Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

      
Masfjorden lærarlag 1945 - 1978
Forfatter: Olav Midtbø

Det er nok litt for veikt å seie at åra 1945 - 1978 har ført med seg ei stor utvikling for Masfjorden. Livsvilkår og livstilhøve har skift så fort og så sterkt at det kanskje er like rett å kalle omskiftet ein revolusjon eller ei omvelting. 
Frå oljelampa til lysstoffrøyr, frå vadmål til nylon, frå spade og hakke til gravemaskin, - me kan ta for oss omkverve etter omkverve, og alle stader merkar me omveltingane - til godt og til vondt. 

Soga til lærarlaget byr ikkje noko unntak. 

Læraren si stilling i folkelivet var enno i 1945 rot og grunnfest i Masfjorden. Av og til kunne det nok vera ymse meiningar om personen, men læraren og skulen var likevel ein institusjon og eit kraftsentrum i grenda. Stort sett vart det halde for rett og riktig at læraren og skulen sitt arbeid meir var eit kall enn eit yrke, og det trygge medvetet om denne særskilde stillinga i grenda la ro og styrke over læraren, så isolert frå kolleger han enn kunne vere. 

Lærarane si faglege utdaning var god, men dei stod gjerne framande overfor det nye som braut fram før og etter krigen. Såleis hadde dei lite tanke for at dei stod midt oppe i eit tidsskifte i landsfolkeskulen - for å nytte ein kjend boktittel frå den tida. 

Om ein den gongen hadde spurt ein vanleg lærar kva han venta seg av lærarlaget, ville ein truleg fått til svar at det skulle gje høve til samvær og samråding, slik at lærarane kunne kjenne seg som ein flokk som hadde same mål, arbeid og interesser. Dinest var det vona og venta at laget tok opp faglege, sosiale og organisatoriske spørsmål, slik at medlemene kunne få impulsar og kveik i arbeidet. Arbeidet og møteform var oftast den gamle og gode: foredrag aller tale med litt ordskifte etterpå. 

Dei fyrste 23 åra etter 1945 arbeidde laget på same måten og etter same retningslinene som før. Lærar Peder Søvik var formann i 9 år fram til 1955. Deretter var Rasmus Nygård formann i 4 år, Kristine Duesund i 7 år og Jon Hope i 3 år. Dermed er me komne fram til 1968, då laget gjekk inn i ein ny fase. 

Medlemstalet heldt seg lenge på 10-12, og det var svært lite lærarskifte frå år til år. Dei fleste lærarar var av Masfjordslekt, og alle budde fast i bygda. Ein gong i året - oftast i juni - baud dei etter tur til seg alle lærarane i bygda med ektemakar, både dei som var tilsett i full post og dei som var vikarar. Dette var alltid ein uvanleg hyggeleg dag med gjestebod, foredrag/talar eller ordskifte, små utferder, eller kosestunder med song og samtale. 

Lenge var dette den einaste faste møtedagen lærarlaget hadde, og han vart oftast ikkje for lang. Det uformelle samværet, praten, tankebytet og den sterke kjensla av at alle høyrde saman og arbeidde mot eit sams mål, alt dette skapte ei sikker samkjensle som var til stor kveik i arbeidet. 

På møta vart det gjerne teke opp eit eller anna særskilt emne, og dette var oftast av pedagogisk/psykologisk art. Det kunne vere einskilde fag som skriving/teikning eller truslære, det kunne vere emne som fagkrins, lærebøker eller skuleplanar, den gongen som no var det ulike meiningar om karakterar og karaktergjeving, og av og til kom det opp nokså vide emne som \"kristendom og kultur\". 

I 1957 hadde lærarlaget 75 års jubileum hjå Bergljot Birkeland i Halsøy. Der var prolog og songar, festtale og mykje god mat til 50 gjester. 

I 1958 hadde lærarlaget sammøte med Lindås lærarlag i Stordalen, der skuledirektør Hodnesdal og prost Torseth var talarar. 

I 1954 tok lærarlaget på seg å måle heile aldersheimen utvendig, og rydde terrenget kring heimen. Det vart vedteke at kvart medlem skulle arbeide i 2 veker med dette. Dette var hyggelege dagar, med sams arbeid og sams kosthald. 

Ein sommar seinare var medlemene i laget med på dugnadsarbeid att - denne gongen var det innvendig måling av heimen som skulle gjerast. 

Så kom då 1960-åra med ein sterk auke i saker og møte. Lærarane såg det nye som kom : ei ny skuleordning som førde med seg nye, store krav til fagkrins, til skulehus og til skuletid, ein ny skule der ingen av dei gamle lærarane trudde seg kompetente til å yte fullgod teneste. Dette nye krov og eit aktivt lokallag, meir rådlegging og fleire møte. 

Oppbygginga av 9-årig skule i Masfjorden tok til. Det vart tilsett mange nye lærarar, som ofte ikkje kom for å slå seg til i kommunen, og som heller ikkje kjende seg som masfjordingar på same måten som dei gamle lærarane. Lærartalet vart til slutt bort mot det doble av det som hadde vore. Alt dette gjorde at det var uråd å halde på den gamle ordninga med årlege gjestebodsmøte hjå lagslemene, og på festmøtet hjå Håkon Torsvik i 1968 vart det vedteke å slutte med desse møta. Dette var ikkje noko lett avgjerd å ta, så grunnfest og avhalden som den gamle ordninga var, men Masfjorden stod midt oppe i ei djuptgripande omskiping av skule og skuleskipnad, og mangt gammalt og avhalde måtte falle. 

Den 9-årige skulen kom og førde med seg nedlegging av krinsar, inndraging av lærarpostar, samling av elevar og lærarar til større einingar og elles mykje nytt i skipnad og arbeid. Endå til lærarane si stilling i lokalsamfunnet vart ei onnor. Læraren var ikkje lenger - saman med skulen - sentrum i den vesle grenda, og med kvart våga eller ville ingen for alvor hevde at han tok lærararbeidet meir som eit kall enn som eit yrke. I den nye skulen fekk lærarane stilling som fagfolk, dei høyrde med i ei særskild og viktig yrkesgruppe, og dei var organiserte i sitt eige faglag, lærarlaget. 

Arbeidet i lærarlaget skifte og karakter i noko mon, med di fagleg-økonomiske saker auka og auka og trengde vekk spørsmål av moralsk-idealistisk art. 

I 10-året 1968-1978 var desse formenn i Masfjorden lærarlag : Arne B. Berge i 6 år, Håkon Torsvik i 2 år og Sverre Søvde i 2 år. Møteverksemda og saksmengda i laget auka svært, slik at formann og styre hadde mykje å nå over. 

Medan lærarlaget tidlegare for det meste hadde arbeidd med tanke på skulen sitt ve og vel i heimekommunen, vart det no slik at regionen, fylket og heile riket meir og meir kom med i sak etter sak. 

Skiping av styrarstillingar og fagrettleiarstillingar og tilsetjing av samlingsstyrarar i skulane, det var ting som laget tok opp og ikkje slepte før positivt vedtak var gjort. Ei sak som kom opp att gong etter gong var bustadspørsmålet. 

Så stor gjennomtrekk av lærarar som det var, kom det stadig spørsmål etter bustader, og lærarlaget heldt saka varm i skulestyre og i kommunestyre. Og så var det alt det nye som hauga seg opp. 

Det er vel ikkje for mykje sagt at aldri før dette tiåret har skuleverket vore utsett for ein slik flom av nye lover, rettleiingar, føresegner, tilrådingar m.m., som alle tok sikte på å forandre skulen og skipe han om frå ytst til inst. Utan aktiv hjelp frå lærarane og laget deira, ville aldri skuleadministrasjonen greidd å tilpasse og innarbeide alt dette nye for Masfjorden. 

Lærarlaget gav råd og rettleiing ved skipnaden av etterutdaning og av pedagogisk rådgjevingskontor for Nordhordland. Lover og føresegner vart lagde fram for medlemene til uttale før dei vart gjennomførde, såleis føresegner som skulle sikre meir demokrati på arbeidsplassen og eit betre arbeidsmiljø. Men fyrst og fremst var det lønns- og organisasjonsspørsmål som var oppe i laget. Kvar einaste tariffrevisjon skulle førebuast grundig, resultatet kom ut til uravrøysting og til slutt kom ofte ymse tilpassingsspørsmål. Alt dette førde til at det vart mange saker, lange drøftingar og mykje papir - ei papirkvern sa dei som kritiserte. 

Laget skipa også til festlege samkomer for medlemene kvart einaste år, i Stordalen, på Brekkestranda, i Dyrkolbotn eller på ein skule. På festen i Brekkestranda pensjonat 1977 hadde laget ein programpost som gav minne frå lagssoga. Lærarlaget var då 95 år. 

Me vil vona at laget går mange aktive år i møte, og at medlemene aldri taper det formålet or syne som i ei meisterleg knapp og konsis form frå 23. januar 1882 peiker på noko livsviktig for eit lærarlag : "Foreningens formål er ved sammenkomster at virke til skolens fremme samt at utbrede broderånd blant sine medlemmer." 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal