Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Bygdebøker
Fjon frå fjell til fjord
Masfjordboka 1978
Leksikon
 
 

     


 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

     

Lekpredikanten Ludvig Hope 
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 10.06.2004

Ludvig Hope, f. 17. januar 1871 på garden Hope i Masfjorden, var alt som 19-åring reisepredikant for Norsk Luthersk Misjonssamband (Kinamisjonsforbundet). I åra 1931 - 36 var han generalsekretær i forbundet. 

 
Bilde viser utsnitt frå minnestøtta over Ludvig Hope. Foto: Scandion. 

Ludvig Hope hørde til den kyrkjekritiske retninga innan lekmannsrørsla på Vestlandet (broderringen). For Hope var kyrkja ein folkepedagogisk institusjon som skulle «berede» grunnen, og han avviste tidlig det kyrkjelege embete og kravde rett for lekmenn til å utdele nattverden. 

I åra etter 1906 stod det skarp strid om dette spørsmålet, som blei løyst ved at Stortinget i 1913 gjekk med på kravet om «nattverdens frigivelse», dvs. rett til privat nattverd innanfor Den norske kyrkja. 

Ludvig Hope skreiv fleire kyrkjepolitiske traktatar : 
Nadverdspørgsmaalet (1906) 
Veien (1920) 
Kyrkja og Guds folk (1923) 
Framtidslinene i norsk lekmannsarbeid (1928) Kyrkja og lekmannsarbeidet (1932). 

Minnestøtta over Ludvik Hope står tett ved kyrkjeporten til Sandnes kyrkje. Foto: Scandion. 

Under den tyske okkupasjon av Noreg (1940-45) vart det eit midlertidig brot i kontakten mellom kyrkje og stat. Det kom etter at okkupasjonsmakta i 1942 bestemte å markere nazileiaren Vidkun Quislings utnevning til statsleiar, med ei festgudsteneste i Nidarosdomen. 

I dei vanskelige krigsåra blei det danna nye alliansar innenfor Den norske kyrkja. Dei sentrale personane i dette var biskop i 
Oslo, Eivind Berggrav, og dei to leiarane innenfor den pietistiske rørsla, Ole Hallesby og Ludvig Hope. Via disse tre blei kyrkja ein integrert del av den nasjonale motstandsbevegelsen. 

Hausten 1940 var Hope med på å stifte Kristent samråd, og han var medlem av den mellombelse kyrkjeleiinga frå starten sommaren 1942. Saman med Ole Hallesby stod han bak kyrkjeleiinga sitt brev til Quisling om jødeforfølginga (okt. 1942) og arbeidsmobiliseringa (mai 1943). 

Ludvig Hope blei arrestert og ført til Grini saman med Ole Hallesby den 13.5.1943. Etter dette gjekk kyrkjefronten si leiing «under jorda». 30.8.1943 blei Hope slept fri. 


Sandnes kyrkje. Foto: Scandion. 

Ludvig Hope skreiv bl.a. desse bøkene.: 
Aand og kraft (1918) 
Kristus vårt liv (3. oppl. 1920) 
Kyrkja og Guda folk (1928) 
Mot maalet (5. oppl. 1935) 
I liv og død (1928) 
I disse siste dager (1937) 
Skrifter i samling utkom i 9 bind 194548. 
Rundt jorda - og på Grini (1946) 
Eit ord i dag (1947) 
Det gjorde Gud (1947) 
Ein bibliografi av W. P. Sommerfeldt kom ut i 1948. 

Sitat av Ludvig Hope : 
1. Den som ikke har gudsfrykt i arbeidsklærne, har det heller ikke noe annet sted. 
2. Se alt du har å gjøre som en gudstjeneste, - da blir du sterk og glad i din gjerning. 

Ludvig Hope døydde i 1954 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal