Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

 
KRAFTUTBYGGJINGA
Forfatter: Arne L. Hope

Frå opphavet hadde ikkje menneskja andre hjelpemidlar til livsopphaldet enn det som den råe muskelkrafta kunne rå med. Slik var det i våre bygder til langt inn i vårt årtusen. Den fyrste utnyttinga av fossekrafta fekk me i våre bygder då kvernane i fossefalla her og der avløyste handkverna til maling av mjøl til hushaldet, og der sagene avløyste handsaga og bila til handtering av tommerstokken. Desse tinga har Kristen Bergsvik skrive om annan stad i denne boka, så det trengst ikkje meir om dette. 

Men eit skriv frå Det Nyttige Selskab er så interessant at det bør takast med her, då det gjeld den fyrste regulering og kraftutbyggjing i Haugsdalselva. 

"Fire oppsiddere på Garden Indre Haugsdal i Lindås Prestegjeld, og Sandnes aneks, har i året 1799 med meget Arbeide og ved at bortføre store Stene og på nogle Steder ladet minere, fremledet Vand fra en stor Elv over nogle og otti Alen i lengde til et betydeligt Sted, hvori intet Kvernhus var tilforn, og nu vil blive til stor nytte, den tilståes 4 Rdi. (1801)." 

Dette var såleis den fyrste utnytting av krafta i Haugsdalselva. 

Då fysikken oppdaga magnetkreftene og ved roterande røsler fekk fram straum som slo gneistar, stod ein ovanfor nye ukjende krefter som menneskja hadde vore ukjende med før, utover det lyn og torevær hadde skapt til redsle og øydeleggjing. 

Og då det vart oppdaga korleis ein kunne ta desse kreftene i praktisk bruk, stod menneskja overfor nye revolusjonerande tider. Ikkje minst gjorde det seg gjeldande då Thomas Edison rundt hundreårsskiftet (1880) greidde å leia denne straumen gjennom trådar i ei glaspære slik at det skapte lys av den. 

For å få fram desse kreftene, måtte det drivkraft til. Og det var vel berre rimeleg at det var Bergen som var fyrst ute i vårt område med det fyrste elektrisitetsverket på Vestlandet rundt hundreårsskiftet. Det var drive av dampmaskinar. 

Men dette gav idear til tiltaksame forretningsfolk. Den billegaste drivkrafta var nok fossefalla våre, som her var så rikeleg av. 

Og så vart elvane og fossefalla våre eit spekulasjonsobjekt. Pengesterke folk reiste rundt land og strand, kanskje også ved stråmenn, og kjøpte opp ei mengd fossefall og grunnrettar. 

Til våre bygder kom det såleis ein mann som heitte Blaauw som var interessert i å kjøpa opp vassrettane i Haugsdals- og Matrevassdraga i 1906. 

Då elvane hadde runne gjennom dalane i uminnelege tider utan å ha gjort nokon særs nytte utover fisket som var ein del av næringsgrunnlaget, så skal me ikkje fortenkja folk i at dei selde desse elve- og vassrettane, som dei såleis lite nytte hadde havt av til livsopphaldet, for pengesummar som kanskje var større enn det dei hadde betalt for gardane dei budde på. At dei ikkje såg verdiane i denne krafta ved utnytting til tilfeldig industri, kunne vel ingen venta. 

Alle vassrettane i Matre og Haugsdalsvassdraga vart selde og fråskjøytte bruka det året. 

Blaauw selde så vidare desse rettane til Fr. Hiorth. 

Med tanke på å byggja fabrikk på Matre, vart det i tillegg til vassrettane også kjøpt det meste av gardsbruka på Matre. 

Ein del av desse vassrettane låg innanfor grensene til Modalen, Lavik og Brekke kommunar. Alle vassrettane samanlagd vart den gongen selde for 192.150 kr. Dertil kjem sal av grunnrettar på Matre for 78.060 kr. Ialt vart så det heile seld for 270.210 kroner. 

Fr. Hiorth fann det føremålstenleg å selja det heile til eit selskap, A/S Matrefallene, som vart skipa i 1908, for ialt 600.950 kroner. Ved spekulasjonar vart det såleis ei forteneste på 330.740 kroner på desse rettane. 

Bak S/S Matrefallene stod eit tysk selskap: Badische Anilin og Sodafabrik, eit tysk industrikonsern. Med sine eigne metodar for utvinning av kvæve frå lufta omdanna til salpeter, ville dette selskapet verta ein hard konkurrent for Norsk Hydro på Rjukan, som eit fransk industrikonsert då åtte. Difor vart desse selskapa slegne saman til eit selskap i 1917, og stod såleis betre rusta ved å utnytta nye oppfinningar. 

Den 9.6. 1908 søkte så A/S Matrefallene om konsesjon på å byggja ut kraftkjeldene i Haugsdals og Matrevassdraga. Søknaden vart ført i pennen av advokatane Platou og Heyerdahl. 

I møteboka til Masfjorden heradstyre er det teke med ei lang utgreiing om alle ulemper ein fabrikk ville skapa for bygda ved neddemming av fjellbeite, overføring av vatn fra eit vassdrag til eit anna, vanskar med å utnytta ein ny marknad for jordbruksprodukt på Matre ved kastevindar i ein smal fjord, mellom høge fjell o.s.b. Heile denne utgreiinga er altfor lang til å ta med her. Men konklusjonen til slutt kan ha ei viss interesse å ta med: 

1. At det inden arbeidet tillates påbegyndt stilles full sikkerhed for at Masfjorden Fatigvesen ingen utgift påføres av nogen av dette anlæg benytter personer eller deres familier, hverken i utbyggingstiden eller senere, samt at politioppsyn må være herredskassen uvedkommende. 

2. At selskapet inden arbeidet tillades påbegynt at betale til Masfjorden kommune 100.000 kroner - et hundretusen kroner - der bliver at avsætte til et fond for Herredet. 

3. At Masfjorden kommune sikres rett til når anlegget er utbygget, at forlange sig frit levert til stadig bruk 300 hestekrefter tilvirket elektrisk kraft til småindustri, drift av landbruksmaskiner, lysanlegg med videre, dog således at inntil denne kraft blir taget i bruk, skal kommunen kunne forlange sig utbetalt et kontantbeløp årlig svarende til verdien av 300 hk. regnet til produksjonspris. 

4. At selskapet tilplikter inden en nærmere fastsat frist at oparbeide efter amtsveistyrelsens plan og under dennes kontroll det fra Matre-Solheim prosjekterende hovedveisanlegg, samt hovedvei fra Matre til Haugsdal. Bygdevei fra Matre-Lillematredalen, samt tilpliktes at fullføre det delvis oparbeidede bygdeveisanlegg Matre-Fosse. Og vidare at de veier selskapet må bygge, bliver at stille til fri afbenyttelse. 

5. At distriktets Dampskibsselskap sikres fortrinnsrett til den ved fabrikkens utbygging og fremtidige drift øgede trafikk mellem Matre og Bergen i den udstrekning Selskabet magter at overkomme. 

6. At anlegget med tilhørende grundarealer, udbygninger, dammer med videre efter den i konsesjonsloven fastsatte konsesjonstid der fornemmes passende at kunne ansettes til 75 år, heftelsesfrit og uden vederlag tilfalder Masfjorden kommune på vilkår der nærmere blir at fastsette af den Norske Regjering. 

Konsesjon på utbyggjinga vart gjeven ved kongelege resolusjonar den 16.9 og 23.11 1908. Som ein ser handla styremaktene raskt den gongen. Konsesjonsvilkåra har ein ikkje avskrift av her. Men ein del av vilkåra frå heradstyret er nok teke med. M.a. er leveringsplikta på e.l. kraft til kommunen auka til 500 hk til ein pris av 30 kr. hk årleg teke med. Og dette vilkåret har fylgt med i seinare konsesjon. 

Vidare stilte selskapet 10.000 kr. til rådvelde for kommunen som distriktstilskot til vegen Matre-Solheim. Ein kan vel sjå dette som utslagsgjevande for at Hans B. Wergeland, som i den tid også var stortingsmann, greidde å få gjennomførd vedtak på byggjing av denne vegen både i heradstyre, fylkesting og storting. I Stortinget vart den teken opp til byggjing for ekstraordinære midlar. Eit viktig grunnlag for vegen var at fabrikken måtte ut or dei isvanskar som indrefjorden hadde årvisst. 

Sjå elles meir om vegbyggjinga under det som M. H. Matre har skrive om desse ting under delen som kjem inn under samferdsla. 

A/S Matrefallene sette i gang med førebuande arbeid for kraftutbyggjinga med kartleggjing i fjellområda, byggjing av barakker i Holene og i øvreda1en og vegbyggjing mot Fosse. Dessutan bygde dei barakke i Ganglausbotn og funksjonærbustader på Matre. 

På Matre førebudde dei seg også til storindustrien med at bn. 1 og 4 flytte ut or husa på gardane som var selde, og bygde nye på tildelte tomter. Fra bn. 2 reiste heile huslyden ut or bygda. Einast på bn. 3 vart dei buande att på tunet. I det heile førde dette til store omskifte i bondesamfunnet. 

Det såg ut for å verta storindustri, og hadde vel vorte det og, om alt hadde gått i fredelege former landa imellom. 

Men så kom krigen i 1914 og snudde om så mykje av planleggjingar. Og då det var tysk kapitat som stod bak A/S Matrefaltene vart arbeidet her nedlagd og folka reiste herfrå. I 1917 vart likevel arbeidet teke oppatt under ny leiing. 

Då tok dei til med byggjing av kraftstasjon ved Hommelfossen. I 1918 tilbaud såleis selskapet kommunen kraft derifrå. Men dette vart aldri aktuett, for førenn stasjonen vart ferdig utbygd, vart arbeidet på nytt nedlagd. Det einaste som kunne seiast var fullførd og kom til nytte for bygda, var vegen til Fosse. Alt det andre var berre spreidde tittak som det vart lagd ei død hand over. Det var vel dei vanskelege etterkrigsåra som skapte så mange slags vanskar på alle område, som var årsaka. 

I krigsåra tok tyskarane til med sanddrift på Litle Matre. Dei såg då den halvferdige kraftstasjonen ved Hommetfossen, og såg nytten om denne stasjonen hadde vorten ferdigbygd. Dei sette så igang arbeid på dette. Den vart teken i bruk i 1944. 

Det var Norsk Hydro som stod som eigar av A/S Matrefallene. Men slik utviklinga såg ut til å gå for det som hadde med industri å gjera, var det lite utsikt til å verta nye marknader for salpeterproduksjonen. Og å ha bunden kapital i kraftkjelder som ikkje kunne gje inntekter, fann leiinga det lite føremålstenleg. Det var difor mest klokt å selja det heile, fann dei ut. Dei gav difor eit tilbod til Bergen "byting" om å overdra alle rettar i A/S Matrefattene til dei for 1.075.000 kroner. 

"Bytinget" vedtok så i møte 17. mars 1944 å kjøpa rettane på desse vilkår. 

Då dette vedtaket vart gjort av styret som ikkje hadde samanhang med demokratiske retningsliner, så vart saka teken oppatt til ny handsaming i Bergen bystyre. den 13. juni 1946. Der vart så kjøpet godkjend og stadfest. Desse rettane vart så seinare overdregne til Bergenshalvvøens kommunale kraftselskap. Og ved møte i representantskapet der den 4.7. 1947 vart så overdragingsvilkåra godkjende slik Bergen bystyre hadde overteke eigedomane. 

Slik situasjonen såg ut på den tida, med eit utarma land med mykje krigsskade som skulle byggjast oppatt, var det lite utsikt til at B..K.K. ville ta til med å byggja desse kraftkjeldene før ein gong ut i lang framtid. Ein viss pessimisme rådde mellom folka her på dette området. Ikkje minst såleis i Matreområdet, der dei hadde site i usikre eigedomstilhøve i snart ein 50-års periode. 

Men med Marshallplanen og ymse andre tiltak kom landet inn i ein vekstperiode som ein aldri har sett maken til. Og aktivitet på mange område gjorde spørsmålet om større tilgang på e. l. kraft aktuett. 

B .K.K. hadde sikra seg dei største kraftkjeldene i nordre luten av Hordaland. Kva for ei av desse som stod for tur til utbyggjing etterat Dalevassdraget var utbygd, var i det uvisse. Og ein viss \"nervekrig\" overfor dei ymse kommunestyre var vel med i planane. Det vart likevel Matre-Haugsdal vassdraga som då kom med i planane. Og i 1951 tok så det fyrste arbeidet til på Matre. Og det såg såleis ut for at området skulle koma ut or ein mangeårig dødperiode. 

Med dette arbeidet som såleis starta opp då tok ei ny tid til i Masfjorden på det økonomiske området. 

Med dei små gardsbruka hadde det til alle tider vore helst trange økonomiske tilhøve mellom folk flest. Men likevel fann folk seg vel tilrette med dei tilstander økonomien tillet. Under dei nye tilhøva med lett tilgang på godt løna arbeid så tok likevel ein stor del av bøndene i bygda arbeid på anlegget. Gardsarbeidet vart stort sett drive på fritida, og elles med den hjelpa som var att heime. Dette med auka inntekt gav så grunnlag for mange nye tiltak rundt i heimane og på gardane som det tidlegere ikkje hadde vore råd til, slik som vøling og modernisering av husa, kjøp av nye maskinar til gardsdrifta og mykje anna. Eller med andre ord: Ein var komen inn i ein materialistisk tidsperiode. 

Det gjekk nok i mange høve ut over ei svak gardsdrift. Men når ein ser attende på denne tida, så merkar ein at folk no sit rundt i heimane i stor velstand. Men mange andre ting har også vore medverkande til denne utviklinga. 

Det vart utbyggjinga av Haugsdalsvassdraget som først vart sett i gang. Dette låg såleis til at det gav grunnlag for å få kraftproduksjon der frå, på etter måten kort tid, etter at Hommelfossen kraftverk vart utvida til 2000 hk eller 1,8 MV til anleggsdrifta og straumlevering til Masfjorden. 

Med ein kraftstasjon inne i fjellet på Litle Matre, stor nok til å ta all maskinninstallasjon for heile utbyggjinga i området, med en tunnel derfrå til Godbottvatn, var fyrste delen av utbyggjinga klar for igangsetjing med fyrste maskinene i 1956. Seinare vart Storevatn, Svartevatn, Skjerjevatn og ein del andre i området regulert for å samla opp overskotet av nedbøren til seinare bruk. Til utnytting av denne krafta er det sett inn 3 Peltonturbinar som kvar gjev ei kraftmengd på 44.000 hk. Desse gjev så ei kraftmengd utteke frå generatorane på 44.000 hk kvar, eller samanlagt 132.000 hk + 1 stasjonsaggregat på 1000 hk. Eller sagt på ein annan måte: 3 x 40 MV. Tilsaman 120 MVA. 

Då denne reguleringa var ferdig, vart arbeidet på Matrevassdraget sett i gang. Det vart driven ein tunnel frå Matre til Stordalsvatn i ei lengd av 12 km med Stordatsvatn som innntaksdam for reguleringsområdet. I samband med denne reguleringa vart så Mosedalsvatn og Hopsstølsvatn overførde til Stordalsvatn gjennom tunnelar, medan Holmevatn og Krangrøvatn vart overførde til Krokvatn. Seinare vart Store Fjellvatn i Kringlebotsvassdraget også overførd til Krokvatn gjennom Fridalsvatn og såleis nytta i Stordal stasjon derifrå. Den delen av dette vassdraget som låg innafor driftstunnelen vart så teke ned der gjennom ei sjakt, medan resten rann ut mot Hommelfossen stasjon. 

I Matre stasjon er det frå desse vassdrag sett inn 2 stk. Fransisturbinar på kvar 82.000 hk med generatorar som leverar ialt 164.000 hk, eller 2 x 70 = 140 MVA. 

Då A/S Matrefallene også hadde kjøpt vassrettane i Førdefallene og B.K.K. hadde fått hand om desse rettane, vart det aktuelt å få førd dette vatnet over til Matre stasjon. Dette fekk dei løyve til ved konsesjon, ved tunnel til Årdalsvatn og ved å overføra Oslandsstølsvatn i Østerbøvassdraget til Årdalstunnelen og ein del vatn som elles rann mot Ikjefjord og Oppedal til Krokvatn, så har dei nå praktisk tala teke inn til denne reguleringa all nedbør i dette store området. Det er vel der meir vatn enn maskininstallasjonen kan ta imot. 

Det har vore store reguleringar dette, inne i fjellområdet, som har sett store merke etter seg, sett frå naturvernssynstad. Men det har vorte gjort ein del til rette på dette ved å måla lukehus med naturfargar, og ved å så grasfrø i steintippane, så med tida vil mykje av såra gro att. Og så har det som eit ekstra gode for alment bruk vorte bygd mange mil veg inn i fjellområda. No kan det med bilar køyrast inn der til nyting av fjellnaturen av kven som helst, der det før høyrdes ut som eit eventyr å ferdast. 

For å utnytta fallhøgder som låg tilrette for rimeleg utnytting, vart alle vatn som låg i kotehøgder over Krokvatn regulerte dertil. 

Det vart så bygd kraftstasjon ved Stordalsvatn for å nytta ut denne fallhøgda. Denne stasjonen vart sett i drift i 1974 med eit aggregat på 35 MVA. 

Siste delen av denne utnyttinga av fallhøgdene i områda her er no ein stasjon under byggjing i Vemundsbotn i Haugsdalsvassdraget. Det vil der verta utnytta fallhøgdene frå Øvre Storevatn og frå Svartevatn til Godbottvatn. Denne er kalla Vemundsbotn kraftverk og er pa 55 MVA. 

Med denne siste utbyggjinga er det dermed sett sluttstrek for å kunna gjera meir nytte av dei vassmengder og fallhøgder som er i desse områda. Det er frammanfor teke med det som vart betalt for vassrettar og grunnrettar i 1906. Då dette låg langt under dei rimelege verdiar vart det teke opp tinging mellom representantar frå kommunen, grunneigarane og B.K.K. om tillegg til kjøpesummane. Desse tingingar førde til at det vart gjeve eindel gratis kraft til grunneigarane. Likeeins vart det gjeve skade- og ulempeserstatningar etter offentleg skyn der tingingar med grunneigarane ikkje førde fram. 

Økonomisk sett er Matre Kraftverk den største arbeidsgjevaren i kommunen. Det er 29 arbeidsplassar knytte til denne drifta. Dertil er dette den største skattytaren. I 1976 er det likna 1.684.850,- kroner i kommuneskatt og 34.810 i andre særskattar, ialt 1.719.660 kroner. Konsesjonsavgiftene er innbetalte til Industridepartementet som deler den på dei einskilde kommunar. Det har av og til vorte reist spørsmål over denne delingsmåten. For 1976 får kommunen 208.506,- kroner av denne avgifta. 

I 1969 vart kraftverket pålagd å yta 500.000 kroner som grunnkapital i eit næringsfond for kommunen. Og dessutan å yta eit årlegt tilskot til dette fondet på kr. 0,50 pr. naturhestekraft. Denne summen saman med renter og kapital er 31/12 1976 bokførd med 911.795,12 kroner. Som ein ser er det store tal dette etter det ein har vore vand med før, og det er såleis til stor hjelp for mange tiltak innan dei offenttege oppgåver som skal løysast. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal