Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Emigrasjon
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon

 
  

   
Lokalhistorie
Foto: Scandion

Masfjorden si historie er skapt av små og store hendingar gjennom århundrer.  Mangt og mykje av denne historia kan ein lese om i gamle skrifter, kyrkjebøker, utvandringsprotokollar, bygdebøker, sogehefter o.l. 

Framleis er det informasjon om mange hendingar, i vår nære og fjerne fortid, som ikkje er komen på trykk, eller allment lett tilgjengeleg. 

Fram til 1875 var Masfjorden ein del av Lindås kommune, prestegjeld og lensmannsdistrikt under namnet Sandnes sogn. I 1876 fekk Masfjorden eigen sokneprest, det kommunale sjølvstende kom i 1879 - og eigen lensmann år ettter. 

Ved kommunereguleringa i 1964 vart dei tre gardane Einestrand, Eikebotn og Kikall overførde frå Lindås kommune. 

No er Masfjorden delt i tre sokn; Sandnes frå 1876, Solheim frå 1887 og Frøyset frå 1930. 

Artiklar

Krigsminnesmerker

Knut og Solly i maritimt miljø
Forfatter: Scandion

Lekpredikanten Ludvig Hope
Forfatter: Scandion

Liv og slit i Masfjorden i gamle dagar
Forfatter: Ola R. Midtbø

Masfjordbåtar på Hordamuseet
Forfatter: Scandion

Masfjordingar med i 1. verdskrig
Forfatter: Bygdelaget Nordhordlendingen

Isak Eikemo - grunder på 1800-talet
Forfatter: Kjell Eikemo

Bjørn West styrkane i Masfjordfjella og forsyningane frå Gulen og Brekke
Forfatter: Ingolf Austgulen

Nordbygda Samfunnshus
Forfatter: Klaus Nordli

Krafttak bergar Faun
Forfatter: Åsmund Soldal

Perstova
Forfatter: Arnold Natås

På anlegg i Masfjorden
Forfatter: Søren Kvamsdal

Skipreider 
Gamle skrifter syner at det i middelalderen har vore eit skipreide nemnd Fjonner, og i Fjonner er nemnd Sandnes Sogn. Gardar som er nemnde er: Frøyseetr, Berghagavik (Bergsvik), Eikemor, Arnahvammer, Arakletr, Hauksdaler og Matrar. (P.A. Muncks: Kongeriket Norge). 

På 1600-talet høyrde største delen av Masfjorden under Gulen skipreide, som då var ein del av Hordafylket. Det gamle Gulatinget låg såleis innanfor fylkesgrensa på 900-talet. 

Austfjordgardane, frå Elvik til Kvingo, kom under Eikanger skipreide. Men frå 1774 kjem Masfjorden under Lindås skipreide, og gardane langs Austfjorden i 1853. 

Masfjorden er eit bygdelag med gode skogsvidder, og det har vore skipa mykje ved og bygningstømmer utover til kystbygdene. Det var vanleg å skaffa seg tømmer frå Masfjorden i byte mot fisk.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal