Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

 
Skiftande vanskar og oppgåver
Forfatter: Olav Midtbø

Det er mest uråd å skjøna kor store økonomiske vanskar dei hadde i åra før 1940. Det var nok ikkje med glede at skulestyret eit år måtte be elevane ved sløydkurset å betala 2/3 av lærarlønnene for 2 ekstra skuleveker, og ingen i skulestyret lika at dei måtte nekta gje tilskot til kveldsskulekursa. 

Men kommunekasseraren hadde ikkje pengar, og skatterestansane var mange og lange. Endå var budsjettet så knapt at det valde store vanskar å finna 100 kroner til nye høvlebenkar, og 100 kroner til reparasjon av gamle. Og nett som det heile såg ut til å lysna, nett etter at dei våga auka skuletida litt, og akkurat då skulestyre hadde teke opp forsømde arbeid med reparasjonar og bygging av skulehus, då kom den 9. april 1940, og Noreg var med i krigen. 

Masfjorden var i 1940 eit lite, men stabilt og trygt samfunn, som langt på veg kunne greia seg sjølv i mange leier når det røynde på. Arbeidet i skulen kunne derfor gå utruleg jamt og ubrigda. Sjølvsagt var det mange vanskar, og ein av dei var skort på materialar til sløyd og handarbeid. I mange år var desse kursa den einaste opplæring som kommunen kunne gje etter folkeskulen, og søknaden var så stor at skulestyret hadde ei av dei aller vanskelegaste oppgåvene som når dei skulle velja ut elevar mellom alle dei som søkte, og som kunne vera opp til 30 år gamle. 

Etter krigen kom ei tid med reparasjonar og bygging. Det var vøle og ombygging i alle skular. Kjellarar, skulestover, vegar, brunnar, vassleidingar trong ettersyn og vøling. Desse åra fekk skulehusa elektrisk lys og seinare elektrisk oppvarming. 
Skulehuset på Matre vart gjort ei høgd lågare, og det vart bygt nytt i Eikemo, Tverbjør og Sleire krinsar. Læremiddel og innbu var nedslite og utslite, så det måtte kjøpast nytt litt etter kvart. Det vart innført nye lærebøker, kommunen fekk ny lære og leseplan, og skuletida vart auka så langt det let seg gjera innan den skuleskipnad som var. 

Det stod ikkje bra til med skuleborna sine tenner, og skulestyret freista frå 1946 å få i stand ei ordning med skuletannlækjar. 

Men det var ikkje råd å finna ein stad i ytre Masfjorden med vekselstraum, og dei små likestraumsverka som fanst, var og svært ustabile. Så måtte all tannrøkt leggjast til Matre, og ein må vel ha rett til å tru at det bokstaveleg tala måtte verta ei overflatisk tannrøkt, når tannlækjarkontoret kunne gjera seg ferdig med opp til 18-20 barn på ein halv dag. 

Av ymse grunnar vart det slutt på denne tannlækjarordninga, og frå 1951 måtte borna møta til Lindås (eit år til Natås), for å få tannrøkt. Dette var ei fast ordning nokre år, men så kjøpte kommunen eige tannlækjarutstyr, som vart installert i bankbygget på Sandnes. Ein måtte då freista få ein tannlækjar til å arbeida der ein månads tid eller vel så det om sommaren, slik at han kunne ta seg av det verste. 

Men i 1961 fekk endeleg Masfjorden eigen skuletannlækjar, Steinsland, og sidan den tid gjekk det bra. Etter at folketannrøkt vart innførd i midten av 60-åra, har masfjordingane ikkje hatt nokon grunn til å vera misnøgde med tannrøkta i kommunen. 

Etter at Masfjorden hadde fått eigen ungdomsskule, har skulestyret fått mykje arbeid med skysspørsmål. Det har vist seg å vera vanskeleg å få ei skyssordning som alle var nøgde med, og det har vore mange søknader, framlegg og klager. 

Utgiftene til skulen har auka meir og meir, men det er vanskeleg å veta kor mykje av denne auken kjem seg av allmenn stigning i prisnivået. Nedanfor fylgjer oversyn over budsjetta for kvart 5.år frå 1940 : 

1940 : Bruttobudsjett.........kr. 75.740 - Netto..........kr. 18.982 
1945 : Bruttobudsjett.........kr. 102.006 - Netto.......kr. 32.463 
1950 : Bruttobudsjett.........kr. 168.550 - Netto.......kr. 45.400 
1955 : Bruttobudsjett.........kr. 267.635 - Netto.......kr. 91.663 
1960 : Bruttobudsjett.........kr. 426.000 - Netto.......kr. 152.600 
1965 : Bruttobudsjett.........kr. 1.128.440 - Netto.......kr. 428.300 
1970 : Bruttobudsjett.........kr. 1.688.986 - Netto.......kr. 821.786 
1976 : Bruttobudsjett.........kr. 4.736.755 - Netto.......kr. 3.689.945 
1977 : Bruttobudsjett.........kr. 3.689.800 - Netto.......kr. 2.123.800 

Merk.: Utlegg til bygging av Nordbygda skule er med i 1967 og 1977. 

Tilskotet til lærarlønn, skyss m.v. var lenge 85%, men er no sett ned til 65%. Dette er ein langt lågare tilskotprosent enn grannebygdene våre har fått, og utgiftene til grunnskulen vert då tilsvarande tyngre. 

Dei siste åra har det vore mindre arbeid med skulen si ytre form og ordning, men det har berre auka på med den indre uro og omdanning i skulen. Ny Mønsterplan med delvis nytt skuleomgrep, ei stadig prøving og skifte i fag, læreplanar og læremiddel, sterk vektlegging av arbeidet med elevar som på ein eller annan måte skil seg ut frå andre, innføring av omgrepet : skule for alle, uro og omskifte i lærarpersonalet i sine arbeidsvilkår, alt dette og mykje meir har ført med seg mykje strev, uvisse og tildels mindre trivsel for alle som har med skulen å gjera. Men så lenge som både det store samfunnet og det einskilde individ synest vera på vonlaus leiting etter ei indre, harmonisk form for det som me kan kalla det indre liv, så lenge kan me ikkje vona og venta at skulen byr fram ein oase av ro, fred og harmoni. 

Skulehus 

Eikemo skule fekk nybygg i 1958. Det var ei lita barakke, for det meste bygd av materialer frå øvste høgda av Matre skule. 
Krinsen overtok huset då det ikkje lenger var skule der. 

Tverbjørg skule var nybygd i 1952. Skulen brann ned påskehelga 1962. Krinsen overtok skuleplassen. 

Sleire skule var nybygd i 1958. Sleire gamle skule har og vore i bruk til sløydrom til 1976. 

Sandnes skule vart teken i bruk hausten 1964. 

Matre skule var ferdig til bruk 1968. 

Nordbygda skule var ferdigbygd i 1976. 

Ein del av dei gamle skulehusa er overtekne av krinsane eller av lag i krinsane (Kvinge, Hope, Halsøy, Solheim og Haugsvær). og eit par er selde til private (Kvamsdal og Andvik). 

Kommunen har enno ikkje løyst inne dei gamle skulehusa i Nordbygda, og det er såleis ikkje avgjort kva som skal gjerast med dei.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal