Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

 
UTBYGGJINGA AV ELEKTRISK KRAFT I MASFJORDEN
Forfatter: Arne L. Hope

Då fossefalla vart selde i Matre og Haugsdalsområda i 1906, vart det teke under, at eit visst tal watt skulle leverast til eindel av dei som selde vassrettane når kraftstasjonen var utbygd. Dette med eit visst tal watt, smiler ein til nå, men ein skal hugsa at dette var ukjende omgrep den gongen då folka var vande med ei oljelampe og ei lykt til lys i myrketida. 

Samstundes krov heradsstyret 300 hk el. kraft til bruk i kommunen til ymse tiltak, som småindustri, elektrisk lys, drift av maskiner jordbruket, o.s.b. Alt dette syner at det var ukjende krefter ein stod overfor. Og der ingen den gongen såg kva denne utviklinga førde med seg, med det som i utnyttinga av desse kreftene til bruk for den enkelte i hus og heim ville skapa om livsvilkåra. Me skal berre godta at me hadde gjort det same på den tida. 

Men ettersom åra gjekk og dette vart meir ålment kjend, så endra også det ålmenne synet seg på desse ting. 

Med krigsåra 1914-1918 kom landet inn i ei jobbetid med skipsfart og transitthandel mellom krigførande makter, som ingen hadde sett maken til. Og med pengeflaum auka tiltakslysta og det vart ein aktivitet på så mange område både her og der. 

I vår kommune liksom i mange andre, kom spørsmålet om elektrisk kraftutbyggjing opp som ei av dei største saker til løysing då. Og i kommunestyremøte den 4/2 1916 vart det vald ei nemnd som skulle greia ut denne saka. Med i nemnda var: E. A. Riisnes, A. J. Riisnes, Lars N. Kvinge, K. Otterstad, Erik Andvik, Ivar Eikemo og Sakarias Kjetland. 

Det var tiltak i gang med utbyggjing av Hommelfossen kraftstasjon på den tida. Og dette selskapet gav eit tilbod på levering av kraft til kommunen derfrå, i skriv 24/1 1918. Men nemnda såg ei føremun i å byggja ut eige kraftverk antan i Blåfallselva eller i Sørkvingevassdraget. Kommunen tok opp eit lån på 10.000 kr. til å greia ut desse planane. 

Den 4/6 og 20/6 1916 låg det på nytt føre tilbod om levering av kraft frå Matrefallene v/ing. Gjesdal. 

Me var komne ut i fyrste etterkrigsåra. Og mange ting endra seg fort då i økonomien. Folk var byrja stussa på mange tiltak. Ville ei løysing med så lange avstandar og grisgrendt busetnad vera så økonomisk forsvarleg at folk makta eit slikt tiltak? Dette var spørsmålet kommunestyret stod overfor. Dei fann dette uforsvarleg slik situasjonen då låg tilrette. Og planane vart såleis lagde bort. Men dei føremuner den elektriske krafta hadde på så mange omkverve levde det mellom folk som eit ynskjemål å gjera nytte av den der det kunne vera vilkår for det. 

Då planane om ei kommunal kraftforsyning hadde falle bort, tok folka i ei rekkje av grendene, der det var elvar og fossefall, opp eit samarbeid og bygde på den måten ut ei rekkje mindre elektriske grendeverk. Dei løyste på den måten spørsmålet, sjølv om det i mange høve vart provisoriske tiltak medan eit stort kraftverk elles ville skaffa stabil kraftframføring. Men sjølv om det mange stader vart ei provisorisk løysing, så var det likevel til nytte og glede for mange i lange tider, desse løysingar. 

Det fyrste grendeverket vart bygt på Solheim. Anton og Nils Solheim var mekanikarar hjå Wikmann på Rubbestadneset. Dei bygde der ein liten peltonturbin som dei sette opp i ein liten stasjon. Og med ein tilsvarande dynamo vart dette til lys for busetnaden på Solheim. Dette var i 1918. 

Omlag på same tid bygde Johan Otterstad ut ein mekanisk verkstad ved Sandneselva. Den skulle drivast med elektrisk kraft. Frå dette verket vart det så bygt kraftline til Sandnesgrenda. Ulempa var at det var lite oppdemingsvilkår slik at i turkebolkar så vart det lite både av kraft og spenning på nettet. 

I 1919 bygde oppsitjarane i Haugsdal, Tverberg og Kjetland eit grendeverk i fossen ned for Tverberg. Det var eit likestraumsverk på ca. 35 kW. Men heller ikkje denne elva hadde vassføring nok til full kraft i turkebolkar. Og fekk såleis lite spenning på nettet i slike periodar. Dei hadde verket i drift til B .K.K. leverte kraft frå Matre på det kommunale kraftnettet. 

Same året bygde Torgeir Nordland og ein Håland ut ein liten trevarefabrikk på Nordland. Den var driven med turbin, med kraft frå Nordlandelva. Og i tillegg kjøpte dei ein dynamo på 4,5 hk til lys. Bruka på Nordland fekk lys derfrå, men måtte som vederlag byggja demme i Storevatnet for regulert vassføring. Skulehuset fekk også lys derfrå. Då det ikkje var regulator på maskina, stengde dei av straumen om natta. 

I 1925 sette Kvinge Ullvarefabrikk inn ein dynamo til drift av maskiner på fabrikken og til lys. Frå denne leverde dei så kraft til ialt 15 huslydar i Sørkvingeområdet. Dette verket vart i 1946 utvida til 100 kW. og i 1963 til 150 kW vekselstraum. 

Kring 1925 bygde Elias Hope på Kvinge ut eit lite kraftverk på 1-2 kW. 

I 1921 bygde brørne Ludvik og Mikal Nordvang ut eit kraftverk på 4 kW i ein foss i Tangedalselva. Dei leverte kraft derfrå til garden Buskhaug. Dei hadde også periodar med lite vassføring til full spenning. Verket vart nedlagt i 1955. 

Erik Tangedal hadde bygt ut sagbruk og tynnefabrikk i Frøysetelva. Han sette der inn eit lite kraftverk til lys i heimen sin på Utlebøen. 

I 1932 bygde oppsitjarane på Indre Hope eit kraftverk på 6.5 kW. Dei hadde same ulempa som gjorde seg gjeldande dei fleste stader at reguleringsvilkåra var for småe. Det vart såleis periodar med for lite vatn. Dette verket var i drift til 1959. Dei gjekk då over til den kommunale kraftleveringa. 

I krigsåra 1940-1945 vart det bygt ei rekkje små verk her og der, då det var vanskeleg med olje til lys. 

I Stordal bygde dei eit kraftverk som skulle gjeva både lys og kraft til Fjellstova som dei då dreiv. Avdi røyrene var for små, fekk dei berre ut 7.5 kW av maskinane. Dei kjøpte nye større røyrer til utviding. Dei låg i løa på lager i 1945. Desse brann då opp saman med alt det andre. 

Ut over det hadde tyskarane lagt ein sprengladning på turbinen for å øydeleggja det heile. Denne fekk såleis ein skade. Det heile førde til at det ikkje vart utviding av verket seinare. Verket var i drift til B .K.K. demde det ned ved regulering av Stordalsvatn. Då vart det bygt kraftline fram frå B .K.K. si høgspentline. Og Stordal fekk kraft frå kommunen sitt kraftlag. 

I 1942 sette Johan Dragøy opp ei såkalla vindmølle som dreiv ein dynamo på 12 V. Dette verket lada opp straum på batteri til lys i husa på Dragøy. Det var i drift til 1954, då kommunal kraftline vart frambygd. 

På same tid sette Alf Holmås opp eit lite kraftverk i ei lita elv som renn ut i Torsvik. Det var på nokre hundre watt, 220 V, og leverte lys til heimehusa. 

A. J. Riisnes bygde eit verk på 500 W, 220 V i ei elv frå Lammetjørna på Hosteland. Lars og Kaspar Reknes bygde eit verk på 1 kW, 220 V i ei elv son renn ut i Reknesvågen. 

Johan Brun budde under krigen i 2.dre høgda i Mollandseid skulehus. Han bygde eit verk på 500 W i elva frå Mollandsvatnet til lys i skulehuset. 

Tor Bergsvik bygde ut eit verk på 1,5 kW i ei lita elv som renn ut i Bergsvik. Det var i drift til 1961. Frå den tid overtok M.k.k. kraftleveringa. 

I 1946 bygde brørne Hans, Magnus og Gunnar Daae eit kraftverk i Frøysetelva like ved utlaupet av Sleirsvatnet. Det er på 10 kW 220 V. Dei har rikeleg vatn, og verket er framleis i drift. 

I 1947 vart det av oppsitjarane på Store-Sleire og Saghågjen bygt eit verk i Markhusdalselva. Det var på 20 kW 220 V. Verket vart øydelagd ved ein stor flaum i 1966. Dei fekk frå den tid kraft frå M.k.k. 

I 1948 bygde Hans Molland eit verk på 1.5 kW i Fossdalselva. Det var i drift til 1962. Då vart det bygt line fram frå transformator på Eikemofossen. 

I 1947 bygde Arthur Molland eit verk i elva nord for øyra. Det vart seinare flytta til Lauvfossen. Det var på 4 kW. Det vart nedlagd i 1966. 

Erling Kvamsdal sette opp eit verk i ei lita elv som renn ut i Kvamsdal. Seinare gjekk Erling og Botolv Kvamsdal saman om eit verk på 4 kW i elva mellom Kvamsdal og Byrkjeland. Dette vart nedlagt i 1960 då M.k.k. bygde kraftline til gardane der oppe. 

Lars Nordland bygde eit kraftverk i 1940-50 åra. Det var på 8 kW. Han selde frå det straum til handelsmennene på Andvik. Brukarane på Totland bygde eit lite verk i Kvernhuset ovafor garden i 1929 på 2 hk. I 1950 bygde dei nytt på 30-40 kW. Dei leverde då kraft til alle på Totland og Nordland. Det vart nedlagd i 1973. 

Smeden M. M. Hope hadde eit verk i fyrsten av 30-åra på ei par kW. Det var straum både til lys og koking, såsant smia ikkje gjekk for fullt. 

Laurits Haugsdal hadde eit verk på 1 kW i elva i Skeidal under krigen. Ola J. Kvingedal bygde eit i 1941 på 1,2 kW delt på 3 huslydar der. Gotfred Kvingedal bygde eit same året på i kW. 

Bertin Kvinge bygde eit i 1943 på 7 kW. 15 huslydar delte denne staumen. Nordkvingo grendaverk vart bygd i 1950. Det var på 32 kW, og 19 huslydar var saman om dette. 

Alfred og Johan Einestrand bygde eit verk på 3,2 kW i 1945. 

Johannes og Birger Mjanger bygde eit verk i 1942 på 3,2 kW til 4 huslydar der. 

Magnus Bjørnevoll bygde eit verk på 1 kW i 1940. Han utvida det seinare til 3 kW. Då tyskarane tok vatnet frå denne elva til bruk i sandtaket, fekk han kraft frå dei frå Hommelfossen. 

I 1947 bygde Fossebrukarane eit kraftverk på 8 kW på stupet av Brydalselva. Dette var i drift til 1957. Frå den tid fekk dei kraft frå B.K.K. 

Joakim Hennøy bygde eit verk i elva ved Gåtene. Han hadde dette i drift ei årrekkje. 

Magnus og Arne Eikemo bygde også eit lite verk til lys i krigsåra. Bertin Haugsvær sette opp ein dynamo på 500 W i kvernhuset sitt. Og Anton Matre sette opp ein dynamo på 12 V i same elva. 

Henning Haukeland bygde eit verk på 30 kW i 1951. Dette verket vart nedlagd då B .K.K. førde vatnet frå denne elva over til Matre kraftstasjon. 

Hommelfossen kraftstasjon vart sett i drift av tyskarane til bruk ved sand-drifta på Litle Matre, i 1944. Då dei måtte kapitulera med all sin aktivitet i mai 1945, vart denne stasjonen stogga. 

Norsk Hydro hadde i 1944 selt alle sine rettar i A/S Matrefallene til Bergens kommune ved «Bergen byting» som det den gongen heitte. Oppsitjarane på Matre tok opp spørsmålet med dei dåverande styresmakter i Bergen om å få setja stasjonen i gang att og få leiga kraft frå den til bruk i Matreområdet. Den kom i drift i desember 1945. 

Når ein skal sjå på dei mange tiltak som er gjorde av folka i grender og gardar her og der for å få nytta dei føremuner den elektriske krafta har til så mangslags bruk, så var nok den løysinga dei fleste hadde kome fram til, provisoriske tiltak. Det måtte såleis leggjast opp til heilt andre ordningar vedkomande kraftforsyninga. Spørsmålet var teke opp av dei som sat i styringa i 1944. Dei hadde også fått lagt opp ei viss planløysing. Denne kom ikkje til gjennomføring. 

Då det nye heradsstyret kom i arbeid i 1946 vart denne saka teken oppatt og då med full tyngd. Ei ny nemnd vart vald til å løysa denne oppgåva. Dei som der var i leiinga var ordførar Magnus Halsøy og Ame J. Riisnes som formann i styret. Det var nok desse to som fekk det meste av arbeidet med gjenomføringa av kraftforsyninga. 

Dei andre i nemnda var K. G. Reknes, Jon Haugsvær og Lars Kvamsdal. Seinare vart nemnda endra til styre, formannen vart den same men dei andre vart då: Jon Haugsvær, Alf Holmås og Alfred Nygård. 

Første spørsmålet nemnda tok opp, var kraftforsyninga i området. Kraftstasjonen i Hommelfossen var ei naturleg kraftkjelde å ta i bruk, slik den då var i bruk til kraftforsyning i Matreområdet. Det vart teke opp tingingar med Bergens Elektrisitetsverk, som då administrerte Matrefalla, og seinare med B .K.K. då dei overtok rettane. Det tok år før det vart løysing på denne saka. 

Kraftleveringa låg likevel slik tilrette at det måtte finnast ei løysing på den med tida. Og nemnda gjekk over til å finna løysingar på framføring av kraftlinenettet. I det spørsmålet stod dei over for dei same vanskar som i 1918, med eit langt, dyrt linenett gjenom grisgrendt busetnad. 

Synet i statsadministrasjonen på å skaffa elektrisk kraft fram til utkant-Noreg, hadde med åra endra seg mykje. Skulle dette kunna gjenomførast måtte dei tettfolka, rikare landsdeler vera villige til å hjelpa til ei slik løysing ved at det vart gjeve statstilskot som ei ekstrahjelp. I prinsippet var dette synet gjenomførd, og var administrert av Norges Vassdrags og Elektrisitetsvesen. 

Frå Masfjorden kommune vart det send søknad om tilskot til kraftlineframføring innan kommunen på slikt grunnlag. Resultatet vart at det vart gjeve eit tilskot på 600.000 kroner av staten i fyrste omgang. Seinare vart det gjeve eit ekstra tilskot til forsterking av kraftlina fram til Furebotten, for uttak av kraft derfrå til Brekke og Gulen kommunar. Ut over dette vart det seinare gjeve eit tilskot på 152.000 kroner. 

Med så stor hjelp frå staten vart det så søkt om lån i Kommunalbanken på 720.000 kroner. Dette vart også godteke der. Då ymse ting kom til og gjorde det heile dyrare, måtte det seinare til ymse tilleggslån. 

Ut over lån og tilskot vart det vidare kravt inn 200 kroner av kvar einskild som ville få tilknytingsfeste for kraftlevering. 

Frå alders tid, hadde dette med å hjelpa kvarandre i kritiske fellestiltak havt stor hevd mellom folk. Dette er velkjende ting. Ikkje minst når ein tenkjer på all vegbyggjing som er utførd ved pliktdagsverk rundt land og strand. 

Denne løysinga vart også teken i bruk ved kraftlinebyggjing. Kvar husstand skulle såleis yta gratis 20 dagsverk som plikt. Dette vart ei stor hjelp som sparde på kapitalen. 

Ut over dette gav så grunneigarane fri grunn til alle kraftliner. Dette med kraftliner langs skoglier skapte nok vanskar for mange til transporten, så for slike var nok gratis grunn ei ekstra yting. Men alle såg så stort på fellesbåten at ingen tenkte på godtgjerdsle for slikt. 

Overingeniør Lægreid ved Hordaland fylkes elektrisitetsforsyning var konsulent for nemnda vedkomande det faglege. Ein ingeniør Børslien vart leigd til å stikka høgspentlina. Då alt var kome så langt at planleggjinga var fullførd, vart arbeidet sett ut på tilbod. Entreprenørfirmaet Ingeniør Olav Aga fekk arbeidet på høgspentlina, frårekna fjordspennet ved Selvåg. 

Les ein gjenom møteboka til heradsstyret finn ein at det har vore «bylgjer» der vedkomande byggjing av kraftlina. Nå er dette med opposisjonar i eit heradstyre velkjende ting. Det er vel ein av dei demokratiske rettar folka har, og kan vel såleis vera noko av ein kulturrett og eit kulturbilete i det politiske spelet. Så for såvidt står ikkje denne saka onnorleis enn mange andre. Men i ei kultursoge kan det vel vera av ei viss interesse å ta med ein liten bite av denne sida også. Og eg tek med slik møteboka syner denne sakshandsaminga. 

Det var påstått at entreprenøren bygde ei line med langt større avstand mellom stolpefesta enn det som stikkinga synte, og at det på den måten ville verta ei mykje svakare line, samstundes som dette gav mindre utlegg for entreprenøren, eller større inntekt. 

Ut frå møteboka syner det seg at det heile hadde bakgrunn i folkeprat der det ikkje var teknisk kunnskap om det som galdt desse ting. Då dei faglege ting vedkomande spørsmålet vart framlagde, gjekk «lufta ut av ballongen». Og den som skulle ta sluttoppgjerdet med entreprenøren måtte pent be heradsstyret om å godkjenna hans arbeid for ikkje å koma i unødige vanskar. At lina var stukken for svak er ei onnor sak. Men det var ing. Børslien og Hordaland Fylkes el. -kontor som hadde ansvaret for dette og for at den seinare måtte forsterkast på kraftlaget si rekning. 

Framføring av lina vart delt i 2 byggjesteg. Den på sørsida var planlagd fram til Mjanger, då Kvingeområdet hadde privat el. forsyning. Dette vart seinare endra til at den vart bygt fram til Sørkvingeområdet mot at dei tok kraftforsyninga frå dette linenettet. På nordsida vart den bygt fram til Ytre Haugsdal. 

Hausten 1952 vart straumen sett på linenettet. Og med det som då var lagt til rette, tok ei ny tid til for masfjordfolka, både i heimane og med gardsdrifta og elles for ymse industrielle tiltak. Dette året vart såleis eit merkeår i Masfjorden si soge. 

Byggjesteg 2 tok til i 1959 og vart ferdig i 1961. Den omfata desse grender og gardar: Løveide, Øyra, Lia, Kvamsdal, Byrkjeland, Lindebotten og Brekkene, på nordsida av Masfjorden. På sørsida var det Skuggedal og Barlindbotten. 

Og i indre fjorden var det garden Hope som fekk e.l. kraft ved dette byggjesteget. I 1961 vart det lagd sjøkablar til Raunøy og Herøy. I 1971 vart det så lagd fram kraftline til Mollandsøy. Den siste bustaden i Masfjorden. 

Det kan ha ei viss interesse av å sjå utviklinga i sal av el. kraft i kommunen. Og ein tek med nokre tal som kan syna dette. Tala viser årstal, maksimal last i kW og forbruket i kWh (kilowattime). Siste talrekkja viser inntekt av straumsalet: 

1955 - 550kW - 135.000 kWh - kr. 70.000 
1960 - 1050 kW - 5,3 mill.kWh - kr. 200.000 
1965 - 1600 kW - 6.6 mill.kWh - kr. 295.000 
1970 - 2070 kW - 10,2 mill.kWh - kr. 460.000 
1975 - 2380 kW - 12,25 mill.kWh - kr. 715.312 

Det elektriske kraftforbruket har såleis auka sterkt i denne 20-års perioden. Gulakraft (kraftlaget i Gulen kommune med fleire) kjøper også kraft frå BKK sin kraftstasjon på Matre, og dei nyttar Masfjorden kommune sine liner for overføring av kraft via Furebotten og Rambjørg. Dette saman med kraftauken i Masfjorden har ført til at kraft- og spenningstapet på dei lange liner frå Matre til ytre Masfjorden har vorte altfor stort. Kraftlaget har havt mange planar for å retta på dette, men åra gjekk utan at planane vart gjenomførde. 

I 1975 sette BKK under spenning ei kraftline frå Matre langs nordsida av Masfjorden til Halsvik og med sjøkabel derfrå til Mongstad for å forsyna industrisenteret der med el.kraft. 

Masfjorden kom.kraftlag og Gulakraft vart samde om å byggja ein felles transformatorstasjon ved Frøyset (Tangedalsvatnet). Dei fekk avtale med BKK om å ta ut kraft til den frå denne 132 kV fjernlina til Mongstad. Denne stasjonen har fått namnet Frøyset transformatorstasjon. Transformatoren er på 15.000 kW og den transformerer spenninga ned frå 132 til 22 kV. Den vart sett i drift i 1976. Indrefjorden og deler av Gulen fær framleis kraft direkte frå Matre kraftstasjon. 

Frå Frøyset transformatorstasjon skal det nå byggjast ei ny 22 kV line til Selvågnes, som er eit tyngdepunkt i Mkk sitt kraftlinenett. Med denne utbyggjinga og ein god del forsterking av nåverande liner, vil Masfjorden få ei god kraftforsyning i lang tid framover. 

Det er nemnt tidlegare at tiltaket med den elektriske kraftforsyninga kravde både pågangsmot og handlekraft av einskildpersonar. 

Dei som gjekk i brodden var ordførar Magnus Halsøy og A. J. Riisnes som formann i styret. Dei fekk såleis det meste å gjera med det som vedkom planleggjing og byggjing i fyrste byggjesteget. Halsøy slutta som ordførar i 1956, A. J. Riisnes slutta som formann i styret i 1957. Elles i styret har desse vore med fram til 1960: 

Alfred Nygård frå 1949, formann frå 1957. Alf Holmås til 1952. Jon Haugsvær til 1955, Arne L. Hope frå 1955, Sverre Matre frå 1957, Johs. Mjanger frå 1957. Seinare har det vore ymse utskiftingar i styret. 

Byggjeleiar var Ole Heggernes frå Hjelmås. 

Frå 1955 vart Konrad Askeland tilsett som driftsstyrar. Han var i stillingen til oktober 1957. Då vart Brynjulf Kristiansen tilsett. Han var der til 1/11 1965. Frå den tid vart Gunnar Daae tilsett og han er der framleis i 1977. 

Dette er i korte trekk mest ei opprekning av det grender og einskildpersonar har fått til for å gjera seg nytte av dei nye livsvilkåra den elektriske krafta skapte for større trivnad og lettare arbeidsinnsats. Men bak kvart einskild tiltak ligg nok ein stor innsats av den enkelte både Økonomisk og ved arbeidstiltak i ei økonomisk vanskeleg tid. 

Men største tiltaket ligg nok bak det kommunen sette i verk. Det skulle stort mot til å gjenomføra dette i den tidsperioden. Det var svak økonomi både på den kommunale og det private plan den gongen. Det var ikkje berre å føra kraftlina fram til husvegg, men alt som skulle til av installasjon og elektriske apparat i heimane måtte kvar einskild syta for. 

Ei økonomisk oppgangstid tok til i den tida og den kom til nytte både for kommunen og den private med eit rikt arbeidsliv. Største orsaka til dette var den aktiviteten kraftutbygginga i Matre-Haugsdalsområdet førde med seg, og som skapte ringverknader utetter til betre betalingsevne og sterkare økonomi hjå den enkelte. Når ein ser alt dette i ein samanheng, så kom dette store, ja, kanskje største fellestiltak i Masfjorden i den rette tid, til gagn og glede for alle. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal