Yndesdalsvassdraget
Kart: Miljøstatus i Hordaland.
Yndesdalsvassdraget, som ligg i kommunane Gulen
og Masfjorden, er verna mot vasskraftutbygging som eit typevassdrag i ytre
kystsone og har verneverdige demningar. Vassdraget har sidan 1991 vore
med i DN sitt overvåkingsprogram for kalka vatn og vassdrag. Der
blir både vasskjemi, botndyr og fisk undersøkt.
Yndesdalsvassdraget drenerer fjellområda mellom
Sognefjorden i nord, Austgulfjorden i vest og Masfjorden i søraust.
Frå hovuddalføret blir mange sidedaler drenert - i sørleg
retning med Myrdalen, Steindalen og Furudalen som dei største. Hovudvassdraget
renn gjennom fire store vatn. Vernet omfattar heile nedbørfeltet
bortsett frå nedbørfelta til Transdalsvatn og Austgulvatn
som begge ligg i øvre delar av Yndesdalsvassdraget. Til sammen utgjer
desse 6 % av feltet sitt totale areal.
Ved fylkesgrensa til Hordaland skiftar vassdraget namn
til Frøysetvassdraget - og renn ut i Fensfjorden ved Frøyset.
Berggrunnen består for det meste av granitt. Lausmassar
i betydelig grad finnst berre under marin grense og i dalbotnane.
Skogareala er dominert av furu og bjørk med innslag
av eikeskog og edellauvskog. Enkelte stader er relativt store areal tilplanta
med gran og sitkagran. Fjellvegetasjonen består av lyngheier, grasheier
og myrer. Bebyggelse og jordbruk utgjer ca 3% av totalarealet. Alle aktuelle
vegetasjonssoner frå lavalpin sone til havnivå er representert
og vassdraget inneheld dei fleste av dei faglege kvalitetane som er karakteristiske
for regionen.
Vassdraget har frå naturen si side hatt surt vatn
og områda har liten bufferevne mot sure tilførslar. Det skuldast
at berggrunnen i vassdraget er dominert av prekambriske grunnfjellsbergartar
som for ein stor del består av gneisar og kvartsitt. Desse bergartane
er harde og sure og forvitrar svært sakte, noke som gir lite lausmasseavsetningar
og skrint jordsmonn.
Det er muleg at sjøaurestammen som framleis eksisterer
kan ha utvikla ein spesiell motstandskraft mot det sure vatnet. Vassdraget
er derfor interessant som studieobjekt i forbindelse med overvåking
av sur nedbør.
Vassdraget er godt eigna til fot- og skiturar. Det blir
drive noke jakt og fiske. Enkelte vatn har ørret med god vekst og
kvalitet.
Yndesdalsvassdraget blir kalka, ved at Yndesdalsvatnet
(104 m.o.h.) er blitt fullkalka kvar haust sidan 1991. Frå 1994 har
det i tillegg blitt kalka med kalkdoserar ved utløpet av Ostavatnet.
Kalkdoseraren blei sett i drift for å stabilisere vasskvaliteten
på den anadrome strekninga i vassdraget. Vasskvaliteten, med hensyn
på surheit, vert årleg overvåka av DN.
Siste publiserte undersøking av vasskvaliteten
frå Yndesdalsvassdraget er frå 1998. Fullkalking av Yndesdalsvatnet
skjer kvar haust, med gradvis gjenforsuring av innsjøen og elvestrekningar
og innsjøar nedanfor påfølgande vinter og vår.
Vassdraget er verna i Verneplan III for vassdrag.
Navn og nummer på vassdrag : Yndesdalsvassdraget,
067.6Z
Kommune : Masfjorden og Gulen kommune
UTM utløp til sjø : KN 943 538
Nedbørfeltareal : 125 km2
Spesifikk avrenning : 116,8 l/s/km2
Vassføring til sjø : 460,9 mill. m3/år
---------------------------------------------------
Kjelder:
Miljøstatus
i Hordaland
Miljøstatus
i Norge, Sogn og Fjordane
NVE Norges vassdrag og energidirektorat |