Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

 
MASFJORDEN SPAREBANK
Forfatter: Lars Nordland

Fyrste gongen ein finn noko um tanken på å få bank for bygdi er 10/3 1884. I referat frå møte i Masfjorden heradstyre finn ein den dagen dette: Sak nr. 5: «Til inden 15de juni førstkommende at foretage de forberedende skridt til oprettelse af en sparebank for Masfjorden herred opnævntes enstemmig følgende 6 mænd: Grdb. Joh. R. Matre, Rasmus Haugsvær, Lars Trodal, Ame Sandnæs, Chr. T. Bergsvik samt lensmand Ame Riisnæs. 

Som stedfortræder opnævntes Erik K. Sandnæs. 

Noko framlag frå denne nemndi finn ein ikkje referert i heradstyret si møtebok, men i møteboki frå 16/10 1884 finn ein dette: Sak 3: Det overdrages ordføreren at foretage det fornødne til at undersøge eiendomsforholdet mellom Lindås og Masfjorden, Lindås Sparebank vedkommende. 

18/6 1886 finn ein dette i forhandlingsboki for heradstyret: Sak 6: Til at gjøre de fornødne skridt som plan, grundfond m.m. til oprettelse af en sparebank for Masfjorden præstegjeld valgtes: H. Haugsøen, A. Riisnæs, Th. Haugsvær, Ole Haugsvær og J. Matre. Kommissionens arbeide bliver at forelægges herredsstyrelsen inden 1te oktober d.å. 

Heller ikkje frå denne nemndi finn ein noko innstilling referert i heradstyret si møtebok. 

I forhandlingsboki for Masfjorden Sparebank finn ein liggjande laust dette skriv frå kyrkjesongar Bergsvik: 

Til Masfjorden herredstyrelse. 

Såfremt der af og gjennom herredstyrelsen forståes almen interesse for oprettelse af sparebank i Masfjorden, vil der blive gjort forsøg på at skaffe kommunen en 7-800 kr. tilveie som bidrag til opførelse af kommunehus - mod at banken får fri plads i samme. Hvis sagen vinder almen tilslutning både inden herredstyrelsen og udenfor, er det det bedste bevis for at just nu nærmer man sig den billigste tid for bygden i sparebankspørgsmålets løsning. Derved vil også den ene sag fremme den anden, og det trænges sårt i denne trange tid. Et svar på, om herredstyrelsens medlemner er villig til på disse betingelser at omtale sagen blandt folk, for derved at vække en mer jevnt fordelt almen interesse, udbedes, da der påtænkes at træffe nærmere forberedelse i sagens anledning med det første. 

Masfjorden, 28de november 1900. 
Arbø. 
Kl. Bergsvik 

Munnleg er det meg forteld av K. J. Otterstad at um vinteren 1901 vart halde eit møte av interesserte i landhandlar Hansens hus på Sandnes der spursmålet um bank var fyrehavt. Det var kyrkjesongar Bergsvik som styrde dette møtet. (Truleg var det ogso han som hadde kalla saman til møtet). Han var den ivrigaste talsmann for at det måtte gjerast noko med saki snart, og etter framlag frå han vart Hans B. Wergeland vald til å ta seg vidare av saki. K. J. Otterstad vil ikkje seia seg god for å hugsa anten teikningi til grunnfond var fyrr eller etter dette møte, men truleg var ho etter. Og då var det dette møtet som peikte ut menn til i dei ymse krinsar å freista teikna midlar til grunnfond. 

Innbjoding til slutteikning finn ein ikkje. Men teikningi kom igang krinsvis. Då det ikkje gjekk so snart som ynskjande kunde vera å få teikna det turvande, tok seinare kasserar i banken, Kaspar G. Hosteland, på seg å gjera ein tur ymse stader i bygdi og freista teikna luter. Han var sers ivrig for at bankspursmålet skulde verta løyst, og la seg kraftig i selen for lutteikning. 

I bankens møtebok er innførd ei liste yver lutteiknarane. Der er 94 namn, og fyrst på lista stend kyrkjesongar Kl. Bergsvik med 100 kr. Berre tre hev teikna 100 kr. kvar, og so er der frå 75 kr. ned til 10 kr. til teiknirigi hev nått 1980 kr. Målet var nok 2000 kr. 

I dei fyrste bankbøkene som banken skaffa seg er innførd plan for banken dagsett 6/7 1901 og underskriven af formannen i forstandarskapet Hans B. Wergeland. Godkjend av finans- og tolldeptet 4/9 1901. 

I bankbøkene stend og landets sparebanklov. 

22/7 1901 var undertegnede grundlæggere af Masfjordens Sparebank samlet til møde på Sandnes for at gjennomgaa plan for nævnte bank, samt vælge forstanderskab. 

Følgende forhandledes: 

1. Utkast til plan fremlagdes, gjennemgikkes og vedtoges. 

2. Foretoges valg på medlemmer af forstanderskabet. Valgte blev: Og so kjem 24 namn. 

Til suppleanter valgtes. Og so kjem 12 namn. 

3. Forstanderskabsmøde bliver at sammenkalde til 6te juli førstk., og valgtes H. Børnæs til at sammenkalde dette møde. Mødet hævet. 

Arne Riisnæs, Hans B. Wergeland, Kl. Bergsvik, A. E. Sandnæs, H. B. Torsvik, H. Børnæs, R. N. Kvamsdal, Ole G. Kvamme, M. E. Sandnæs, Ole N. Andvik, K. J. Otterstad, G. Monssen, Andreas Sandnæs, Christen Sandnæs, Ivar J. Kvamme, Ame M. Hope, M. 5. Kvinge. 

6/7 1901 fyrste møte i forstandarskapet. 

Til ordførar vart vald Hans B. Wergeland og varaordførar Lars N. Kvinge. 

Til direktørar vart vald: Lensmann A. Riisnæs, Henrik Børnæs, Kl. Bergsvik, Mons E. Sandnæs, Ola M. Haugsvær og Rasmus F. Haugsdal. 

Kasserarposten «Opslåes». Kasserarløn kr. 3,- pr. 1000 kr. forvaltningsmidel - fyrebils. Kausjon for kr. 2000,-. 

På direksjonsmøte 19/11 1901. Lensmann Arne Riisnæs vart vald til formann i direksjonen. Han hadde tame i bankarbeid frå Lindås Sparebank i mange år. 

I direksjonsmøte 1902 vart fastsett at banken fyrebils skulde ha hus hjå handelsmann Mons E. Sandnæs. Kaspar Gjertson Hosteland vart sett til kasserar. Banken skulde vera open kvar fjortande dag. 

I fyrste forstandarskapsmøte 1902 vart fyreteke val på det etter planens paragraf 16 fyreskrivne utval. (Det heiter seinare kontrollnemnd). 

Valde vart Hans B. Wergeland, Lars Kvinge og Sjur M. Duesund. Wergeland vart formann. 

På møte 1903 i forstandarskapet vart fyreteke val på direktørar istaden for dei som ved lutkast gjekk ut: Børnæs, Bergsvik og R. F. Haugsdal. Attval. 

Til ettersynsmenn vart vald: R. M. Haugsvær og E. K. Sandnæs. 

Ordførar i forstandarskapet attvald, likeeins formannen i direksjonen. 

1904 vedteke å flytta til det nye heradshuset med banken. Der hev banken sidan havt sine rom i kjellarhøgdi - frå nyår 1905. 

1906 vart Lars N. Kvinge vald til formann i forstandarskapet og Sjur Duesund til varaformann. Der var og val på 3 medlemer i direksjonen. Ola 0. Haugsdal d.æ. innvald som nytt medlem. Hans B. Torsvik vart vald inn i kontrollnemndi. 

1907 vart kasserarløni sett til 300 kr. året frå nyår 1908. 

1908 vart Mons S. Kvinge vald inn i direksjonen. 

1911 uppmoda kontrollnemndi direksjonen til å få tenkja på å få vekselobligasjonar og bankbøker på nynorsk når det skulle prentast nye. 

Ola L. Totlandsdal vart innvald i kontrollnemndi i staden for H. B. Torsvik. 1913 vart vald ei nemnd som skulde koma med plan um ein filial av banken på Matre. Saki var uppe fleire gonger seinare, men det vart ikkje noko av filial. R. N. Kvamsdal innvald til direktør. 

1915 vart kasserarløni sett til 400 kr. året frå 1/1 1916. 1917 vart Jetmund J. Haugsvær vald inn i direksjonen. Kasserarløni vart sett upp til 600 kr. frå 1/1 1918. 

1922: Rognald J. Matre og Alfred 0. Nygård valde inn i direksjonen. Ny ettersynsmann etter R. M. Haugsvær vart Birger H. Wergeland. 

1923 er det fyrste gongen ein finn noko på nynorsk i møteboki. Det er varaformannen i kontrollnemndi Sjur Duesund, som hev ført møteboki på nynorsk i eit møte han styrde. Ny direktør Kristen T. Bergsvik. 

1923 vart R. N. Kvamsdal fyrste direktør. 

1924 ny direktør Erik A. Riisnes. 

Frå nyår 1925 skulde banken ha vanlege møter ein gong kvar vika. Kasserarløni sett til 1300 kr. frå nyår 1925. 

1926 ny ettersynsmann istaden for E. K. Sandnes: Ivar R. Eikemo. 

1927 vart kasserarløni nedadsett til 1170 året. Dette året tek Lars N. Kvinge til og nyttar nynorsk i møteboki. 

1928 vert kasserarløni uppattsett til 1300 kroner. Alfred Nygård innattvald i direksjonen og Kristen Bergsvik vald til ettersynsmann istaden for Ivar R. Eikemo. 

1929 fekk kasseraren 100 kr. året i skjussgodtgjersla, so inntekti hans av banken vart 1400 kr. 

1931 vart Kaspar Eikemo innvald i direksjonen. 

1935 vart Martinus R. Kvamsdal innvald i direksjonen. Alfred Nygård vald til fyrste direktør etter R. N. Kvamsdal. 

1936 vart Alf Holmås vald inn i direksjonen. 

1937 ytte forstandarskapet 100 kr. til vikarløn for Lars Nordland medan han var på Riksarkivet og samla tilfang til gards- og ættesoga for Masfjorden. 

1938 vart Toralf R. Matre vald inn i direksjonen og Matias Haukeland i kontrollnemndi. 

1939 vart Jørgen M. Sætre vald til formann i kontrollnemndi og Lars E. Reknes innvald i kontrollnemndi. 

1940 vart 0. J. Holmås vald til formann i kontrollnemndi etter Jørgen Sætre, som sa ifrå seg. 

1941 fekk kasseraren 160 kr. i tilleg på løni. 

1942 vart det av bankens midlar ytt 1000 kr. til Risnesbrui. 

1943 vart det ytt 500 kr. til maskinskriving av manuskriptet til gards- og ættesoga for bygdi. Mons A. Kvingedal vart vald til ettersynsmann og Martin 0. Andvik innvald i kontrollnemndi. 

1944 vart det ytt 1000 kr. til dei skadelidne i Bergen etter eksplosjonskatastrofen. Hjalmar M. Matre vald til ettersynsmann. 

1945 vart Alf Holmås vald til mellombils kasserar. 

Lars Nordland slutta oversynna over Masfjorden Sparebank i 1945. Etter den tid har banken havt ein jamn vokster og med utvida tenestetid. Nye personar har kome inn i tenesta i styringa ettersom eldre har falle frå. 

Som formenn i styret har desse si tenestetid vore: 

Alfred Nygård frå 1934 til 1968. 
Martinus Kvamsdal i 1969. 
Toralf Matre frå 1970 til 1976. 
Leif S. Kvinge frå 1977. 

I styret elles har desse vore med: 

Alf Holmås til 1966. 
Kaspar Eikemo til 1955. 
Johannes Helland frå 1965. 
Jon J. Haugsvær frå 1956 til 1971. 
Leif S. Kvinge frå 1969. 
Jetmund Haugavær frå 1972 til 1973. 
Sverre Hope frå 1973. 
Asbjørn Skuggedal frå 1970. 
Anne Mari Steinsland frå 1977. 

Desse har vore kasserarar: 

Harald J. Molland frå 1945 til 1957. 
Magnus Halsøy frå 1957 til 1965. 
Kristen Bergsvik frå 1965. 

Desse har vore revisorar: 

Magnus Halsøy. 
Hjalmar Matre. 
Anton Andvik. 
Hans Reknes. 
Kristen Bergsvik. 
Ole Holmås. 

Formenn i forstandarskapet. Seinare er dette kalla råd: 

1962 Martin 0. Andvik (etter Lars Reknes som er død) 
1964 Johannes R. Mjanger. 

I forstandarskapet har ei rekkje menn gjort teneste. Ein kan av plassomsyn ikkje ta alle namna med her. 

I 1966 vart kjøp av bankbil teke opp. Ein slik vart innkjøpt og har rute til dei ymse grender ein gong kvar veke. Dette vart ei ordning som gjorde banktenesta mykje meir tenleg. 

I 1966 vart spørsmål om samarbeidsformer mellom sparebankene i Hordaland og Bergens Sparebank teke opp. Dette samarbeidsspørsmålet førde til at 16.12.1970 vart det vedteke full samanslutning (fusjon) Masfjorden Sparebank-sparebankane i Nordhordland og eindel andre i Hordaland og Bergens Sparebank. 

Med denne ordninga vart det større kapitaltilgang til utlån. øvste lånegrense er i 1978 sett til 400.000 kr. til einskilde låntakarar. 

I 1950 vart spørsmål om eige bankbygg teke opp og gjennomførd. Det har utanom banken sitt bruk også gjort teneste til andre føremål. Såleis også til utleige av bustad i andre høgda. For å få ei meir tenleg ordning er banken nå med og reiser det nye kommunehuset, for å få kontorplass der. Då vert truleg også kontortida utvida til alle yrkesdagar i veka. 

Nåverande råd er vald av innskytarane: 

Johs. Mjanger, Emanuel Sandnes, Tor Bergsvik, Johs. Daae, Karl I. Matre, Mikal M. Haugsvær, Hans Per Torsvik, Kristen Finn Daae, Magnus Skuggedal, Jon Hope, Ragnar Kvamsdal. 

Valde av kommunen: 

Annie Riisnes, Magnus Haukeland, Harald H. Molland, Hans Nordland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal