Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

      
POST OG TELEFON
Forfatter: Lars Nordland/Arne L. Hope

Dei gamle postrutone fylgde dei gamle postvegane, som gjekk bakke upp og bakke ned, og so tvert yver fjordarmane i open båt. Ruta frå Bergen og nordover gjekk yver Lindåshalvøyi til Fonnebost - sjøvegen derifrå yver Fensfjorden til ein stad nær Halsvik i Gulen. Det var sovidt ruta tangera Masfjorden ved Haugsøy, men levera ikkje post der. Masfjorden fekk sin post med presteskyssen frå Fonnebost kvar gong det var preik på Sandnes. 

Fyrste poststaden var på Sandnes med namnet Masfjorden. Her vart poststad 15/2 1867. Frå 1/1 1919 er namnet brigda til Masfjordnes, eit laga namn som ikke finst nokon stad i bygdi. Fyrste styraren var bonde Erik Monsson Sandnæs. Frå 1/10 1901 bonde Arne E., Sandnæs og frå 4/2 1907 agronom og bonde Erik A. Sandnes. Då han slutta vart Arne E. Sandnes postopnar. 

Solheim vart poststad 1/7 1882. Fyrste styrar Ola A. Solheim til 1919. Sidan Magne J. Hope og etter han Karl Hope. Der er no landpostruta frå Solheim til Kalhovda, Furubotten, Eikemosætren, Eikemo og Fausdal. Dei 3 siste har nå falle ut. 

Risnes vart poststad 1885. Fyrste styraren lensmann Arne E. Riisnæs, so sonen lensmann Erik A. Riisnes og sidan han døydde, fru Aslaug Riisnes og nå Annie Riisnes. 

Der er no landpostruta frå Risnes utyver til Rambjørg og Haugsdal og innyver til Frøyset og Sleire. 

Søre Kvingo vart poststad frå januar 1888. Fyrste styrar var mølleeigar August Konow til 31/5 1906. Resten av året var det frk. Ella Knutsen. Frå nyår 1907 Ola S. Nygård til 1934. Sidan Alfred Nygard. Nå overførd til Masfjordnes.

Indre Haugsdal poststad fra 1895. Fyrste styrar Rasmus F. Haugsdal til 31/3 1906. Sidan sonen Kristen R. Haugsdal. Det er no landpostruta til alle gardane i dalen like til Haukeland. Frå 1947 Johs. Daae. Fra 1974 er posten lagd til Matredal med landpostrute. 

Hosteland poststad frå 1897. Fyrste styrar Kaspar G. Hosteland til 25/2 1942. Millombils styrar Henrik W. Hosteland. Frå 4/8 1942 frk. Lovisa Hosteland. Der er landpostruta frå Hosteland til Byrkjeland. Ei stund var det ogso ruta til Molland, Reknes, Lauvvik og Bergsvik. Men sidan det vart poststad på Mollandseidet, er det slutt med den. Postopnar nå er Kaspar Hosteland. 

Matre poststad frå 1903. Fyrste styrar Johannes R. Matre til 1911. Sidan sonen, Rognald J. Matre. Frå 1949 Toralf Matre og frå 1973 Tordis Matre. 

Andvik brevhus frå 15/8 1901. Sidan 1/7 1903 poststad. Fyrste styrar Ola N. Andvik til 1903. So Johan O. Andvik til 1941. Sidan fr. Jenny J. Andvik. 

Søre Hope poststad 1/7 1908. Fyrste styrar Ludvig L. Hope til 1943. Sidan dotri frk. Aslaug Hope. Nå overførd til Masfjordnes. 

N. Kvingo brevhus 1911. Styrar Mons J. Hope til 1916. So Lars N. Kvinge. 1/1 1920 poststad med styrar Lars N. Kvinge. 30/6 1923 sette ei sparenemnd staden nedatt til brevhus, 1/8 1926 vart det atter full post. Lars N. Kvinge styrar til 31/12 1941. Anton Andvik millombils til 30/8 1942. No fru K. Rognøy. Kvinge og Hope er nå lagde under Masfjordnes med landpostrute. 

Haugsvær brevhus frå 1904. Poststad frå 1909. Fyrste styrar Jetmund J. Haugsvær til 1933. Sidan fru Signy Haugsvær. 

Mollandseid poststad frå 1926. Styrar Elias O. Molland. Landpostruta frå fyrst av til Reknes, Lauvvik og Bergsvik. 

Duesund hev havt brevhus frå 1920 åri. No poststad (1950). Mollandseid og Duesund er lagde under Hosteland, post med landpostruter. 

RIKSTELEFONSTASJONAR 

Frå 1911 på Sandnes. Namn: Masfjorden. Fyrste styrar Mons E. Sandnes til 1927. Sidan dotri fru Erikka Kvinge. 

Hosteland frå 1912. Styrar J. G. Molland. 

Bergsvik frå 1915. Styrar Kristen T. Bergsvik. 

Matre frå 1915. Styrar hotelleigar Ola E. Sandmes. 

Solheim frå 1915. Styrar Rasmus A. Hope til 1936. Sidan Jørgen Sandnæs. 

Haugsvær frå 1915. Fyrste styrar Ola M. Haugsvær. Frå 1917 fru Elina Haugsvær. Frå 1/6 1918 Kaspar Eikemo. 

Risnes frå 30/5 1916. Laura Tangedal fyrste styrar. Frå nyår 1917 er Klara Tangedal styrar. 

Søre Kvingo 21/7 1922. Fyrste styrar O. S. Nygård til 1934. Sidan sonen Alfred Nygård. 

Søre Hope frå 1922. Styrar Ludvig L. Hope til 1943. Sidan Aslaug Hope. 

Haugsdal frå 1926. Styrar handelsmann Andreas Dyrkollbotten. 

Frøyset frå 1933. Styrar fru Mathilde Daae. 

Sleire frå 1933. Styrar Ragnvald A. Sleire. 

Andvik frå 6/7 1941. Styrar frk. Jenny J. Andvik. 

Utbygginga av vegnett og kommunikasjonar har ført med seg at mange postopneri (brevhus) er nedlagde, og at posten vert køyrd ut med eigne postruter (bil/båt). Postverket har som siktemål at huslydane skal få posten kvar dag, men slik er det ikkje alle stader i Masfjorden enno. 

Før 1945 var for det meste folk nøgde når kvart gardssamfunn hadde sin telefonstasjon som dei kunne gå til når dei hadde bruk for det. Etter krigen har det meir og meir vorte slik at kvar fastbuande huslyd ville ha sin eigen telefon. Når så Televerket ikkje makta utbygginga, vart det - med stønad frå kommunen - sett opp private telefonliner. Litt etter litt vart så dei private linene overtekne og vidare utbygde av Televerket. Samstundes tok arbeidet med automatisering og sentralisering til. 

Dette førde med seg at Solheim fekk halvautomatisk telefon under Matredal stasjon. Haugsdal stasjon vart ikkje nedlagd. Dei private liner til Haugsvær stasjon vart forlengde til Matredal. Andvik vart lagd til Masfjordnes. 

Hope vart fyrst overførd til Kvingo, men seinare vart Kvingo lagd til Masfjordnes, og heile stroket Masfjordnes-Einestrand fekk halvautomatisk telefon under Masfjordnes. 

I Nordbygda vart Sleire og Frøyset overførde til Hosteland, men etterpå vart Hosteland stasjon nedlagd, og Nordbygda fekk halvautomatisk telefon under Masfjordnes stasjon. 

Frå slutten av 60-åra var Masfjordnes hovudstasjon for alle stasjonar og einskildabonnentar i Masfjorden kommune. 

I 1976 vart til slutt all telefon i Masfjorden fullautomatisert og knytt direkte til riksnettet. Alle stasjonane vart nedlagde, og dei tilsette vart oppsagde. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal