Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

     
Handelsmenn
Forfatter: Lars Nordland

Fyrste handelsstaden i Masfjorden var på Sandnes. 1800 fekk Nils Halvardson Skauge kongel. løyve til å halda gjestgjevarstad på Sandnes med sal av øl og mat til ferdafolk. Det var på Sandnesneset i dei gamle husi som stend der enno. (No - 1943 - bur ingen i dei). Sidan vart der vanleg landhandel på gjestgjevarstaden. 

Skauge var gm.e. etter Kristen Arneson Sandnes, f. Indre Hope. Då Skauge døydde, vart e. Marta Magnesdtr. attgift med Jon Andersson Kringlebotten, som heldt fram med handelen og gjestgjevarstaden. Etter han yvertok Kristen Kristenson Sandnes forretningi. Etter han kom son hans, Kristen Kristenson d.y. Då han døydde vart e. Brista Ivarsdotter attgift med Martinus Arneson I. Hope, som hadde handelen til sin død. Siste handelsmann på Neset var Erik Kristenson Sandnæs, son til Kristen Kristenson d.y. - til han døydde 1927. E. Maria Sandnæs sette seg hus upp på eigen grunn ovanfor eimbåtsbryggja, og handelen på Neset vart nedlagd. 

Ei tid var det handel ovanfor der som eimbåtsbryggja no er, i ein bygnad som var flytt dit frå Evanger. Det var Christen Rasmussen, som fyrr hadde vore gesel i Bergen, som i 1850 kjøpte grunn der av bru. 1. Forutan våningshus sette han ogso upp bakeri, og dreiv bakeri og handel til sin død 1859. E. Anna Marie Rasmusson heldt k.h. fram med handelen. Ho. d. 1867. So hadde ein Helge Olsen handelen ei stutt tid, og etter han kom Christoffer Hanssen. Desse 2 siste var utanbygdsfolk. Christen Rasmussen derimot ætta frå Masfjorden, då far hans heitte Rasmus Jonson Totlandsvik og mori Brita Kristensdtr. Sandnes, dotter til den fyrste Kristen på Sandnesneset. Då Christoffer Hansen slutta, kjøpte Martinus A. Sandnæs husi, som sidan gjekk yver til Erik Kristenson Sandnes. 
Enkja etter han, Maria Sandnæs, reiv dei gamle husi og sette upp nye hus på grunnen. 

Ein annan handelsstad på Sandnes var nede ved sjøen under bru. 2. Den mannen som bygde hus der på bygsla grunn, heitte Jens Larsen. Han tok til med bakeri og handel der ikring 1870. Då selde han til Johan Haldor Hansen, som heldt fram med bakeri og handel. Hansen kjøpte kring 1886, men han var der berre ei stutt tid. Han selde til M. A. Sandnæs, som ei tid leigde huset burt til styrmann Hodneland og kona hans, Ida Hodneland, dreiv handel der ei tid. M. A. Sandnæs hadde huset til sin død, og då yvertok E. K. Sandnæs huset. Han selde til telefonarbeidar Bernhard Ameson Sandnes. Handelen er nedlagd der. 

1890 tok Mons Erikson Sandnæs til med handel i sitt hus millom Neset og huset etter Christen Rasmussen. Han hadde handel der til sin død 1926, dei siste åri saman med sonen Ragnvald. Frå 1926 yvertok dottersonen til Mons, M. I. Kvinge handelen. 1933 bygde han bakeri, som vart påbygd 1938, so det no gjev rom til hermetisk nedlegging av fisk og kjøt. Det er M. I. Kvinge si forretning attåt handelen. Dessutan gjev den utvida bakeribygnaden rom til ein trevare- og møbelfabrik, som Ivar I. Kvinge hev. Sjå under industri. 

Solheim 
1876 tok Jørgen Nilsson Solheim (f. Kalhovd) til med handel i ei bud på Solheim, der som eimbåtsbryggja no er. Ei tid leigde han budi burt til Erik A. Fosse og seinare til Kristen A. Fosse og Johannes Kringlebotten som dreiv handel der millombils. Men sidan heldt Jørgen fram med handelen sjølv til 1897. Då yvertok dottermannen hans, Erik Monsson Sandnæs, handelen, som han hadde til sin død 1917. Frå 1917 til 1928 dreiv e. etter Erik Sandnæs, Kaia Sandnæs, handelen. Då yvertok sonen Jørgen E. Sandnes handelen. 

Snekker Rasmus A. Hope som hadde sitt eige hus på Solheim, dreiv ogso handel i fleire år samstundes med Jørgen Nilsson og Erik og Kaia Sandnes, men den handelen er nedlagd. 

Straumsvik under Torsvik 
1882 tok Lars Tangedal til med handel i Torsvik. Men frå 1887 heldt han fram med handelen i eige hus på Straumsvik. 1927 bygde han nytt hus nær ved det fyrste, og der er handelen no. Frå 1935 har sonen Kristoffer Tangedal, drive forretningen til han selde eigedomen til sonen Lars i 1963. Han driv handel framleis. 

Søre Kvinge på Nygård 
8/1 1896 tok Ole Størkson Kvinge til med handel i nybygget på Nygård. Ole tok sidan namnet Nygård til etternamn. 1/1 1934 overtok sonen, Alfred 0. Nygård handelen. Etter mange år overlet han den til broren Anton i 1971. Han døydde 23/10 1973. Då det ingen var av slekta som kunne overta eigedomen vart den seld til Leif Andås. Han driv no handelen der. 

Hosteland 
1906 tok Jonas G. Molland til med handel i eige hus på eigande grunn - Nøstdal på Hosteland. Forretningen vart 1/1 1940 overdregen til sonen Harald Molland. Han dreiv forretningen under firmanamn H. J. Molland. Då vegen Duesund-Risnes vart bygd, kjøpte han parsellen Skoglund frå bn 3 og flytte forretning og bustadshus opp der i 1961. Etter at han døydde i 1968 dreiv kona forretningen ei årrekje. Ho selde den seinare til M. Ulvatn som driv den under namnet H. J. Mollands etterf. M. Ulvatn. 

Frøyset 
1911 skipa Asbjørn K. Daae handel på Frøyset i eige hus. Etter 1922 har enkja, Mathilde Daae, halde fram med handelen til sonen Asbjørn overtok i 1960. Han driv framleies handel. 

Sleire 
13/1 1926 vart det skipa handel på L. Sleire av Ragnvald A. Sleire som sette opp hus på eigen grunn. Sonen Martin heldt fram med handelen. Han er nå (1978) slutta som handelsmann. 
Nordbygda Handel er nå ein tidhøveleg forretning der oppbygd av Astrid Fredriksen frå Store Sleire bn 27. 

Nordre Kvinge 
Frå 1937 har det vore handel på Nord-Kvinge. det var Kristine Rognøy som fyrst tok til med den. Seinare handla Harald Kvinge. Han slutta då han vart tilsett på likningskontoret. Nå driv Martinus og Annlaug Torsvik forretningen. 

Nordland 
Nede ved sjøen like ved grensa mot Andvik kjøpte kaptein Baste Frøyset grunn og sette opp hus i 1922. Fru Marta Frøyset dreiv handel der nokre år, men selde eigedomen i 1926 til Erik I. Andvik. Han heldt fram med handel ei tid. Så leigde han den burt - nå sist til Tomas Krossøy, som 1943 kjøpte eigedomen og driv handel. 

Andvik 
1922 løyste Johan 0. Andvik handelsbrev og tok til med handel i hus han sette opp like opp for bryggja på Andvik. Frå 1/1 1941 overlet han handelen til dottera Jenny J. Andvik som framleies driv forretningen. 

Haugsvær 
Frå 1939 har Knut A. Haugsvær drive forretning der. 

Matre 
1906 skipa M. H. Matre, R. I. Matre og Ivar J. Matre eit lutlag, og dreiv handel der ei tid. I 1908 vart handelen overteken av Ivar J. Matre, og frå 1926 av sonen Jonas I. Matre. Då han døydde vart handelen etterkvart nedlagd. 

Saman med hotelldrifta hadde Ola E. Sandnes handel i butikk under Matre hotel frå 1915. Sonen Emanuel har overteke huset og modernisert butikken. 

Haugsdal 
Kring 1890 kjøpte Kristen A. Fosse ein parsell ved dambåtkaien i Haugsdal. Han bygde hus der og tok til med handel. Den dreiv han til 1921 då han selde eigedomen til Andreas Dyrkolbotn. Han dreiv så handelen til 1950. Då selde han til Ingolf I. Matre. Det låg ei stor steinblokk ovafor husa som kunne vera fårleg for busetnad og bryggja. 
Eindel propaganda kring denne rasfåren då B .K.K. byrja anleggsdrifta i Haugsdalsfjella gjorde at kaien vart flytta over til andre sida av vågen. Ingolf Matre selde då husa ved gamlekaien til Martin M. Matre til nedriving i 1958 og bygde nye hus ved den nye kaien der han driv handelen vidare. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal