Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

   
Lensmenn i Masfjorden
Forfatter: Lars Nordland

Kommunen vart eige lensmannsdistrikt i 1880 

1. Bonde, kyrkjesongar og stortingsmann Erik Arneson Riisnes frå 1880 til sin død i 1881. 
2. Karl Skauge frå 1881 til sin død 1883. 
3. Bonde og kyrkjesongar Arne Gabriel Risnes frå 1883 til 1919. 
4. Agronom og bonde Erik Arneson Riisnes frå 1919 til sin død 1935. 

5. Agronom og bonde Alf Ludvigson Holmås. Han er fødd i Lindås. Er utdanna frå Stend jordbruksskule. Han kom til Risnes og vart lensmannsbetjent der i 1922. Då lensmann Erik Riisnes døydde søkte han lensmannsombodet og vart lensmann i 1935. 
Under krigen vart han den 12/10 1942 arrestert av tyskarane. Bakgrunnen var opplysningar til tyskarane frå ein arrestert agent frå England, Erling Marthinsen, der denne rekna han som pålitande og engelskvenleg. Sjølv erklærte han seg engelskvenleg og kongetru, og motstandar av den nye regjering. Av sikringsgrunnar vart han så varetektsfengsla og gjeven avskil frå tenesta. Han var på Grini til 29/12 1943. Han overtok som lensmann att 8/5 1945. 
Utanom lensmannsombodet hadde han mange tillitsyrke i kommunen. Han fekk kongens fortenestemedalje for tenestfullt arbeid. Sjå elles band 1 under Torsvik. I tida han var ute or teneste var desse nasistvenlege personar i tenesta: 
1. Petter Tegnby frå 12/10 1942 til 1/1 1943. 
2. Magnus Maurstad frå 1/1 1943 til 7/5 1945. 

6. Johannes Otto Helland. Han er fødd i Fjellberg i Kvinnherad. Gjekk Framnes ungdomsskule. Er agronom frå Tomb jordbruksskule. Har eksamen frå Holgersens handelsskule i Haugesund, og har gått statens politiskule. Han vart lensmannsbetjent frå 10/3 1955. Då Holmås gjekk av for aldersgrensa søkte han lensmannsombodet og vart lensmann frå 3/3 1970. Helland har ei rekkje tillitsyrke i kommunen og elles i andre organisasjonar. Sjå elles Torsvik bnr. 31 i band 1. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal