Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

 
Lærarar - skulestyre 
Forfatter: Olav Midtbø

Læraren er skulen. 
Det ville ikkje vera urett å minna om dette gamle ordtaket når ein skriv om skulen i Masfjorden. Fram gjennom åra har Masfjorden hatt mange lærarar som har gjort stort og trufast arbeid for skulen og for bygda, men her vert ikkje høve til å nemna nokon særskilt. 

Lenge var det overskot på lærarar, og dei lærarane som hadde fast post, heldt godt på han. I den tida kunne det av og til vera strid om tilsetjingar, omflyttingar og liknande. Men frå slutten av 1940-åra og utover vart det annleis. Masfjorden fekk store vanskar å få lærarar, ja, ei tid var det til og med mest uråd å få studentar. Ofte måtte skulekontoret ta personleg kontakt med studentar og andre frå Masfjorden og be dei om å gje ei handsrekking, og utan slik hjelp hadde det ikkje vore greitt mange gonger. Kvart år vart det sagt at no skulle det verta nok lærarar, men likevel varde krisa innpå 25 år. 

Tilhøvet mellom lærarane har vore godt, og ei medverkande årsak til det var nok sammøta mellom lærarar og skulestyre tidlegare, og likeeins må ein nemna det gode arbeid lærarlaget har utførd. Det har ikkje vore større stridar innan lærarpersonalet, om postar, tilsetjingar og liknande, men så lenge somme lærarar måtte ha to samla skular for å få heil post, kunne det av og til verta noko tautrekking om dei beste krinsane. 

Som tillegg til den lista som Lars Nordland har skrive tidlegare i denne boka, fylgjer her namna på dei som har vore tilsette som lærarar i Masfjorden etter 1945 : 

Kaspar Birkeland, Kvinge, slutta 1946. 
Ivar Daae, Sandnes, slutta 1960. 
Gustav Steine, Andvik, døydde 1945. 
Sakarias Skauge, lærar i ymse krinsar. Reiste 1949. 
Arne Reknes, styrar v/Matre skule. Slutta 1967. 
Peder Brundtland, lengste tida lærar Solheim. Slutta der 1948. 
Hilda Bauge, lærar Molland krins, slutta 1959. 
Kristine Duesund, lengste tida lærar Hosteland, slutta 1967. 
Peder Søvik, lærar Sleire, slutta 1962. 
Bergljot Birkeland, ymse krinsar, slutta 1967. 
Emma Tangedal, lærar Frøyset, slutta 1961. 
Georg Molland, lærar Haugsdal krins, slutta 1956. 
Anton Matre, lærar i ymse krinsar, reiste 1951. 
Sollaug Birkeland, lengste tida v/Sandes skule, slutta 1976. 
Olav Midtbø, lærar, seinare skulesjef, slutta 1976. 
Rasmus Nygård, lærar, seinare styrar Sandnes, slutta 1968. 
Jon Hope, er styrar v/Matre skule enno. 
Signy Duesund/Kvinge, handarbeidslærar ymse krinsar frå 1949. 
Randulf Byre, lærar Haugsvær 1952. 
Odd Holmaas, no lærar Nordbygda skule. 
Elias Fauskanger, lærar Haugsvær 1953. 
Elias Hope, sløydlærar i framhaldsskulen mange år. 
Alf Skodvin, lærar i Haugsvær 1954-1956. 
Lars R, Kvamsdal, sløydlærar i mange år. 
Torstein Eggum, lærar i Haugsvær 1957-58 
Håkon Torsvik, er no undervisn. inspektør Sandnes. 
Dordi Asheim, lærar Haugsvær 1961-63. 
Harald Molland, er no lærar Nordbygda. 
Sigrun Kvamsdal Adrover, er no lærar v/Sandnes. 
Lovisa Midtbø, har vore lærar v/Sandnes eit par gonger. 
Odd Birkestrand, lærar v/Sandnes skule frå 1964. No styrar . 
Marita Kjetland. Ho er no lærar v/Matre skule. 
Albert Kjetland, arbeider no ved Matre skule. 
Elisabeth Aadland, lærar ved Sleire skule 1966-72. 
Arne B. Berge, arbeider no ved Sandnes skule. 
Angjerd Matre, lærar v/Sandnes 1966-68. 
Agnar Fitjar, lærar Hosteland 1968-73. 
Sverre Søvde, styrar v/Sandnes frå 1968. Er no skulesjef. 
Svanhild Tomasgård, lærar Sandnes 1968-71. 
Else Marie Brenden, lærar Sandnes 1969-71. 
Per Brenden, lærar Sandnes 1969-71. 
Harald Jåstad, arbeider no ved Matre skule. 
Inger Jåstad, arbeider no ved Matre skule. 
Lars S. Kvamsdal, arbeider no ved Sandnes skule. 
Eldbjørg Hårklau/Mjanger, lærar Molland, Sandnes, slutta -74. 
Rolf Hagen, musikkleiar 1970 og 71. 
Gunvor Dalby Vea, arbeider no v/Nordbygda skule. 
Svein Vea, er no styrar v/Nordbygda skule. 
Rognald Matre, arbeider no ved Matre skule. 
Kari Dørum Molland, arbeider no ved Nordbygda skule. 
Terje Rasdal, tilsett v/Sandnes skule frå 1972. 
Håkon Dyrkolbotn, lærar v/Matre skule 1973-75. 
Ragnhild Jung, lærar Molland/Sandnes, slutta 1976. 
Grete Hilde Gundersen, arbeider v/Sandnes skule frå 1974. 
Margareth Brekke, lærar Matre 1975-76. 
Håkon Træland, lærar v/Sandnes skule frå 1975. 
Sokneprest Øysæd og sokneprest Gundersen har undervist i kristendom v/Sandnes skule 

Det ville føre for vidt å nemna opp alle dei som i desse åra har hatt skulearbeid i Masfjorden utan å ha lærarutdanning, men talet på dei er omlag 120. 

Lars Nordland slutta stykket sitt om skulestyret i Masfjorden med å skriva at Arne Reknes vart oppnemnt til å styra med skulen, saman med Sakarias Skauge og Aslaug Rønhovde. Dette oppnemnde skulestyret tok til med å takka det avsette skulestyret for samvetsfullt og dugande arbeid, og dei lova på si side å styra vidare i same lei som før. 

Då krigen var slutt i 1945 kom det valde skulestyret attende. Magnus Halsøy var vald til formann og Arne Reknes vart varaformann. Og skulestyret vedtok samrøystes som sak 6 den 17. september 1945 : \"Skulestyret er ikkje vetande om at nokon av lærarane i Masfjorden har brote lærarfronten\". 

Det var ei lukke for skulen i bygda at denne leie og opprivande tida kunne gå over utan indre strid i skulen. 

I 1946 vart Arne Reknes vald til formann, og han vart verande formann til 1952 då han sa frå seg attval. Same året vart Olav Midtbø formann, og han stod til 1972. Deretter vart Jon Hope formann og er så enno (1977). 

Ein må ha rett å seia at skulestyret i Masfjorden har vore ei sakleg og lågmælt forsamling, men det har jamt vore ei forsamling som visste kva ho ville. Som me masfjordingar ofte er, og gjerne vil vera, så har også denne forsamlinga vore roleg og litt sein av seg, men ein kan lita på at ho ikkje fauk hit og dit for kvart vindkast. Stort sett har det vore ei forsamling som berre let seg overtyda og tok avgjerd etter fylgjerette og saklege grunnar, og som i alt sitt arbeid berre såg på bygda sitt beste, og som hadde for auga borna og heimane sitt ve og vel. 

Tidlegare hadde kvar krins sin mann i skulestyre, men no er talet på medlemer 15. I dei siste åra har det kome med fleire kvinner enn før, og ein kan ikkje sjå at arbeidet i skulestyret har gått ringare av den grunn. 

Desse har vore medlemer i skulestyret 1945-77 for stuttare eller lengre tid : 

Magnus Halsøy, Erik Sandnes, Ole H. Tverberg, Rognald J. Matre, Gerhard Hope, Martin E. Andvik, Bertin Rambjørg, Enok Kvinge, A. J. Riisnes, Lars R. Kvamsdal, Arne Andvik, Hans Reknes, Kaspar Fossdal, Ludvig Hope, Ivar H. Sleire, Johs. Birkeland, Malvin S. Kjetland, Martin M. Matre,Sigvard Veland, Martin Tangedal, Magnus Eikemo, Ingolf Sleire, Harald Hatlevik, Botolf Kvamsdal, M. I. Kvinge, Ingolf Areklett, Arne Brûgger, Emil Molland, Lars Nordland, Magne Hope, Tor Bergsvik, Arne Sandnes, Anton Andvik, Johs. Haugsvær, Johs. R. Mjanger, Kristoffer Daae, Ola J. Kvingedal, Magnus Bjørnevoll, Rasmus Haugsvær, Søren Kalhovd, Konrad Haugsdal, Alfred Nordli, Martin Totland, Magnus Jonass. Hope, Edvard O. Kvinge, Magnus Midtbø, Håkon Kvamsdal, Einar Rambjørg, Magnus Kjetland, Fredrik Haugsdal, Toralf Matre, Sverre Haugsvær, Hans O. Molland, Asbjørn Skuggedal, Erling Sandnes, Birger Mjanger, Trygve Kvingedal, Ivar Areklett, Sjur N. Kvamsdal, Malvin J. Sandnes, Sverre Matre, Magnus Daae, Ellinor Areklett, Tor Lauvik, Reidar Kvamsdal, Åslaug Matre, Haldis Fauskanger, Olav Midtbø, Harald Øysæd, Kjell Sleire, Roald Reknes, Trygve Sætre, Arne A. Hope, Hjalmar Brekke, Ingolf Matre, Magne Holmaas, Eivind Kvinge, Gunnar Daae, Bertin K. Rambjør, Ingvald Sandnes, Ragnar Kvamsdal, Ellen Areklett, Konrad H. Molland, Malmfred Vågset, Anne Mari Steinsland, Arnhild Eidsnes, Magne Holmaas, Håkon Torsvik, Klaus Nordli, Gustav Tvedt, Kristina Duesund, Gerd Haugsvær, Jon Hope, Ruth Andvik, Odd Birkestrand, Arne Haugsvær, Elfrid Fjellby, Magne Haugsvær, Arne Jan Areklett, Svein Vea, Olaf Totlandsdal, Henrikke Ynnesdal, Anna Molland, Inga Sleire, Bjørg Halrynjo, Kristi Vågset. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal