Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

    
Ei lita utgreiing om masfjordbunaden 
Forfatter: Sollaug Birkeland

Det vart eit stort sakn for meg då eg kom ut og saman med jenter frå andre deler av landet, at eg ikkje hadde ein bunad som eg kunne kalla min. Andre jenter møtte opp til fest i sine vakre bygdebunader. Den «nasjonaldrakta» som eg hadde, høyrde ikkje heime nokon stad. Så vart interessa mi vakt for dette at det måtte vel finnast fram til korleis kvinnene kledde seg i eldre tider, til høgtid og kyrkjereis, her i bygda. 

Arbeidet mitt førde til at eg i nokre år reiste kring i Masfjorden, og eg hadde såleis høve til å snakka med eldre folk. Og i samarbeid med ei no utflytta lærarkone frå Solheim, Lisa Brundtland, vart bunaden slik som de ser han på biletet. 

Her var diverre ikkje så mykje av gammalt som var teke vare på. Men fargen vart snart grei: mørk blå, eller 12 skillingsblå som dei gamle kalla det, då det sende vevane sine til farging. Flatrukkestakken var heller ikkje så vanskeleg å koma fram til. Ein vest (eller øpløt som dei gamle kalla det) i same farge fanst også. Til vinteren hadde dei nok brukt trøya, og då vart halsbølinga og handliningar brukt. Dei har me funne mange av, og dei var pynta med kvitsaum eller annan prydsaum, likeeins skjorta, som vart brukt inni vesten. Gamle bringedukar er her ikkje så få av kring i bygda. Nokre er sauma og nokre har perler og saum på same duken. Vevde forkle brukte dei i eldre tider. 

Dette på biletet er vevd etter eit gammalt forkle frå kring 1850 åra. Her finst nok andre mønstar også, men av dei eg har funne, tykte eg best om dette. 

Dei gamle var flinke med hendene, og dei hadde lite pengar å kjøpa for, difor tykte eg det vart naturleg å nytta handvevde band til kvaring på vesten og nede på stakken, sjølv om her er funne rosekvare på vest og trøye i seinare tider. Mange gamle bandgrindar som finst kring i bygda, minner om det. Dei kunne vel ikkje berre vera nytta til å veva sokkeband til mennene på. 

Hovudbunaden for konene har vore svarthuva av silke til festbruk og kvithuva av lerret til kvardags, eller også til best, då med ein svart klut over med frynser kring kantane. Eg har funne eit hårband med eit lite spenne bak i tølene etter bestemor. Etter det eg skjønar må det vera jentene som brukte det, og eg har ikkje vore klår over kva dette var før no i det siste. 

Denne bunaden har vorte vel omtala på dei utstillingane der han ha vorte synt fram. Og stadig fleire skjønar etter kvart at til fest høyrer bunaden med. I bunad er ein alltid festkledd. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal