Takle
kraftverk
Tekst og foto: Scandion
Det første Takle kraftverk blei sett i drift i
1943 - i det som fram til 1964 var Brekke kommune. I 1993 blei kraftverket
stengt av sikkerheitsgrunnar, blant anna var det store lekkasjer på
røyrgata frå Taklevatnet. I starten gav kraftverket berre
straum til dei innbyggjarane i Brekke kommune som hadde tinga seg kraft
, men etterkvart som linjenettet vart utbygd kunne anlegget levere straum
til bygder også i Gulen kommune.
Olsokdagen 1944 var det ljosfest på Oppdalsøyra
med styremøte og rjomegraut. Då vart linjebrytaren i Takle
slegen inn, slik at dei i heimane i Austgulen og Oppdalsøyra kunne
setje dei tomme oljelampane på loftet. Kjellevold krins fekk også
lys til jul same året.
"15. januar 1945 kunne ein også slå brytarane
inn for Eivindvik og Nordgulen. Med dette var straumsalet i Gulen og Brekke
så pass stort at bankane var trygge for pengane dei hadde lånt
ut. Gulen Kraftlag hadde då bygd 19 km. høgspentlinje og 41
km. lågspentlinje. Det var ved utgangen av 1945 tilknytt 230 abonentar
som hadde tinga 275 KW. Innkoma var i 1945 kr. 28.584,-".
"I åra etter blei det bygd linje også til
ytre Gulen - men seinhaustes 1950 var spenninga på lågspentnetta
i Gulen vorten så elendig at krafta var nærmast utenleg både
til lys og koking. Målingar synte at spenninga hjå brukar jamt
over låg på 180 volt i tida 15. oktober til 31. desember 1950.
Dei fleste abonnentane hadde straumen på «vippe-tariff».
Dette var ein vanleg måte å selje straum på den tid.
Dermed sikra ein laget ei fast innkome slik at bankar og andre kravsmenn
kunne kjenne seg trygge. Men avdi abonnentane måtte betale det same
anten dei brukte lite eller mykje straum, var ein slik tariff utenleg når
ein hadde forlite kraft og selje. Det vart difor vedteke på årsmøtet
i 1951 at ein skulle gå over til å selje straumen på
målar-tariff". Meir om dette og opptakten til Takle kraftverk
kan du lese i artikkelen "L/L Gulen Kraftlag
gjennom 25 år"
25. februar 2000 overtok BKK kraftverket som så
vart utvida og opprusta.
Fakta om Takle kraftverk
Nedslagsfelt - 3,2 km2
Tilsig - 11,9 mill. m3
Fallhøgde - 225 m
Ytelse - 1.0 MW
Turbin - 1 stk. francis
Midl. årsproduksjon - 5,6 GWh
Eigd og drifta av Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap
AS (BKK).
Kjelde:
bkk.no
"L/L Gulen Kraftlag gjennom
25 år". Forfattar: H. H. Tveit og Johs. Norstein |