Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

 
Skuleordning
Forfatter: Olav Midtbø

I dei største krinsane hadde borna 2- delt skule. Dei gjekk på skulen annan kvar dag, t.d. slik at storskulen (kl. 4-7) gjekk måndag, onsdag og fredag, medan småskulen (kl. 1-3) gjekk tysdag, torsdag og laurdag. Storskulen gjekk 6 timar kvar dag, og småskulen 5 timar. Dette var på mange måtar ei god ordning. 

Men der det var mindre med born, måtte det vera samla skule. Då gjekk alle elevane, frå 1.-7., saman kvar dag i 6 timar. Som oftast gjekk den samla skulen i turar, slik at elevane gjekk på skulen 2 veker i eit trekk og hadde fri i 2 veker. Dette var på mange måtar ei mykje ringare ordning, også av den grunn at veketalet gjerne var mindre enn det var i 2 delt skule. 

Frå 1938 var det slik at dersom det var 13 born i ein krins, skulle skulen vera 2-delt, og lesetida var då som oftast 18 veker storskule og 16 veker småskule. Men dersom barnetalet var under 12, då vart det samla skule. Veketalet vart auka utover i 40-50åra, og i 1959 var såleis skuletida 21 + 19 veker i todelt, og 19 1/2 veker i samla skule. Dessutan fekk elevane opplæring i praktiske fag med 2 veker sløyd og handarbeid som eit kurs for dei elevane som gjekk i 4.-7. årskullet. 

I tillegg til den opplæringa som vart gjeven i folkeskulen, hadde kommunen framhaldsskulekurs og snikkarkurs/sykurs eller vevkurs. Snikkar- og sykursa (vevkursa) varde gjerne i 16 veker, og i tillegg til snikkarkurset kom det ofte eit målarkurs på nokre veker. Lars Nordland har skrive om denne opplæringa tidlegare i denne boka. Dei praktiske kursa vart haldne på ei tid utover i 50-åra, men så måtte dei gå opp i framhaldsskulen. 

Framhaldsskulen var frå fyrst av ein rein teoretisk skule. Fyrste framhalds - skulekurset etter krigen kom i gang i 1947 med 24 veker skule, etter opptak av sokneprest Lødøen. Men så kom ny framhalds - skulelov med påbod om at dersom kursa var lenger enn 648 timar, så måtte dei gje både praktisk og teoretisk undervisning. Dette påbodet skapte store vanskar for Masfjorden, for bygda hadde ikkje eit einaste skulehus med rom for praktisk-teoretiske kurs. Dessutan måtte skulen flytta frå stad til stad i bygda, og elevane måtte bu heimafrå dersom dei ikkje høyrde heime i den krinsen der skulen vart halden. Men trass i vanskane vart skulen i ymse former halden oppe til den 9-årige skulen kom i 1964. 

I tiåret 1955 til 1965 kom så mestedelen av arbeidet med å forma om skulen og skuleordning frå 7-årig til 9-årig. Her bør vel takast med litt om grunnane til at det vart lagt så mykje arbeid på dette omskiftet i Masfjorden. For ungdommane frå Masfjorden hadde det alltid vore svært vanskeleg dersom dei ville få seg ei utdanning - praktisk eller teoretisk - etter folkeskulen. Dei måtte reisa heimafrå og bu borte, og om dei hadde aldri så stor lyst, så var det ikkje økonomisk grunnlag korkje hjå foreldra eller hjå ungdommane sjølve. Dei måtte betala både for skule og opphald, og det fanst ikkje noko stipendordning. 

Difor vart det gjerne slik at ein ofte kunne treffa ungdommar som var bitre og vonbrotne over at bygda aldri hadde gjeve dei ein sjanse til å koma fram i livet, som dei gjerne sa. Men i 1964 fekk me \"Lov om forsøk i skolen\" og Forsøksrådet vart oppnemnt. I åra deretter fekk dei fyrste kommunane løyve til å gå i gang med prøveordna, linedelt ungdomsskule, og såleis kom det heile i gang. 

Dei kommunane som kom i gang med linedelt ungdomsskule, fekk store økonomiske (og andre) føremoner, slik som auka tilskot til skulebygg og lærarløner med meir. Og for elevane var føremonen endå større : dei fekk fri skule og fritt opphald og kunne så få ein eksamen gratis, medan den tilsvarande realskulen kosta minst 4000 kroner kvart år i 2-3 år. Ikkje under at det vart uro mellom foreldre og unge etterkvart som dei fekk opp augo for dei føremonene dei kunne få. 

Men vanskane med å koma i gang med linedelt ungdomsskule i Masfjorden var så store og mange at det reint kunne gjera skulestyret vonlaust. Skuletida var berre 70% av det som vart kravt som grunnlag for linedelt ungdomsskule. I viktige, obligatoriske fag, slik som engelsk, heimkunnskap, naturfag, kroppsøving og matematikk, fekk elevane lite eller inkje opplæring. Kommunen hadde berre eit einaste skulehus (Sleire) som kunne brukast til ei utviding av skuletida, og det fanst heller ikkje lærarkrefter. Vegnettet var lite utbygd, og barnetalet i bygda var så lite at ein ikkje kunne få skipa g-line(gymnasførebuande), men berre y-line (yrkesførebuande) etter dei reglane som galdt, og som vart strengt handheva. 

I 1959 hadde så skulestyret fått arbeid ut ein plan for utbygging av folkeskulen i Masfjorden. Planen gjekk ut på at skuletida skulle lengjast med 1-2 dagar i veka (ein 4. og 5. skuledag), at ein skulle søkja om løyve til å føra inn eit 8. obligatorisk skuleår som ei førebuing til linedelt ungdomsskule, og endeleg at ein skulle søkja om å få ein linedelt ungdomsskule med berre y-liner til Sandnes, så snart ein fekk nytt hus der. 

Denne planen var laga i samarbeid med skuledirektøren, men tilråding frå skulestyret gjekk ikkje gjennom i kommunestyret. 
Kommunestyret ville ha undersøkt Duesund som skuleplass og ville freista få g-liner i samarbeid med andre kommunar. Men kommunestyret gjekk med på å auka skuletida med ein 4. og 5. skuledag. Dette var eit viktig steg framover mot 9-årig skule, og det var ikkje lett å få til, for mange krinsar (Kvinge, Hope, Sandnes, Andvik, Halsøy, Tverbjør og Molland) hadde ikkje vegsamband med kvarandre, og i Solheim sokn valde rasfaren i Matreberga store vanskar. 

Dei fyrste åra etter vedtaket i 1959 vart ei uroleg tid for alle som hadde med skule å gjera. Strevet med å byggja ut folkeskulen og arbeidet med å leggja til rette eit grunnlag for ungdomsskulen førde til at saka kom opp og opp på nytt i skulestyremøte etter skulestyremøte. Det var møteverksemd i krinsane, fleire krinsrøystingar etter kvarandre for heile kommunen eller for deler av han, det vart gjort vedtak og det vart anka på vedtak, og nye sider av saka vert dregne fram. All uroa og alt ordskifte kom seg mykje av at oppgåva var så ukjend og vanskeleg, og av at utbygginga av skuleverket mange gonger såg ut til å vera like mykje ei vegsak som ei skulesak. 

Det tok år før skuletid og fagkrins hadde kome opp på det nivå som vart kravt. Lettast gjekk det i Nordbygda som kunne få ein 4. og 5. skuledag på Sleire. Men Molland krins hadde ikkje veg og stod utanfor. 

I indre fjorden valde rasfaren i Matreberga at Solheim krins stod utafor ei tid, og det måtte av og til setjast inn båt frå Haugsdal til Matre. Kvinge og Hope hadde fått veg og kunne ha ein 4. og 5. skuledag saman, men Halsøy, Sandnes og Andvik stod utafor. Likevel kom krinsane med etterkvart som kommunikasjonane vart betre, og det vart vedteke at den 4. og 5. skuledagen skulle vera i 3 krinsar, Matre, Sleire og Sandnes. Så gjekk det ei tid med å få skulestadane nøye fastlagde. I mars 1962 var det såleis andeleg avgjort at det skulle byggjast for ein 4. og 5. skuledag på Sandnes og Matre, men så brann Tverbjør skule ned straks etterpå, og deretter gjekk det nye år før samanslåinga Tverbjør - Matre var i orden, reint formelt sett. 

Kommunestyret hadde i 1959 gjort vedtak om at eit mogeleg samarbeid med grannekommunane om linedelt ungdomsskule måtte utgreiast, sidan Masfjorden på langt nær hadde det elevtalet som vart kravt den gongen. Skuledirektøren i Bjørgvin hadde ferdig sin plan for utbygginga : av Masfjorden skulle Nordbygda gå til Dalsøyra, sørsida frå Ådnekvam til Einestrand skulle høyra til Ostereidet ungdomsskulekrins, og elevane frå Solheim sokn skulle verta innhyste ved kva skule dei ville. Det var ikkje veg til Ostereidet og heller ikkje til Dalsøyra, men likevel vart det mange og lange tingingar. Med Brekke og Gulen vart det halde møte, ordskifte og rådleggingar i Bergen, i Eivindvik, på Brekke og i Masfjorden. Det vart funne fram tilfang, statistikkar og prognosar, det vart utarbeidd oversyn og tilrådingar, og mykje godt folk var med : skuledirektørar, departementsfolk og forsøkleiar. Likevel viste det seg å vera uråd å koma fram til noko resultat, kanskje helst avdi Gulen ikkje kunne gje slepp på Eivindvik som skulestad. 

I Masfjorden vart dei etterkvart noko trøytte og leie av desse endelause tingingane. Masfjorden kunne langt på veg sjå slutten av førebuingane til 9-årig skule : den 4. og 5. skuledagen var innførd, skulehuset på Sandnes var under bygging, planlegginga av skulehus på Matre var komen i gang, og dei udelte skulane var inndregne. Så, i 1964, braut i realiteten Masfjorden ut av tingingane med Gulen og gjorde fylgjande viktige vedtak: 

Skulen i Masfjorden skulle lesa etter Forsøksplanen. 
Folkeskulen i Masfjorden skulle samlast til 3 krinsar, Sørsida, Nordbygda og Matre. Skulestaden for søre sida skulle vera Sandnes, for indre fjorden Matre, men valet av skulestad for Nordbygda skulle utsetjast til vegane var bygde. Tredje delen av vedtaket var at Masfjorden fekk i stand avtale med departementet om innføring av 9-årig linedelt ungdomsskule, førebels slik at elevane måtte søkja den linedelte ungdomsskulen i Lindås for dei siste 2 åra. Hausten 1964 reiste så dei fyrste 22 elevane frå Masfjorden og tok til på ungdomsskular i Lindås, og Masfjorden hadde dermed kome med i 9-årig skule. 

Denne avtalen om 9-årig skule i samarbeid med Lindås var eit stort framsteg for dei unge, men Masfjorden ville framleis gjerne ha ungdomsskule innan eigne grenser. Det lukkast også å få søknad om eigen ungdomsskule godkjent frå 1.7.1967 etter noko arbeid, synfaringar og meir. Ungdomsskulen skulle førebels leggjast til Sandnes skule og organisasjonsmønsteret skulle vera 6 + 3. Men sidan elevane frå Solheim sokn framleis måtte bu borte (på Sandnes) fekk Matre skule godkjent ei 7 + 2 ordning til vidare. 

Det viste seg likevel snart at innhysinga av elevane frå Solheim sokn ved Sandnes skule skapte vanskar. Det var vanskeleg å få leiga hyblar, og det var vanskar med middagsmat for dei, og så vart det lagt opp til ei dagleg skyssrute frå Haukeland til Sandnes. Denne ruta gjekk og nokre år, men reisetida for elevane vart reint for lang, opp til 4-5 timar kvar dag. I 1972 kom der derfor søknad om at Matre måtte få eigen, mellombels ungdomsskule, og etter noko om og men vart søknaden godkjent, og barne/ungdomsskulen kunne ta til i 1974. 

I mellomtida vart det arbeid med spørsmålet om kvar skule for Nordbygda skulle liggja. Som vanleg var det møte, samrådingar, krinsrøystingar og synfaringar, men til slutt var alt i orden for å byggja i Hosteland si utmark. Hausten 1976 kunne skulen takast i bruk for alle elevar i Nordbygda. 

Så langt som det er råd å sjå no, i 1977, står det att berre eit organisatorisk spørsmål for skule i Masfjorden, og det er korleis undervisninga på ungdomsskulesteget skal leggjast opp og ordnast. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal