Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

    
INDUSTRITILTAK 
Forfatter: Arne L. Hope

Frå den fyrste tida med busetnad i bygda, var nok næringsgrunnlaget det som natura la tilrette. Der var fisk i elvar, vatn og i sjøen. Det var jakting i lier og fjell. Men hovudnæringa var nok likevel jordbruket, med feal og det næringsgrunnlaget dette førde med seg. Kvar huslyd måtte nok leggja godviljen til i fellesskap for å få til alle dei produkt som måtte til livsopphaldet både av \"bitande og slitande\" som eit gamalt ordtøke uttrykkjer det frå fordums tid. 

Arbeidsplassar utover det som var på garden var mangelvare. Og for dei som voks opp i dei store barneflokkane i den tidsperioden, var nok spørsmålet om kva dei skulle finna næringsgrunnlaget for heimane sine i vaksen alder, vanskeleg å løysa. Mange valde nok å verta plassmenn eller inderstar (det er slike som fekk ein grunn og bygde hus der utan tilknyting til jordbruk). Kva desse overlevde med på den måten, må ein nok stå spørjande ved. Då "Amerikafeberen" greip om seg, valde nok mykje av den beste ungdomen den vegen. 

Eit av dei viktigaste grunnlag for busetnaden i heile tidsperioden fram til vår tid, var naturhushaldet, der praktisk tala alt av bruksting i heimane vart foredla av råvyrke til ferdige ting. Heimeyrket var såleis eit av dei viktigaste ting i næringsgrunnlaget både for mannfolka og kvinnene. 

Då dei oppveksande slekter står så ukjende framfor mykje av det som var kvardagen for forfedrane våre, og at dette med år og tider går heilt i \"gløymeboka\", kan det ha ei viss historisk interesse å ta med i denne historiske oversyna eitt av dei heimeyrketiltak som knytte seg til kvinnene sin innsats i dette fellestiltaket. Og i denne samanheng høver det godt, då det vart laga eit industritiltak til vidareforedling av produktet i bygda. 

Den siste store onna kvinnene var med på førenn vinteren sette inn, var klipping av sauene. Når denne var unnagjord tok deira arbeid til med innhuses yrke. Og av desse var spinning og veving det mest arbeidskrevjande dei hadde. Dette var i det heile ein så arbeidskrevjande og innvikla prosess at jentene måtte opplærast i den alt frå barneåra. 

Av vevgarnet var varpet eller renninga den tråden som måtte spinnast av beste ulla og med sterkaste snuren, for at den ikkje skulle flysjast opp i vevskeia under vevinga. Denne tråden måtte spinnast med snur der rokkhjulet gjekk mot høgre frå snella. Verftet eller innslaget i veven derimot var av mjukare garn og med snur mot venstre eller mot snella. Dette var viktige ting som alle hadde lært. 

Når så spinninga var ferdig ut på vinteren, vart gogna sett inn, kanskje helst i stova, og vevinga tok til. 

Det var stort sett tre slags kvalitetar som vart vevne av ulla. 

Vadmål vart mest brukt til utanpåklede for mannfolka og einskjefte til underklede og til klede for kvinnene. Vyrket for desse tysortane var det same. Det var berre oppbindinga av trøene i gogna og bruken av dei som gjorde at vadmålet vart tjukkare og sterkare som slitety og i eigenskapen i det heile, enn hva einskjefta var det. Dette tyet hadde tunnare og mjukare eigenskap. Ei tridje tysort dei vov var kvitlar. Dette ordet skynar vei knapt dei unge nå, nå heiter det ullteppe. Desse var vovne av garn som var tjukkare i kvaliteten enn det som vart brukt til gangklede, for å få dei varmare og betre til sitt bruk. Elles var framgangsmåten under vevinga den same som for vadmål. 

I kvinnene sin arbeidsrytme måtte vevinga vera unnagjort til påske tider. Då ville våronna krevja deira arbeidsinnsats ute. 

Med vevinga var fyrste delen av arbeidet med tyet unnagjort. Den neste prosessen var stampinga. Ved stampinga skulle fibrane i tyet gjerast mjuke og det heile få ein betre kvalitet. Dette var ein omstendeleg og tung prosess. Førenn tekniske hjelpemidlar kom i bruk, vart tyet oppbløytt med varmt vatn og trakka på, eller spent på mot ein trerull der to sat mot einannan. 

Seinare kom det i gang stamper drivne med vatskraft. Då vart dette meir eit leigearbeid, for dei som ikkje hadde slike stampegogner. På Totland hadde dei bygt opp eit slikt stampehus og dreiv det ei tid. Seinare kjøpte Hans Nordland det og flytte det nedover til Nordlandssida. Sjølve huset står endå, men det er lang tid sidan stampa var i bruk. 

På Kvinge hadde dei også stampe driven med vatskraft. Plassen der dette gjekk for seg heiter framleies Stampebakken. 

Om Kringlebotsfolka er fortalt at dei bar vevene til Nøttveit ved Mofjorden til stamping. 

Farginga av tyet var nok ein enda meir omstendeleg prosess. Opphaveleg var det farging med ymse plantar som vart brukt. Denne fargingsmåten er framleis i bruk i meir kunstnarlege samanhengar i biletveving og teppeveving. Men så kom Indigofargane frå India. Dette var ein meir enkel fargemåte og den overtok etterkvart plassen plantefargane hadde havt til brukstinga. Men fyrst då Anilinfargane kom i handelen vart farginga enklare enn før. Anilinfargestoffa er eit kjemisk produkt som er teke ut frå steinkoltjøra. Dei finst der i heile fargespekteret. 

Framstillinga av desse fargestoffa vart eit av dei store industriprodukt i Tyskland. Det var dette industrikonsernet, Badisch Anilin og Sodafabrikk, som kjøpte opp rettane i Matrefallene, med tanke på fabrikk der. Men der var det salpeterproduksjon som var planlagd. Men då krigen kom mellom stormaktene i 1914 vart desse planane bortlagde for all framtid. 

Dette med foredling og farging av dei heimevovne tyet hadde vorte ein liten industri i ymse bygder. Og farginga vart såleis eit fagområde som krov ei viss opplæringstid. Ein og annan av dei unge gutane med framtak til å skapa seg ein leveveg, valde gjerne dette som yrke. Såleis reiste ein gut frå Kalhovde til Sunnhordland og lærde fargingsfaget og vart fargemeister i Skånevik. Om han er det nemnt litt annanstad i denne boka under avsnittet om lekmannsrørsla. 

Ein annan gut, Rasmus N. Kvamsdal, valde også dette yrket og fekk opplæring hjå fargemeister. Han såg ei framtidig næringsgrein i å starta eige fargeri etter dei nyaste tekniske framgangsmåtar som dei då kjende til. Med så mykje spinning og veving som det var rundt dette området, ville det vera grunnlag for rikeleg av arbeidsoppgåver. 

Ei meir fagleg handsaming av tyet i denne foredlingsprosessen, ville gjeva eit meir verdfullt stoff enn det dei einskilde greidde få til omkring på gardane med eiga hjelp. 

Kvamsdal Dampfargeri 
Rasmus N. Kvamsdal starta så dampfargeri på Sandnes i kjellaren under bustadhuset og bygde til vidare det som trongst av plass til maskiner i åra 1886 til 1907. 

Då denne foredlingsprosessen greip så sterkt inn i alt ty som folk hadde til bruk i helg og vyrke i ein lang tidsperiode, og skapte eit stoff av høgste kvalitet, kan det ha ei viss historisk interesse å kort ta med her litt om denne fargingsprosessen. 

Fyrste handsamingi var stampinga. Der vart tyet gjenombløyt med varmt vatn og elda mellom roterande trerullar. Grunnen for dette er nemnd før. Derfra gjekk det så til fargekjelen som var oppvarma av damp frå dampkjelen. Etter farginga gjekk så det turre tyet gjenom ein maskin med roterande stålkostar. Desse tok tak i ullfibrane og laga ei ru lodden overflate. Denne prosessen heitte i fagspråket overskjæring. For ty som skulle få en meir vakker kvalitet, vart handsama i enda ein annan maskin. Der vart øvste delen av den ru overflata etter overskjæringa, avkutta av roterande knivar og det kom fram ei glinsande overflate med dei avkutta fibrane liggjande i tyet sin lengderetning. 

Denne prosessen heitte i fagspråket bereiing. Fargeriet på Sandnes var det einaste i Hordaland som utførde denne kvaliteten i farginga. Til slutt vart så tyet lagd i pressa og under stort trykk vart det slett og fast. Dette vart så til helgeklede til menn og kvinner, reine stasplagg, når skreddarmeisteren fekk skjæra det til med sin fagkunnskap. 

I 1933 overtok sonen Martinus Kvamsdal fargeriet. Han hadde studert faget i Tyskland og laga også farge for heimefarging. 

Industritiltak som tok til i ymse landsluter til foredling av ulla, gjorde at spinninga etter kvart vart sett bort til leigespinning, men vevinga held framleis kvinnene fram med. 

Med åra kom den eine ullvarefabrikken etter den andre med ty i ymse fargar og mønster. For å selja, sette dei til agentar omkring på bygdene. Og så låg freistinga der, med at det var lettare å kjøpa dette, enn det slit og bal som veving og farging førde med seg. Så vart tilslutt gogna sett bort, og ein lang tidbolk for ein del av næringsgrunnlaget i bondesamfunnet var dermed slutt. 

Denne tidbolken tok til i 1920 åra og held fram til 1945-50 åra. Då det ikkje vart vove meir omkring på gardane, vart det heller ikkje ty til farging. Det vart stillstand i fargeriet på Sandnes. Ein aktiv tidbolk i eit familietiltak var dermed slutt. Nå står fabrikkpipa og minner om ein del av kvardagen både i heimane og i fargeriet og om ei arbeidsform som aldri kjem att. 

Sag og kvernbruk. 
På Søre Kvinge dreiv John Monsen i mange år med sag og kvernbruk som leveveg, og hadde leigd hjelp med seg. Etter at sonen, Enok, overtok eigedomen i 1924, utvida han både sag- og kvernbruket, og fekk det siste godkjend som bygdemylne. Men etter 1945 har kvernbruket for det meste stade unytta. 

Mylnebruk. 
Kring 1880 kjøpte konsul og mylneeigar Ludvig Konow frå Bergen bruk nr. 2 ved Sørkvinge elva og bygde eit større mylnebruk der. 

På Kvingemylna var det jamnast 12-14 mann i arbeid. Arbeidet gjekk dag og natt. Kvar ykt var på 12 timar, frå 6 morgon til 6 kveld. Og deretter nattskift like lenge. 

Slepebåt kom med korn frå byen og tok mjølskuta attende. Ein frostvinter i slutten av 1880 åra, låg vågen og mykje av fjorden tilfrosen, og kornskuta kom ikkje inn. Då sette Konow alt mannskap til å skjera råk utover til open sjø. Men straks dette var gjort kom austavinden og skyssa isen ut fjorden. Slik hender når ein ikkje ser langt nok framover. 

Arbeidsflokken var delt i to lag, kvernpassarar og sjauarar. Siste flokken hadde med lossing og lasting å gjera. Det var slitsamt å ta dei hundrekilo tunge sekkene og bera dei til rettes i lagerhus og skute. Arbeidsløna var 12-14 kroner veka. 

Denne Ludvig Konow var ein både dyktig og drivande forretningsmann. Han åtte mylnebruk både i Gravdal ved Bergen og i Bjørsvik. For å halda tilsyn med alt dette, reiste han kvar veke tur til byen. Han hadde fast skysskar frå Kvingo og over fjorden og som henta han på heimturen. To gonger siglde han båten rundt på slike turar i stormver. 

Han tok opp spørsmål om kanal mellom Vabu og Vågseide, for å korta inn siglingslengda. Saka kom opp i Lindås formannskap 9/2 1887, men løysinga vart så dyr at det vart berre med dette eine møtet på den. 

Så fekk han ideen til kanal gjenom Esevågane, frå Osterfjorden til sjøen ved Svendal i Myking. Denne løysinga vart det heller ingen ting av. Prosjektet har vore framme til diskusjon mange gonger seinare også, men vart berre eit diskusjonsgrunnlag om betre samferdsle. 

Han kjempa fram poststad i Kvingegrenda og vart fyrste postopnaren. Telefonsøknad sende han også inn, men den kom mange år seinare. 

Han overlet eigedomen til sonen, August i 1899, Han styrde mylna fram til 1910. 

1911 kjøpte Gerdt Meyer mylna og elveretten. Han hadde mylna i drift til året 1914. Då vart det stogg med drifta. Han selde det heile til ein forretningsmann i Bergen. Denne selde alt mylneutstyret til nye kjøparar. Bygningane og bruket elles vart seinare selt til Masfjorden Gamleheim. Styret der selde det seinare til Johannes Rønhovde. 

Rønhovde hadde vore medeigar i ullvarefabrikk i Hylke i Åsane. Han gjekk nå igang med same slags produksjon her. Det var til byrja med berre karding og spinning, men seinare også veving av ullteppe. I krigsåra gjekk maskinene for fullt. Folk i by og på land trong om ulltråd og tepper. Arbeidsflokken var jamnast 10-15 i alt. 

Fabrikken brann ned 17. januar 1964, men vart oppattbygt eit par år seinare. 

Ein ny kjøpar, disponent Riis frå Bergen, overtok eigedomen i 1968 og dreiv med spinning av eit slag spesialgarn og farging. Arbeidet gjekk i tre skift og med opptil 20 tilsette ei tid. Men i 1972 vart det brått stogg. Masfjorden kommune er nå eigar av eigedomen. Sjå elles Bind I, s. 816. 

Trevarefabrikkar 
Elias Hope, på br. 16 på Sørkvinge, tok opp snikkararbeidet etter faren og dreiv verkstaden i nokre år. Faren hadde stelt til ei lita sirkelsag på verkstaden, som måtte drivast med handemakt. Elias freista med ei betre løysing: Han laga eit vasshjul med skovler og monterte i elva kring 150 meter frå verkstaden sin. Kraftoverføringa til verkstaden fekk han med stålwire som gjekk over trinser fram til verkstaden. Krafta var så stor at han dreiv både bandsag og ei lita sirkelsag. Igangsetjing og stogging ordna han frå verkstaden.Seinare fekk han ein båtmotor til driftsmaskin. 

Elias var ein sers dugande handverkar. Såleis laga han svært gode høvlebenkar. 

Mikal Kaspar og Johannes Kvinge kjøpte i 1918 ein grunn ved Nordkvingeelva (sjå bn. 15) og bygde der hus til ein trevarefabrikk. Etter nokre år selde Mikal sin part til Bjarne Kvingedal som også etter nokre år selde parten til dei to andre eigarane. 

Det var serleg tropper, dørar og glaskarmar dei arbeidde, men også benker og talarstolar til forsamlingshus. Såleis til Granneheimen og fleire. Somme år hadde dei læregutar. På jamnen var dei 5-6 mann i arbeid. Verkstaden hadde dei i drift til 1966 då dei for skuld alder måtte skilja seg med han. 

Kvinge Møbelverkstad 
Verkstaden vart starta i 1950 av Magnus Kvinge, Monrad Kvinge, Bjarne Kvingedal, Trygve Kvingedal og Harald Kvingedal. Alfred Nygård var eigar av huset og åtte ein part i verkstaden. 

Drivkrafta til maskinene kom i fyrste tida frå Ullvarefabrikken og fem år seinare frå Matre. 

Dei første åra var det helst matstovemøblar som vart laga. Seinare gjekk dei over til meir byggeartiklar som glaskarmar, tropper og dører til privathus og elles større tingingar av reolar og garderobeskap til forretningsbygg, sjukehus og liknande. Det meste av produksjonen har difor helst gått til Bergen og omland dei seinare år. 

Nemnast kan det også at verkstaden har levert dei nye benkane til Sandnes og Solheim kyrkjer. 

Då arbeidstilhøva vart for trange og ulaglege, gjekk dei i gang med nybygg som stod ferdig til innflytting i 1971. 

Ved slutten av 1975 er det 14 mann i arbeid. 

Magnus Kvinge er disponent og rekneskapsførar og Trygve Kvingedal har den daglege arbeidsleiinga. 

Mjanger sag og høvleri 
Birger Mjanger bygde opp sag ned ved sjøen og gjekk i gang med sagbruk. Fyrst var drivkrafta ein dieselmotor, men då den elektriske krafta vart framførd gjekk han over til den. 

Tømmeret kjøpte han hjå skogeigarar i næraste grender og bygder, seinare også frå Sogn og Trøndelag. Han leverde ferdigskoren material til husbygging. 

Med åra utvida han sagbruket, bygde kai og stort materiallager. Det er sonen Kåre, som nå har overteke og utvida endå meir med høvlemaskin og andre maskiner og likeeins større materiallager. 

Sandnes smie og mekaniske verkstad 
1898 tok Knut J. Otterstad til med smedverkstad på Sandnes. Men han hadde evner og anlegg for meir enn smedyrke. I 1909 kjøpte han og fekk skøyte på tomt aust for Sandneskaien og bygde der opp bustadhus med smie og mekanisk verkstad i kjellaren. Dette var i den fyrste tida motoren kom i bruk. Han var inne på bygging av motorar også. Men det meste gjekk på vøling av slike som trong vedlikehald. Han bygde også slipp for vøling og vedlikehald av motorfarty i fiskeflåten som i den tidbolken tok seg mykje opp, og elles mindre fraktefarty. Det var livleg arbeidsliv ei heil tid på området. Han hadde ein del læregutar også med seg. 

Seinare overtok sonen, Johannes, verkstaden, og dreiv i den same lei. Han døydde i 1960. Det var ingen som overtok etter han. Ein aktiv tidsbolk i dette faget var dermed slutt på Sandnes. 

Kommunen kjøpte huset og brukte det ei tid til bustad for kommunetilsette. Denne har selt det til Einar Kvinge. Han har nå bygt ein tidhøveleg butikk på tomten. 

Fabrikk på Totland 
I Nordlandselva på Totlandssida vart fallhøgda utnytta til ymse tiltak som kverner og tømmersag. 

Eit par tiltaksame karar kjøpte turbin og maskiner og bygde ein liten verkstad til møblar og anna i trevarer. Dei hadde lån på tiltaket, men greidde ikkje å få det til å bera seg økonomisk. 

Då kom D. O. Mongstad inn og leigde den vesle fabrikken. Seinare kjøpte han den. Mongstad dreiv i den tida stort i sildeeksport. Han bygde på og laga kassar og tynner der. Fabrikken brann i 1917. Men Mongstad bygde den oppatt omlag slik som hovudbygningen er nå. 

Då krigen slutta, gjekk Mongstad sin forretning konkurs. 

Seinare vart Masfjord Preserving skipa. Denne overtok så fabrikken. Det skulle leggjast ned sild. Det var vanskeleg å få det til å gå økonomisk. Heile tre små aksjelag freista seg i fleire eller færre år. Dei måtte slutta grunna pengemangel. 

Så kjøpte Neptun Canning i Stavanger. Sidan gjekk det bra heilt til 1974. Då vart det slutt på all verksemd i bygningane. Hermetikkindustrien kom inn i ei krise. Dei som framleis skulle driva denslags fabrikkar måtte rasjonalisera produksjonen. Det var ikkje råd å få slikt til i denne fabrikken. 

Reimskivefabrikk pa Nordland 
Torgeir Nordland og ein Håland sette opp ein liten trevarefabrikk på Nordlandssida. Dei dreiv sag og andre maskiner frå ein vassturbin. Denne dreiv også ein liten e.l. dynamo til lys. I den tida vart kraft i fabrikkar mest overførde frå driftsmaskiner med transmisjonar og reimdrift over til produksjonsmaskiner. Til det bruktest då mykje trereimskiver. Den største produksjonen desse då tok opp, var å laga reimskiver av tre. Seinare tok dei opp laging av andre ting også m.a. røykeramer i hermetikk - produksjonen. 

Håland reiste frå bygda etter ei tid. Då overtok Torgeir Nordland alt. Etter at han kom bort ved Masfjordforliset vart det meir stilt i fabrikken. 

Smie på Totland 
Siden 1908 dreiv Martin Hope smedverkstad på Totland. Han dreiv mykje med ljåsmiing og ymse andre ting som bitjarn. 

Verkstad i Skuggedal 
Brørne Eino og Olav Lahti i Skuggedal har i mange år havt verkstad for framstilling av trevarer. Ei tid var dei i Totlandsvik, men flytte seinare ti! Skuggedal der dei har bygt sagbruk og verkstad ved sjøen. Dei driv med mellom anna og lagar garasjeportar. Dei har berre nytta eiga hjelp i framstillinga. 

Reknes Byggjevarer 
1954 starta Roald og Ivar Reknes eit tiltak med sag- og høvlebruk i Selvågen ved Reknes. 

Det var mest skjering av innkjøpt tømmer i den første tida. Seinare gjekk dei over til handel av trelast. Ivar slutta etter ei tid. Då tok Roald over forretninga åleine. Dei dreiv også snikkarverkstad. 

Dei har bygt ut området etter kvart som forretninga har vakse. Dei bygde såleis nytt kontorbygg i 1972. I 1975 har dei bygt stort lagerbygg med moderne heise- og transportutstyr for trelast. Det meste nå er innkjøp og sal av alt i byggjevarer. Dei leverar til område i Lindås, Masfjorden og Gulen. 

Duesund Mekaniske Verkstad 
Det vart eit av dei store spørsmål i kommunen å finna arbeidsgjevarar til nye arbeidsplassar. Den store aktiviteten frå ymse område som hadde gjeve grunnlag for gode arbeidsplassar, såg ut til å verta mindre etter kvart. Kunne det vera grunnlag for å skape nye? 

Dette var spørsmål kommunestyret tok opp og det meinte det burde byggjast eit industrihus til utleige til interesserte arbeidsgjevarar. 

Duesund vart vald som byggjeplass. 

Då huset vart ferdig vart Duesund Mekaniske Verkstad A/S skipa. Huset vart bortleigd til dette firma. Firmaet har havt ei tilfredsstillande utvikling. Hausten 1975 hadde dei 4 mann i arbeid. Arbeidsflokken har vakse etter kvart som arbeidsoppgåvene har vorte fleire, slik at det i 1977 var 13 tilsette. 

Arbeidsoppgåvene har for det meste vore ymse slag i sveising, dreiing, boring og fræsing. 

Til nå har det økonomiske resultat vore tilfredsstillande. 

Haugsvær Auto 
Brørne Jetmund og Øyvind Haugsvær har bygt ein offentleg godkjend bilverkstad på Vassleite på Haugsværdalen. 

Verkstaden ligg like ved riksveg 14, og har såleis fått ein lagleg plass til slike oppgaver. Dei har alt som krevst av ein slik verkstad nå. 

Med den utvikling som har vore med bilen som transportmiddel på så mange omkverve, vil slike tiltak ha arbeidsoppgåver å ta fatt på. Det har gjerne vore såleis at dei økonomiske tilhøve utover landsbygda har havt eit svakare grunnlag enn i byar og tettstader. Dette har gjerne då gjeve utslag i at det for det meste er brukte bilar som der vert kjøpt. Ein bilverkstad som ligg sentralt til, vil såleis ha oppgåver til kvar tid. 

Verkstaden opna drifta i 1975. Dei har vore 5-6 mann i arbeid. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal