Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Lokalhistorie
Masfjordboka 1978

 

 
Tamreinslaget i Matrefjella
Forfatter: Arne Reknes
 
Det meste av dette vert attfortald etter Berge Foss. Berge hadde svært godt minne og var ein god forteljar. Han var over dei 80 då Bjørn West-kampane rasa i næraste fjella. Frå stova si kunne han høyra skota frå Klavefjellet. På Fosse gard trampa i dei dagane ca. 800 grønkledde soldatar. 

Berge sa det slik: Eg låg i senga mi og såg bort i Klavefjellet. Tyskarane kom opp berg og ufser der ingen hadde kome før. Det skulle vera ei avdeling "alpejegrar". 

Det har ikkje lukkast noggrant å tidfesta reinsdyrlaget. Men då Lars L. Haugsvær (1819-1908) og Halvard M. Smørdal (1828-1904) båe har vore hjelpegjætarar i laget, må reinen ha vore i fjella kring 1840. Ein veit ikkje namnet på dei som skipa laget. Men det skulle vera medeigarar frå Kringlebotten, Fosse Haukeland, Matre, Haugsvær, Hope, Vågset, og Kalhovde. Talet på dyra skulle vera mellom eit og to hundre. Kva veg dei kom med dyra veit ein heller ikkje. Men dei kom vel frå grensetraktene austpå eller frå Trøndelag. 

Laget fekk leiga ein same til gjætar. Det skulle vera ein sprek, hyggeleg kar, men morgonsur. Det måtte krutsterk kaffi til å tina han opp, og etter ei pipe rykande skråtobakk bar det iveg så ingen kunne fylgja. 

Reinflokken held seg mykje på Gråsida, Sørdals-Fosse og Hopefjella. Gjætarane måtte flytta med. Sætrar var det nøgda av i alle fjell, som vinterstid stod tomme. Dei vart bustader. Og bar det langt innover viddene vinters dag, låg Svarthola der. Endå kan ein finna turt gras og blom som har vore nytta til nattlege der. Her var smådalar og deilder til livd for reinen når stormen piska snøkvervlane i nattmørket. På gamle Trodalssætra hadde samen lagt pipa si på ein hjell. Der hadde gloa brent svart flekk etter seg. 

Dei store rovdyra som kunne gjera skade på reinsdyra var nesten borte. Kanskje ein bjørn streifa forbi. Men så hende det at det vart sett ukjende far etter eit udyr inne på fjellet. Rev kunne det ikkje vera. Om det sa skulle vera bamsen, så var den gått i hi. Dette måtte reingjætaren få veta. Han tok i veg. Om hunden var med, vert ikkje sagt noko om. Men truleg var den det, om snøen bar. Nok er det: Ulven måtte vera komen. Det bar innover fjellet straks dagen kom. Det nytta ikkje ta udyret fyrste gongen. Heile tre gonger måtte han i veg. Det vart eitt hardt jag. Men då vart gråtassen ferdig. Truleg er det siste ulven som vart drepen i Masfjordfjella. 

Det var vinter med kulde og djupsnø. Samen kom over Gråsida mot Hommeldalen. Han hadde hunden sin med. Det skulle vera ein mykje vakker og god hund. Den var alt for han. Ferda gjekk framom brattberg og høghamrar. Der for eine skia av samen og nedover stup og ufser. Hunden sette etter, skulle ta att skia. Det bar utfor storstupet både med skia og hunden - borte for alltid. Eigaren stod att med ei ski og ingen hund. Dette vart eit så stort tap for han, at han miste humøret, slik at korkje tobakk eller krutsterk kaffi hjelpte. 

Kor lenge reinsdrifta varde, veit ein ikkje. Men det heile vart oppløyst. Truleg var det lite reinsmose i fjellet, og såleis lite beite og tilsvarande forteneste som var orsaka. 

Det heile vart avslutta med at dyra vart samla på Fitjane i Litle-Matredalen og slakta der. Dette har vel vore den vanlege samlings- og slaktestaden tidlegare også. Til dette med slaktinga av reinsdyra har Ludvik Vågset eit minne frå tolvårsalderen der Lars L. Haugsvær fortalde m.a. at samen drakk av det varme reinsdyrblodet. 
Dette braut nok med tilvande slaktemåtar her, og folka syntest nok at dette var mildt sagt rart. Men for samefolka var nok dette ein ting som høyrde med til næringsgrunnlaget deira. Og som dei hadde nytta til alle tider i samband med reindrift. 

Samen reiste til Bergen på båt saman med Arne A. Hope. Det er fortald etter han, at samen græt då dei skildest her. Han hadde trass alt havt det så godt her og fått så mange vener, at skiljinga var sår. Sjølv om livet under nordlyset på Finnmarksvidda drog, så var likevel framtida uviss til ein betre arbeidsplass. 

Kallskapellan P. A. Jensen i Lindås, ordførar der ei tid og m.a. førebudde byggjing av Sandnes kyrkje, har skrive litt om denne reinsdrifta som er på ein måte interessant. Ein tek det med her: 

"Uagtet den større Velstand, dette Sogn er i besiddelse af, maa dog Arbeidsomhed og Tarvelighed ogsaa her fremhæves som charakteristiske Trek. Et slags Foretagelsesaand har man nylig lagt for Dagen deri, at man paa de høye Fjelde i Fjordens Dybde har anlagt en Rensdyrcoloni, som i Begyndelsen vistnok lovet Lidet, men som nu (1849) trives ret godt og i sin Tid tør sikre Spekulanterne et klækkeligt Utbytte. - Forøvrigt er en Afveksling i Arbeidet ogsaa her Adspredelsen 
baade for Yngre og Eldre." 

------------------------------------------------------------ 
Henta frå Masfjordboka, band II - 1978 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal