Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

     
HANDVERK OG SMÅINDUSTRI 
Forfatter: Lars Nordland

Mest kvar gard, ja mest kvart bruk hadde smedja gjenom heile det nittande hundraåret, og det hev truleg vore so heile den tidbolken som denne boki hev fyre seg. Og mange var dugande smedar. Dei arbeidde spikar i ymse storleik. Spikaren var forma i ei lod, eit malmreidskap kring 20 sm. langt, 3 sm. breidt og kring 1/2 sm. tjukt med hol til ymse storleik gjenom tjukni av lodi. 

I smidavlen vermde dei stongjarn til det vart gloande og hamra det ut til spikarform, hogde so av og dreiv det gjenom holet i lodi og banka so hovud på spikaren med det same. Nokon masseproduksjon vart det sjølvsagt ikkje, og det trongst ikkje heller, for istaden for spikar og boltar var mykje nytta trenaglar både under husebyggjing og når ein laga telfar i båtar, men til sjølve båtbyggingi vart nytta heimasmidd saum og heimalaga firkanta rør. Hengslor, band og lås til kistor vart arbeidde i bygdi - likeeins stengslor for dørar. 

Bitjarn som kniv, sigd, ljå, treskojarn, teksla, (ein reidskap som vart nytta til å hola ut trog og anna med) - alle slike ambod vart arbeidde i bygdi. Likeeins navrar (bor) i ymse storleikar: Spikarbor, rivenavrar, tiljenavrar, bortaksnavar, bygningsnavar og truleg fleire sorter som eg (L . N.) ikkje hev greida på. Ja, ein hev høyrt tale um at dei laga byrsor her i bygdi. Då skeisor kom i bruk, laga masfjordsmedane skreidsko (skeisor som ikkje var uppbøygde framme. Dei enda framme i ein kvass spiss, som vart nytta til feste når ein skulde gjera eit spenntak for å koma fram). 

Litt um senn kom fabrikkvaror i handelen, og det gjorde sitt til at smedkunsten vart mindre ålmen, men sume heldt likevel fram med smedarbeid, sjølv um dei ikkje hadde gjenge i sers lære. 

Nedanfor skal nemnast smedar frå eldre tid - som ein hev høyrt tale um, men det vert sjølvsagt dei færraste. Likeeins skal ein nemna smedar frå nyare tid. 

SMEDAR 
Ola Johannesson Nordland, f. i Kringlebotten 1789, hev i segni fenge namnet Storesmeden. (Truleg avdi han var ein stor kar). Han utførde smedarbeid både til eige bruk og for andre. Ola Olson Kvingedal, f. 1831, var ein sers dugande smed. Han arbeidde millom anna framifrå gode navrar. Sonen Johannes fylgde i farens fotefar med umsyn til smedarbeid. Johannes Knutson Otterstad f. i Modalen, kring 1838, bustad Selvågen millom Reknes og Lauvvik, var ein uvanleg dugande smed. Han hadde smedarbeidet til levebrød. Til han kom folk frå heile bygdi når dei skulde ha smedarbeid utførd. Han var kunnig i allslags smedarbeid: Bitjarn, lås, byrsor og m.m. Han flutte ut or bygdi og kjøpte eit lite jordbruk i Etne då han var i femtiårsalderen. Son hans, Knut Otterstad: busett på Sandnes. 

Søren Hansson Kvamsdal, f. 1777, var ein dugande smed. Han arbeidde seg byrsa, som han skaut ein bjørn med. Erik Olson Kvamsdal, f. på Eikemo 1815, plassmann i Kvamsdal, var dugande smed. Lars Kristofferson Tangedal, f. 1852, dreiv i ungdomen smedarbeid. Vart seinare handelsmann i Straumsvik under Torsvik. Martinus Erikson Holsøy, f. på L. Matre, bygselsmann i Holsøy, var smed. Likeeins bror hans, Johannes Træsdal, bygselsmann i Træsdal under Areklett. Lasse Monsson I. Haugsdal, f. 1842, var ein sers dugande smed. Han arbeidde ei mengd skreidsko både for Haugsdal og andre gardar i Solheim. Han vølte og arbeidde byrsor. Ola Rognaldson Fosse, f. 1843, plassmann på Fosse, var attåt vanlig smed ogso byrsemakar. Son hans, Bernt Fosse, f. 1889, var og sers dugande smed. Flytte til Bergen. Ola Botolvson Kringlebotten, f. 1843 var dugande smed, millom anna navresmed. 
Han flytte til Etne. Steffen Basteson Sætre, f. 1851, (lever endå 1945), var dugande bitjarnsmed, arbeidde m.a. ljår, treskojarn, tekslor og knivar. Bertin Mikkelson Kjetland, f. 1902, er smed og hjulmakar. 

Attåt dei her nemnde kunde nok nemnast mange fleire som utførde vanleg smedarbeid til eiget bruk. 

SNEKKARAR OG BYGNINGSMENN. 
Rasmus Arneson Solheim, f. på I. Hope 1853, var bygningsmann og snekkar. Han hadde ogso læregutar. Martin Nilsson Kalhovda, f. 1857, var ein mykje nytta bygningsmann. Han flytte til Bergen og vart fyrstemann på lageret hjå K. Toftegaard. Ola Erikson Kvamsdal, f. 1847, var ein mykje nytta bygningsmann. Henrik Hansson Daae, Frøyset, f. 1819, var fullt faglærd snekkar. Han flytte ut or bygdi. Guttorm Botolvson Stegebotten, N. Haugsdal, f. 1823, var bygningsmann og snekkar. Erik Johannesson Hosteland, f. 1820 på St. Matre, var snekkar og bygningsmann. Lars Hansson Hosteland, f. på Nordland 1860, var ein sers dugande snekkar og bygningsmann. 
Han var ogso maskinreparatør m.m. Rasmus Botolvson Kvamsdal, f. i Torsvik 1866, var utlærd snekkar. Heldt snekkarskule både i Torsvik og Kvamsdal. Var ogso bygningsmann. Sonen Botolv, bonde i Kvamsdal er ogso bygningsmann. Likeeins sonen Lars, som bur på Solheim. Han lever av sitt handverk. Henrik Gjertson Daae, Frøyset, f. 1866, var snekkar og bygningsmann. Dreiv i fleire år snekkarskule på Frøyset. Gerhard Hansson Kvamsdal, Sleire, f. 1900, dreiv ei tid snekkarskule på Sleire. Kaspar Gjertson Reknes, f. 1898 hev dreve mykje med bygningsarbeid. Gudmund Erikson Hope, f. på S. Kvinge 1846, var snekkar. Han hadde snekkarskule i mange år på Hope. Sonen Elias G. Hope er snekkar, og hev i mange år vore lærar på dei snekkarskeid som Masfjorden skulestyre hev i gang kvart år. Bernt Bertelson Kringledal, f. 1871, er ein dugande og mykje nytta bygningsmann. 

Her er medtekne dei som hev dreve sers med snekring og bygningsarbeid. Men det er mange andre som hev vore med på bygningsarbeid, utan at ein kan seia at det hev vore hovudarbeidet deira eller at dei hev merkt seg ut. 

BÅTBYGGJARAR. 
Jon Jetmundson Hosteland, f. på Risnes 1774. Han var ein dugande båtbyggjar. Han bygde helst store båtar: firkeipingar og femkjeipingar. Sonen Jetmund Jonson, f. 1806, var ogso båtbyggjar. Dei mest namngjetne båtbyggjarar var Erik Matiassen Holsøy, f. 1820 og Erik Johannesson Andvik, f. 1810. Dei hev båe tvo bygt kring 300 båtar kvar: Færingar, trikeipingar, firkeipingar og femkeipingar. Martinus Erikson Holsøy, f. på L. Matre 1824 og bror hans, Johannes Træsdal, f. 1838, var båe dugande båtbyggjarar. Anders Olson Raunøy, f. 1836 og brorson hans, Ivar Martin Monsson Raunøy, var ogso båtbyggjarar. Ludvik Jakobson Stølsnes (Torsvik), f. 1868, bygde båtar. Severin Ivarson Areklett (Solstrand) byggjer båtar. Likeeins sonen hans, Magne Solstrand byggjer sers fine båtar. Men framum alle i nyare tid stend Ivar Jakobson Areklett, f. 1905. So ung mann han er, hev han bygt kring 40 båtar, mest feringar. Harald Erikson Holsøy, f. 1908, byggjer små farty for motordrift. Lars Erikson Tangedal, f. 1902, bustad Frøyset, byggjer båtar. Likeeins Birger Salamonson Kvamsdal, f. 1907. Jon Jonson Kikald, Kvingo, f. på Kleiven i Myking 1857, var ein sers dugande båtbyggjar. Frå nyare dato er Ivar Isakson Mjanger, f. 1913. Han er flink båtbyggjar. 

Forutan vanlege båtar vert det i Masfjorden bygd ein båttype som vert kalla ferjor. Det er flatbotna farkostar med gavel både for og akter. Kristian Hanson Torsvik, f. 1828 bygde mange ferjor. Likeeins Gjert Hanson Daae, Frøyset, f.1820. Prisen på dei fyrste ferjone var kring 8 kr. Mikal Martinusson Frøyset, f.1880 var sers dugande ferjebyggjar. Han var ogso sers flink snekkar og bygningsmann. Bygningsmann var ogso bror hans, Ludvig Frøyset. 

SVARVARAR (DREIARAR) 
Fyrr trekjørli var gjengne av bruk, var det i bygdi mange som svarva kjørler: Bordiskar, fat og ølskåler og andre skåler. Ein av dei var Lars Sevatson Andvik, f. 1852. Ein annan var Ola Jetmundson Eikebotten, f. 1815 og Rognald Olson N. Haugsdal, f. 1837. Johannes Gutormson Frøyset, f. på Totland 1853. Hans B. Wergeland hadde tidhøveleg dreiebenk og dria ei mengd med ølskåler, som han sende til Os og fekk måla og utstyrde med fundeord på. 

Treskomakarar var her mange av i bygdi og er her endå. Sers vil eg nemna Jon Rasmusson Hosteland, f. i N. Haugsdal 1845. 

Som en kuriositet kan nemnast at Martinus Andersson S. Kvinge (Martines L. Viko), f. 1822, arbeidde ambarar (holkar) med berre eit reidskap, tollekniv. 

Det kunde truleg vore nemnd mange fleire nævenyttige menn, men ein hev ikkje nok lokalkjenskap. 

SKOMAKARAR 
Kvardagsskor var mest kvar mann før å gjera sjølv. Men skulde ein ha kyrkjesko (styvlar) og sjøstyvlar, måtte skomakaren til. Til yverlæer nytta han heimebarka huder, og når ein vilde ha skomakar, fekk ein han på huset, og han kunde då vera hjå same mannen både åtte og fjorten dagar. Då vart gjerne heile lyden forsynt med bestsko eller styvlar. 

Av skomakarar som hev reist ikring på arbeid hjå andre, eller som hev site som fastbuande skomakarar, kan nemnast: Bendik Rognaldson Gjildreneset, plassmann under Molland, f. 1846. Jakob Hansson Hatlevik, f. 1862, Hans Nilsson Hatlevik, f. på Rambjørg 1851, Lars Monsson Fagrevik, f. på St. Sleire 1844, bustad: L. Sleire, Johannes Olson Lauveidet, f. på øyri under Molland 1861. Bernt Rasmusson Furebotten, f. 1837 budde ei tid i leigd hus på Sandnes, sidan i Lauvvik. Kolbein Trondson Reknes, f. Kvingedal 1840, Gunnar Nilsson Kalhovda, f. 1842, sette seg ned som skomakar på Sandnes. Klaus Erikson Kvamsdal, f. 1847, bustad Bergsvik i eiget hus. Ivar Nilsson, f. S. Kvinge 1854, bustad N. Kvinge. Han lever og arbeider sko enno (1954). Ola Johannesson Kvamme, f. 1877, småbrukar og skomakar på S. Kvingo. Sverre Erikson N. Kvinge, f. 1909. Torgeir Kristenson Areklett, f. 1891 hev sete som skomakar i Lidi under Bauge mange år. Anders Nilsen frå garden Hest i Kyrkjebø, f. 1889, hev site som skomakar på Matre i mange år. 

KIPARAR (BØDKARAR) 
Det hev truleg vore dugande tunnearbeidar i bygdi i eldre tider, men ein hev ikkje noko sers fråsegn om dei. Dei få ein kjenner til, er frå seinare tid. 

Ivar Ivarson Hamnen under Rambjørg, f. 1825, var sers dugande kipar. Han arbeidde tunnor og andre kjørler, der botten er innfeld ved kryssing: Tunnor og anker til øl og heimelaga vin, eller saft. Johannes Klauson Knappen på Solheim, f. 1827, var ogso kipar. Men dei som hev dreve kipar- eller bødkararbeid i større stil, er Erik Larsson Tangedal, f. 1873 og sonen Lars Tangedal. Dei hev dreve det reint fabrikkmessig på verkstaden sin på Utløbøen under Frøyset. 

MÅLARAR 
Av alle gamle kistor og skrin som er vakkert måla med namn og årstal, vil ein skyna at bygdi hev havt dugande målarar. Men dei fleste er gløymde. Bonden Jørgen Klausson Lauvvik, f. 1825, var sers flink målar. Ein finn mange kistor, skrin, skåp, ølskåler o.a. med hans skrifttrekk på. Erik Knutson Lauvås, f. på Matre 1840, var likeeins dugande målar. Frå nyare tid hev me Arne Jonsen Hope, f. 1880 og Mikal Kristenson Mollandsøy, f. 1877. Dei dreiv helst med husemåling. På S. Kvinge bur ein ung mann, Harald Rønhovde, som er ein dugande målar. Han hev halde fleire målarskeid. 

SPELEMENN OG FELEMAKARAR 
Noko segn um sers dugande spelemenn frå eldre tid kjenner ingen som lever no. Dei som hev vore nytta til spelemenn i brudlaup og jonsokleik hev alle nytta hardingfela. 

Lars Larsson Kalhovda, f. 1818, var dugande spelemann. Han flutte til Røyrbotten i Guddalen. 

Bernt Rasmusson Furebotten, f. 1837, spelte fela i yngre år. 

Lasse Monsson I. Haugsdal, f. 1842, var spelemann, og han var i si tid den mest nytta spelemann i Solheim sokni. Far hans, Mons Jonson var og spelemann. 

Jamsides han stod Henrik Olson St. Matre, f. 1849. 

Kristian Andersson Solheim, f. 1889, er ein dugande spelemann, som vert nytta i brudlaup no til dags. 

Henrik Monsson L. Matre, f. på L. Sleire 1874, var spelemann. 

Guttorm Botolvson Stegebotten, N. Haugsdal f. 1823, var spelemann. 

Ola Andersson Rambjørg, f. i Myking kring 1820 var ein sers dugande spelemann. 

Johannes Erikson Hosteland, f. 1856 var spelemann. 

Ola Olson Vestevik, f. kring 1860, var spelemann. Budde på Sleire. 

Den mest kjende og sers dugande spelemann i Nordbygdi var Gjert Olson Byrkjeland, f. 1854. Han rakk nok langt framum dei fleste spelemenn i bygdi. 

Johan Martinusson Kvamsdal, f. 1865, spelte i brudlaup i sin ungdom. 

Lærar Arne Kristenson Frøyset, f. 1865, var dugande spelemann. Reiste til Amerika. 

Andreas Bergeson Tangedal, f. 1870, var spelemann. 

Ivar Johannesson Vesteleitet (Frøyset), f. 1870, var spelemann. Han heldt bogen i vinstre handi, endå strengane på fele låg som på vanlege felor. 

Johan Larsson L. Sleire, f. 1879, var spelemann. 

Ludvig Arneson Riisnæs, f. 1827, lærer og klokkar i Gulen var ein sers dugande spelemann. 

Birger Salamonson Kvamsdal, f. 1905 er ein dugande spelemann, og attåt det er han felemakar 

Erik Guttormson Totland, f. 1851, var ein dugande spelemann. Han spelte sers vakkert, men ikkje sterkt. 

Lars Sjurson Molland, f. 1865, var spelemann. 

Jetmund Kristianson Lauvik (Selvågneset), f. 1888, var spelemann og likso dugande felemakar. 

Torgeir Olson Nordland var dugande spelemann og felemakar, f. 1886. 

Maskinmeister Karl Andersson Rognøy, f. 1875, var ein framifrå dugande spelemann. 

Johannes Torgeirson Odnekvamme, f. 1873, bur i Halsøy, hev vore ein sers dugande spelemann. Han hev vore med på kappleikar og hev teke premie tvo-tri gonger. 

Ivar Nilsson Kvinge, f. 1854, hev vore ein sers dugande spelemann og felemakar. Han lever enno (1945) og er ikkje fri for at han tek fela i handi endå. Men no vert det vanleg ikkje rare låtene han kan få til. 

Lars Olson N. Kvinge, f. 1812, arbeidde nokre felor, mest for å ha noko å sysla med meiner sonesonen. Lars var nok helseveik på sine eldre dagar, og kunde ikkje ta del i tungarbeid. 

Sersjant Martinus Erikson Nævdal, uppvaksen på S. Kvinge, son til Erik Olson Sørkvingedalen, var spelemann. Han budde i Bergen og dreiv kjellarhandel. 

Ein som var ein uvanleg dugande spelemann, var Martinus Gjelsvik frå Myling, bustad Ådnøy og Vabu i Lindås. Han var f. i 1820, og spelte i brudlaup då han var 12 år gamal. Mykje nytta i brudlaup både i Lindås og Masfjorden. Han vart gjerne kalla «Småspelaren». Ole Bull fekk han til å spela på teatrét i Bergen. 

SKREDDARAR 
I eldre tid arbeidde kvendi i huset dei klæde husens folk trong, både til karfolk og til kvende. Men når det skulde vera brudgomsklæde, måtte gjerne ein driven skreddar til. Frå eldre tid kjenner ein ikkje til slike skreddarar. Det var truleg kvinnor. 

Frå 1890 åri og utyver til 1935 åri dreiv Lasse Pederson Brensdal og kona Trine Olsdotter skreddarforretning på Solheim. Dei var sers dugande fagfolk. Elles var her mange kvende som reiste kring i bygdi på skreddararbeid. Ein Ola Basteson Kvinge, f. på Gjelsvik, dreiv som skreddar på N. Kvinge i åri frå 1895 og utyver, d. 1916. 

I seinare tid hev folk teke til å kjøpa ferdige klæde i byen, eller å få dei sydde i byen. Her finst likevel mange kvende som syr kvendeklædé. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal