Vest-Norske tømmerkyrkjer frå 1600
talet
Forfatter: Arne Høyland
Publiseringsdato: 31.05.2006
På 1600-talet vart det bygd mange nye tømmerkyrkjer
her i landet. Desse kyrkjene avløyste dei gamle stavkyrkjene. Seinare
på 1800-talet vart 1600-talskyrkjene revne og det kom ein ny generasjon
med tømmerkyrkjer som då vart større og meir tidsmessige.
Men ikkje alle 1600- tals kyrkjene vart revne, så
enkelte eksemplar er framleis å finna rundt i landet. I Nordhordland
står det att ei kyrkje frå 1600- talet og det er Hamrekyrkja
på Osterøy. Elles finn me nokre få til i Hordaland og
fleire i Sogn og Fjordane. Eg har sett på ein del av desse og vil
her visa bilete eg har teke. Opplysningane om kyrkjene er henta frå
følgjande bøker:
NM : Norske Minnesmerker, bind 1, 2 og 3 (Midthordland
,Sunnhordland, Nordhordland)
NK = Norsk Kirkeleksikon. Våre kirker. Alf Henry
Rasmussen.1993
PKSF : På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - bind
1 og 2
Her kjem ei førebels liste over kyrkjer som vert
med i utstillinga:
Flåm kyrkje, Sogn
Hamre kyrkje, Osterøy
i Nordhordland
Vorland kyrkje, Bømlo
i Sunnhodland,
Holdhus kyrkje, Hålandsdalen
i Sunnhordland
Ålfoten kyrkje,
Nordfjord.
Gimmestad kyrkje,
Nordfjord
Vilnes kyrkje, Askvoll
i Sunnfjord
Hestad kapell, Gaular
i Sunnfjord |