bygde mykje nytt på garden, m.a. ei
stampe som truleg vart brukt heilt fram til 1945. Nille Takle, f. 1914
på Haugland, minnest at foreldra hennar leverde vevnad til stamping
på Takle så seint som i krigsåra 1940-45.
Endre
Takle (f. 1906) hugsar stampe-arbeidet godt frå sin tidlegaste barndom.
Han meiner at stampinga gjekk føre seg om våren eller sommaren,
for dei ferdigstampa vevstuane skulle turkast, og det vart gjort på
bøen like ovafor stampa. Tid for å bruke bøen slik,
har då truleg vore før graset hadde vokse særleg til,
og før håa voks opp etter første slåtten.Eine
enden av vevstuen vart festa til marka med to pinnar, ein i kvart hjørne.
Vevstuen vart så rulla ut, strekt og festa i andre enden på
same måten. Endre kan minnast dei mange og lange tøystuane
som var strekt oppetter bakken, turka og bleika i sola.
Stampa vart altså driven med vasskraft på
eit stort undervasshjul. Det store hjulet gav jamn fart og tråleik
til krafta som det var bruk for 4 gonger pr. omdreining. Det galdt om å
lyfte to store trestokkar for kvar vevstu, og det var plass til 3 vevstuar
samstundes. Dei høge stampestokkane fekk plass oppunder det høgreiste
mønet, og etter kvart lyft, fall dei ned på stuen, litt til
side for midten. Det gjorde at vevstuane også gjekk rundt og vart
jamt banka, der dei låg i kvar sitt kar fyllt med varmt såpevatn.
På det viset vart vevstuane stampa eller tova.
Det var såleis også bruk for varmt vatn, og
i stampehuset var ei grue med ein stor kjel til oppvarminga. I hellegolvet
var det sluk til å slå ut det brukte vatnet som gjekk rett
i elva. Grua og sluken er på plass til liks med murane.
Magnus Takle, son til Bård og fødd i 1902,
lever enno (1997). Han har laga ein modell av stampa slik ho var. Og det
er denne modellen bøndene på Midttakle går ut frå
når dei no vil restaurere denne stampa og såleis få vise
dette sjeldne handtverket som vart drive på garden, truleg i 50 -
60 år.
1800-talet og fyrste del av 1900-talet representerer eigenleg
gjennombrot av mange tekniske nyvinningar og auka utnytting av naturkreftene
som ein hadde til rådevelde. Endre Takle fortel m.a. at Gregoreus
Johannesson Midttakle, f. 1829, også dreiv med stamping av tøy.
Men denne stampa stod lenger oppe i dalen, nær tidlegare Takle kraftstasjon
og noverande vassverk. Murane viser også her. Gregoreus dreiv gnr.
63 lpnr. 74 (no 133/4) frå 1851 til 1875, men levde heilt til 1920.
Han var ein oppfinnsam kar, og truleg har han vore til god hjelp ved bygging
av den siste stampa som låg meir lagleg til for turking av tøyet.
Vatnet i Takleelva vart altså tidleg utnytta, og
ikkje berre til drift av kvern og stampe. Like ovafor kvernhuset var der
uttak av vatn til tre små vasshjul som dreiv kvar sin slipestein.
Her kunne altså bøndene slipe ljårne sine. Det var eit
godt krafttilskot som sparde mang ein unggut for timelang sveiving på
tunge slipesteinar. (Jfr. Jakob Sande sitt dikt om temaet). Og mange ljår
var det bruk for når folket skulle opp i liane på utslått.
Legg merke til at det er 3 slipesteinar mot 1 kvern. Det fortel om trongen
til samtidig bruk av steinane.
----------------------------------------------------------------------
The Stamping Mill at Takle
Information: Gulen Municipality
(18.01.2003)
The Midt-Takle lake, or the Støls lake as the locals
call it, has from older times been the basis for the regulation and exploiting
of the water in the Takle river. The stamping mill at Takle was chosen
as the «culture memorial» of the year 1997 by the Gulen Municipality.
Just below the recently restored water mill near the bridge
at Midt-Takle, a fully operative stamping mill has been rebuilt, the only
one in the district. The mill was originally built by Bård Eivindson
Takle and is believed to have been in working order up to 1945. A stamping
mill is where the woollen cloth was stamped and thickened.
The stamping mill is run on hydro-power from a large under-water
wheel which lifts two heavy logs up under the high ceiling. As the logs
fall down onto the wool which is soaked in warm soapy water, they are evenly
beaten. Inside the stamping mill there is a hearth stone with a large boiler
which heats the water. There is a grating in the stone floor through which
the used water is returned to the river.
The stamping mill at Takle was chosen as the «culture
memorial» of the year 1997 by the Gulen Municipality.
The environment surrounding the stamping mill is constantly
being revised to recreate the history which means a lot to the people of
Takle. |