Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

 
Skulen i Masfjorden frå slutten av trettiåra
Forfatter: Olav Midtbø

«Det må henda mykje før eg rører skulen», hermar dei enno etter ordførar M. H. Matre. Han sa det i dei knappe trettiåra, då dei måtte skjere ned på utgiftene alle stader. Orda fortel mykje om synet på skulen i Masfjorden. Skulen vart stort sett møtt med mykje velvilje og interesse. 

Kommunen løyvde gjerne pengar til han så langt som det var råd, og det var fåe som hakka på han av illvilje. Til sjuande og sist var det borna og ungdommen sin skule, og alle ville gjerne gje born og ungdom det beste. 

Okkupasjonen styrkte skulen si stilling, og etter krigen møtte han endå større godvilje frå dei styrande i kommunen og frå alle kommunale instansar. Og så kom det noko nytt. 

Meir og meir fekk folk augo opplatne for den vitskapleg-teknisk-maskinelle revolusjonen, som med aukande fart skapte om arbeidsliv og livsvilkår. Klårare og klårare såg dei fleste at ei god opplæring og gode kunnskaper var ein naudsynleg føresetnad for ungdommane om dei ville koma seg fram og få ynskjelege yrke seinare i livet. Dermed kom det opp eit krav om likestilling: skulen i Masfjorden skulle gje like god opplæringsgrunnlag som det ungdommane i andre kommunar fekk. Dette kravet vart drivkrafta bak mykje av arbeidet i og med skulen etter 1950-åra. 

BARNETAL OG KRINSAR

Barnet skal vera midtpunktet i skulen. 
Mange gonger kan me vera usikre på kor mykje ei utsegn som denne har å seia i skulen sin kvardag. Men det er i alle fall sikkert at når me talar om skuleorganisasjon, om krinsar, skular, klassar, lærarpostar og liknande, då er det fyrst og fremst barnetalet som er avgjerande. 

Talet for born i folkeskulen i Masfjorden var i medeltal for tiåret : 
1935 til 1944 : 254 
1945 til 1954 : 244 
1955 til 1964 : 247 

I 1965 vart 9-årig skule innførd, og etter den tid vart elevtalet på barnesteget og elevtalet på ungdomssteget rekna kvar for seg. For åra 1967 til 1975 var elevtalet i medeltal 
på barnesteget, 
1. - 6. klasse : 213 
på ungdomssteget, 7. - 9. klasse : 114 

I siste talet er medrekna ein del elevar frå Gulen, som gjekk ungdomsskule i Masfjorden då. For å kunne nå alle borna i Masfjorden med opplæringstilbod, var kommunen delt inn i mange skulekrinsar. Frå 1935 og utover finn me - med litt skifte frå tid til tid - desse krinsane: 

1. Haugsdal (Hatlevik) 
2. Frøyset 
3. Sleire 
4. Kvamsdal 
5. Hosteland 
6. Halsøy 
7. Molland 
8. Bergsvik 
9. Eikemo 
10. Solheim 
11. Haugsvær 
12. Matre 
13. Fosse (ell. Stordalen) 
14. Tverbjør 
15. Haukeland (Bjørneklett) 
16. Andvik 
17. Sandnes 
18. Hope 
19. Kvinge 

I nokre år, i sekstiåra, hadde me dertil ein interkommunal krins, Austfjorden, saman med Lindås. Borna frå Kjekallen høyrde med til denne krinsen. 

Somme av desse krinsane kunne vera nedlagde av og til fordi barnetalet gjekk ned. I slike høve var det gjerne departementet som nekta at krinsen vart halden oppe. Det var ofte vedtak i skulestyret om å søkja å få halda oppe krinsar med 4 born, og det gjekk gjerne bra. Dei største krinsane hadde sikre, 2-delte skular med heile lærarpostar, medan andre skular med lite elevtal måtte ha samla skule med fåe skuleveker og berre del av lærarpost. I slike høve kunne det verta svært mykje skifting av lærarar frå år til år. 

Haukeland krins vart nedlagd i 1952, og borna måtte møta til den nye Tverbjør skule. 

Krinsen i Stordalen vart halden oppe til 1959. 

I 1957 vart Bergsvik krins nedlagd, og dei borna som var att (frå Skuggedal) vart innhyste i Halsøy krins. 

Eikemo kunne ikkje haldast oppe som krins utover 1959 for barnetalet gjekk heilt ned. 

Då arbeidet med å auka lesetida med tanke på 9-årig skule tok til for alvor, vart Kvamsdal krins lagd til Hosteland i 1960, og i 1963 vart Halsøy og Hope krinsar samla til Sandnes. Den 25. april 1964 gjorde skulestyret vedtak om at heile folkeskulen i Masfjorden skulle samlast til 3 krinsar: Matre, Nordbygda og Sandnes. I 1965 vart resten av krinsane på sørsida (Kvinge og Andvik) slegne saman med Sandnes. Frå fyrsten av 1968 søkte alle born i Solheim sokn til Matre skule for opplæring. 

Borna frå Frøyset krins flytte over til Sleire skule frå 1974, og hausten 1976 tok borna frå Haugsdal, Sleire, Hosteland og Molland krinsar til i den nye Nordbygda skule. Vedtaket frå 1964 var dermed gjennomført, og barnesteget var samla i 3 krinsar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal